(StudentTorget.no):

Du sit heime og les til eksamen. Prøvar i alle fall. Med eitt ser du kor skitne vindauga dine eigentleg er. Fem minutt seinare står du der med vaskebøtta i handa og polerer vindauge. Lesinga får heller vente.

Mange studentar vil nok kjenne seg igjen i denne situasjonen. Sjølv den mest keisame aktivitet er meir morosam enn skulearbeidet du sit med. Leilegheita skin, og Facebook er runda. Fleire gongar. Dei fleste veit vel innerst inne at verken vindaugsvask, såpeseriar eller sosiale media hjelp oss så veldig langt på veg i skulearbeidet. Men korleis skal vi klare å motivere oss sjølve og konsentrere oss om å lese eit halvt kapittel til når Home and Away startar om åtte minutt?

 

Mange slit

Psykolog Hans-Petter Karstad jobbar ved Balderklinikken i Oslo. Der driv han blant anna med coaching og veiledning for studentar som slit med motivasjonsproblem, konsentrasjonsvanskar eller emosjonelle problem i løpet av studietida. Desse faktorane, i tillegg til alle freistingane og forstyrringane vi heile tida vert utsett for, fører til at mange slit med konsentrasjonsvanskar eller mangel på motivasjon.

- Eit stadig press frå familie eller andre rundt kan vere eit problem for enkelte, men mange slit også med stress eller andre emosjonelle problem utan å eigentleg vite om det sjølve, seier Karstad.

Dette kan påverke deg i både kvardagen og i studiearbeidet, men Karstad har nokre elementære tips som kan gjere det lettare å prioritere skule framfor anna når du verkeleg må.


 

Gjer studiet til ein jobb

- Se på det som en jobb: Gå på lesesalen eller biblioteket og les eller skriv der, er Karstad si absolutte anbefaling.

Her er færre forstyrrande element og ”freistingar” enn heime, og sjansen for at du startar å vaske vindauge her er vel betydeleg mindre. Dei fleste veit vel også at det er lettare å ta pausar når ein sit heime med fjernsynet og kaffimaskina i umiddelbar nærleik.

- Det må nemnast at enkelte ikkje har problem med å konsentrere seg om arbeid eller oppgåveskriving heime, for folk er veldig forskjellige. Men veit du at du slit med å konsentrere deg, er det openbert lurt å gjere skulearbeid ein annan stad, seier Karstad.

Han meiner at for mange er den beste staden å lese til eksamen sjølve rommet der ein skal ha prøva.  Då vil alle assosiasjonane du knytt til lokalet vere det du har lest her fram til eksamen.  Men det er jo ikkje lett å vite kvar eksamen skal halde stad, så ein lesesal eller eit bibliotek er ein god nummer to Når ein sit her er det viktig å  setje seg målsetjingar i løpet av dagen, og halde seg til desse.

- Set deg mål som til dømes å lese eit kapittel, eller skrive eit avsnitt i ei oppgåve før du tar ein belønningspause der du får lov til å sjekke Facebook eller gå ogkjøpe kaffi. Skal du berre lese er det lurt å la laptopen ligge heime, og sit du og skriv på datamaskina er det sjølvsagt lurt å la internett vere slått av, seier han.


 

Seks tips til betre konsentrasjon

 

✔ Dra på skulen eller biblioteket, ikkje sit heime.

✔ Skru av internett dersom du ikkje behøver det, eller legg igjen laptopen heime.

✔ Jobb intens i periodar og la pausar vere pausar.

✔ Kontakt ein veiledar, psykolog eller coach dersom du treng meir personlege råd.

✔ Finn ut kva som er viktig frå kvart kapittel.

✔ Set deg delmål og hald deg til dei.

 

 

Skil mellom ”jobb” og fritid

- Ein annan feil mange gjer er å ikkje skilje mellom sjølve studiane og fritida, seier Karstad, og legg til at dersom ein heile tida har bøkene liggande på stovebordet vil ein til stadigheit gå rundt med dårlig samvit for at ein ikkje les.

Ein må altså skilje mellom når ein faktisk er på ”jobb” og når ein har fri frå denne. Det er betre å sitje i fire timar på lesesalen og lese konsentrert, for deretter å ta fri resten av dagen, enn å tilbringe heile dagen på skulen for å lese litt innimellom. Konsentrer deg om ei oppgåve i ein satt periode, og når denne er over, legg vekk alt som har med skulen å gjere og ta fri resten av dagen. Jobbdagen er over.

- Å ta med bøkene på ferietur er for mange heller ikkje stor vits i, seier Karstad.

Du vil da truleg gå rundt med  konstant dårlig samvit dersom du ikkje les. Skal du først ha med bøkene på tur bør du i så fall setje av ei fast tid der du faktisk les, og så legg du bøkene heilt vekk alle andre tider på døgnet og kallar ein ferie for ein ferie.

LES OGSÅ: Muntlig eksamen: Dette har du rett på

 

Gjer studiet interessant!

Karstad poengterer at det ikkje alltid handlar berre om prioritering og plassering. Er ikkje pensum interessant, kan det vere eit slit å kome gjennom same kvar ein befinn seg og korleis ein prioriterer dagen. Då må ein på eigenhand prøve å gjere studiet meir interessant. Skal ein starte på ei bok eller eit kapittel, er ikkje alltid det luraste å lese frå A til Å for å så seie seg ferdig med kapitlet. For mange kan det vere lurt å til dømes lese gjennom samandraget på eit kapittel før ein les sjølve kapitlet.

Noter deg kva det handlar om, og spør deg sjølv kva du har lyst å vite meir om i dette kapitlet.

- Kva kan du få bruk for av det du les no i ein framtidig jobb? Kan noko av det som står i samandraget koplast opp mot saker i samfunnet i dag, eller førelesingar du har tatt del i? Vit kva du har lyst til å lære før du les, då vil det vere mykje meir interessant å lese det faktiske kapitlet, og du får kanskje svar på ein del av det du lurar på i same slengen, meiner Karstad.


 

Eg får det framleis ikkje til?

Det høyres så lett ut når han seier det slik. Å berre gå på lesesalen og skru av internettet, og skrive spørsmål til teksten, så ordnar det seg. Men sjølv om du har prøvd alle desse grepa og verkeleg konsentrert deg om å lykkast, er det ikkje like lett for alle.

Karstad peker på korleis mange har emosjonelle problem i form av angst, stress og depresjon utan å vite om det sjølve. Mangel på motivasjon for studiet er også eit problem hos mange, og er dette tilfelle , kan det vere lurt å revurdere om det faktisk er dette studiet som er meint for deg.

- Mange vel feil studie fordi dei ikkje veit kva dei eigentleg har lyst til når dei søkjer, men held fram fordi dei føler det blir dumt å starte på nytt. Andre opplever press frå foreldre eller folk rundt ein om å kanskje studere noko ein i grunn ikkje vil, seier han.

Merkar ein allereie etter kort tid at ein ikkje interesserer seg for det ein driv med må ein altså for all del revurdere det, sjølv om dette kan vere hardt å svelgje. Det handlar trass alt om ditt liv, og det er absolutt inga skam å snu. Er du komen langt i studiet ditt, og berre har eit år igjen av mastergrada eller bachelorstudiet, kan det likevel ofte vere positivt å prøve å fullføre graden. Om ikkje anna for din eigen del.

- Å gjennomføre er ein verdi i seg sjølv, og det vil ikkje seie at det er dette du skal gjere resten av livet. Mange arbeidsplassar ser ikkje etter kva bachelorgrad du har eingong, kun om du har ein, avsluttar Karstad.