(StudentTorget.no):

1) Mellomrom ved skiljeteikn.

Det skal ikkje vere mellomrom framfor punktum, komma, utropsteikn, spørjeteikn, kolon og semikolon. Merk at det skal vere berre eitt mellomrom etter eit punktum som avsluttar ei setning.

Det var ein gong tre prinsesser som budde i eit slott. Ein dag fekk dei besøk av ein prins. God dag! sa han. Du er vel trøytt, så du vil kvile? sa den eine prinsessa. Han sa: Det er vel så, det. Når ein bryt av ei framstilling med tre punktum, skal det vere eit mellomrom før dei tre punktuma dersom eit ord er utelate.

Viss du ikkje er snill, så ... Er det meininga å gjere det slik, eller ...?

Når bokstavar er utelatne, skal det ikkje vere mellomrom før det første punktumet.

Svarte f...!

 

2) Mellomrom ved tankestrek

Det skal ikkje vere mellomrom føre og etter tankestrekar som viser tidsrom, avstandar, relasjonar eller andre motpolar

1. mai–10. september, sytti–åtti personar, opningstid: 9–19, vegen Lillehammer–Trondheim, forholdet Clinton–Jeltsin, kampen Noreg–Sverige.


Det skal vere mellomrom føre (og etter) ein tankestrek ved innskot og i liknande funksjonar

Han har – sant å seie – ikkje lenge att.

Når tankestreken blir brukt som replikkstrek, skal det vere mellomrom etter tankestreken.

Då sa bukken:

– Det er den minste bukken Bruse som skal til seters og gjere seg feit.

 

3) Mellomrom ved store tal

Store tal skal ein gruppere i tre og tre siffer rekna frå desimalkommaet: 3 562 987 675,456 90

Tal på fire siffer kan også skrivast i eitt utan mellomrom

4 200 eller 4200

 

4) Mellomrom ved rekneteikn

Det skal vere mellomrom før og etter plussteikn, minusteikn, deleteikn, gangeteikn og likskapsteikn.

LES OGSÅ: SKRIVEREGLER: APOSTROF

2 + 2 = 4

Det skal ikkje vere mellomrom når pluss og minus viser positive og negative tal.

3 – 4 = –1

Det same gjeld ved grader.

+5 °C, –5 °C

Når ein nemner plussgrader, kan plussteiknet sløyfast.

5 °C eller +5 °C

 

5) Mellomrom ved tal og forkorta nemningar


Det skal vere mellomrom mellom tal og (forkorta) nemningar anten nemninga står framfor talet eller etter det.

10 kr, 5,68 kg, 25 l, 5 m, 10 min

Også ikkje-bokstavteikn kan vere nemningar.

§ 10, 10 %, +5 °C, $ 10

Ikkje mellomrom ved nemningar for vinkelgrad, minutt eller fot, sekund eller tomme.

N 62° 15' 31", ein vinkel på 180°

Merk:

5° (= 5 grader celsius), men 5 °C

LES OGSÅ: Rettskrivning: Her er de vanligste skrivefeilene

 

Kilde: Norsk Språkråd