(StudentTorget.no):

Navn: Sindre Steen Eikeland
 
Alder: 22 år
 
Utdanning: Mechanical & Electrical Engineering
 
Studiested: Robert Gordon University (RGU) i Aberdeen, Skottland
 
 
Hvordan kom du fram til at det var til Aberdeen du ville dra? 
 
Eg kunne tenkt meg ein jobb der eg gjerne kan få lov til å reise utanfor Norge, så å få litt erfaring frå studietida mi i utlandet både trur og håpar eg vil hjelpe meg mot ein slik jobb. Eg får jobba med engelsken min på ein utruleg effektiv måte. Samtidig er det no eg har sjansen til å reise utanlands og møte folk frå resten av verda. Heim er dessutan berre 500 kr og 1 time med fly unna, så det er fint mulig å reise heim på korte turar om det skulle vere nødvendig.
 

LES OGSÅ: Komplett guide til utdanning i Storbritannia


Bygget hvor ingeniørstudentene ved Robert Gordon University holder til.

Stonehaven, som ligger ca. 20 minutter utenfor Aberdeen med tog. 

Hva er den største forskjellen på å studere i Skottland og i Norge?
 
I Skottland har vi forelesningar og «tutorials». «Tutorials» er kort forklart arbeidstimar der vi er delt opp i mindre grupper. Dette er utruleg nyttig då det er enkelt å få hjelp frå forelesaren eller diskutere med andre studentar. Det å bruke engelsk daglig er jo sjølvsagt ganske spesielt, og det er ofte vanskeleg å finne orda på norsk når eg reiser heim i ferien. 
 
 
Hvordan er en vanlig dag i Aberdeen?
 
Personleg likar eg å reise på treningssenteret ved universitetet på morgonen og ta ei økt før undervisninga startar. Mellom forelesningane kan ein gjerne gå på ein av caféane eller mat-standane på universitetet for lunsj. Etter endt dag er biblioteket fint om det er mykje arbeid. Utanom dette er det parkar som er fine til joggeturar på kveldstid, godt filmutvalg på kinoar med greie studentprisar eller eit veldig bra uteliv frå mandag til søndag.
 
 
Hvordan er studentmiljøet der?
 
RGU har eit godt og variert studentmiljø. Der finst mange «societies» som samlar folk som delar samme interesse. Det blir gjerne arrangert «pub crawls», bowling, quiz, utflukt til for eksempel Loch Ness eller Edinburgh og mykje anna. I tillegg er det tilbud om alt mulig av sportsaktivitetar, mykje som eg aldri har hørt om før ein gong. 
 
 
Hvordan var søknadsprosessen?
 
Søknadsprosessen krevde litt arbeid, men var ikkje så altfor utfordrande. Søknaden gjekk gjennom UCAS, og ein må skrive eit motivasjonsbrev som gjerne er det som har den største innflytelsen på søknaden. Sjølv måtte eg gjennom ein språktest sidan eg ikkje var veldig språkinteressert på vidaregåande, men denne testen gjekk overraskandes bra så det var ingen problem å komme inn på alle ønska mine.
Er det noe du synes er negativt eller utfordrende med å studere i Aberdeen?

Fra en aktivitetsuke der ingeniørstudentene bygde en ROV. 

 
Av og til kan ein savne fjellturar i helga eller norsk mat, men Skottland er ikkje ekstremt ulikt Norge, så dei store utfordringane uteblir. Samtidig går det an å irritere seg over at dei køyrer på feil side av vegen, ikkje stoppar for fotgjengarar eller at det ikkje finst ost som passar til ostehøvelen. 
 
 
Fortell litt om studiet og undervisningen?
 
Ingeniørstudiet ved RGU er både praktisk og teoretisk. I tillegg til den vanlege undervisninga har vi lab eksperiment, arbeidstimar og ei aktivitetsveke, og det å få prøvd ut teorien frå forelesningane er spesielt nyttig. Som nevnt er det spesielt nyttig med «tutorials» om det er noko frå ei forelesning som var litt uklart eller om ei arbeidsoppgåve er i overkant utfordrande. 
 
 
Hvordan er prisnivået og leieprisene der?
 
Alt er nok billegare enn i Norge, utan at det skal så mykje til. Det gjeld mat, drikke, underholdning og leige av leilighet, sjølv om leiga nok ikkje er så veldig mykje billegare enn i Norge. Lånet og stipendet frå Lånekassen strekker til så lenge du unngår å gå ut på middag kvar dag, og det er nok ikkje mykje å klage på.
 
 
Hva gjør du når du ikke er på skolen?
 
Utanom skulen pleier eg å trene, enten på treningsstudio eller joggetur. I tillegg er eg med på eit ROV-lag der vi bygger ein ROV i håp om å få delta på ein konkurranse i USA i 2016. Ellers blir det gjerne ein tur på byen, kino eller eit av arrangementa arrangert av eit «society». I enkelte helger er det gjerne lengre turar utanfor Aberdeen, alt frå dagstur til turar over fleire dagar.
 
 
Vil du anbefale andre å studere ved din skole, og har du noen tips til nye studenter?
 
Ja, det vil eg. Blandinga av praktisk og teoretisk undervisning har eg opplevd som både lærerikt og gøy, og denne praktiske innsikta er noko eg verkeleg savna på vidaregåande. Samtidig er det ein godt utstyrt og moderne skule der det er lett å komme i kontakt med forelesarane. Til nye studentar vil eg anbefale å vere aktiv og delta i «societies», det gjer studietida mykje gøyare og spennande.
 

LES OGSÅ: 10 ting du bør oppleve i Storbritannia

Klikk her for å se alle skoler og studier i Storbritannia

Studenttilbud fra LensWay.

Lensway gir 15 % studentrabatt på alle linser og solbrillerI tillegg får du nå også solbrille fra det trendy merket Norr med på kjøpet (verdi 495,-) dersom du handler linser for minst 750 kroner. 

Les mer og handle her


Sjekk også ut disse studentrabattene:


- 8-10 % rabatt på Mac
- 15 % rabatt i butikk hos Vero Moda, se oversikt butikker
- Få Dagbladet pluss i 12 måneder for 1 krone uten noen forpliktelser
- IF Skadeforsikring - Norges billigste forsikring for studenter 18-25 år
- Norges billigste mobilabonnement for 3GB og 10GB
- Nelly.com gir 10 % rabatt
- Zalando.no gir 10 % rabatt
- Proteinfabrikken gir 15 % rabatt
- Nytelse.no gir 20 % rabatt
- Junkyard.no gir 10 % rabatt (gjelder også nedsatte varer)
- Les DN digitalt i fire uker for 1 krone
- Dustin Home hjemmeelektronikk med egne studentpriser