Ein copywriter er, kort sagt, ein tekstforfattar som er knytt til reklamebransjen. Du kjenner gjerne typen frå AMC-serien Mad Men, som foregår i New York på byrjinga av 60-talet.

 

Copywriting på nett

Det finst ulike måtar å gå fram om du vil bli tekstforfattar.

Nytt av i år, er at du kan studere copywriting på nett. NKI Nettstudier tilbyr eit nettbasert kurs i samarbeid med Berghs School of Communication i Stockholm, som er ein anerkjent kommunikasjonsskule.

Kristiina Müllersdorf, ansvarleg for distansekurs på BSoC, fortel at dei har opplevd to hovudtypar av søkjarar til kurset: Dei som siktar seg direkte inn på ei karriere som tekstforfattarar, og dei som allereie arbeider innan marknadsføring og reklame og ønsker å utvide sin kompetanse på feltet.

 

Effektiv kommunikasjon

Tekstforfattaren si viktigaste oppgåve er å skrive gode reklametekstar for å gje mottakaren lyst til å kjøpe eit produkt eller ei teneste.

Ein tekstforfattar kan også ha som oppgåve å arbeide med kommunikasjon innad og utad i ei bedrift. Om du ønsker å kunne overbevise og bli høyrd, er det viktig at du er interessert i språk.

Effektiv kommunikasjon fordrar god bruk av språket, og dette er ei av ferdigheitene ein skal kunne lære i løpet av dei 15 kursvekene ved NKI/BSoC. Ein er også innom emne som språk, retorikk, marknadskommunikasjon, bransjeorientering og prosjektskildringar.

Den kreative utfordringa til tekstforfattaren ligg ofte i å formidle ein allereie kjend bodskap på ein ny og fengande måte, samstundes som han forblir lettforståeleg.


 

Passion for formidling

Per-Christian Stenberg er tekstforfattar ved Creuna Norge AS, og blant dei som har fått fotfeste i bransjen utan formell utdanning eller bakgrunn innan reklame.

Å bli tekstforfattar innan reklame er ein av dei yrkestitlane ein framleis kan få som sjølvlært, fortel han.

Sjølv arbeidde han som musikar fram til han var 30, men den økonomiske situasjonen gjorde det etter kvart naudsynt å byte beitemark.

Eg har alltid vore opptatt av språk, skriving, historier og formidling, fortel han vidare.

For den tidlegare musikaren, verka reklame difor som ein spennande arena. Han laga ei historie og ei mappe, og fekk til sist jobb på bakgrunn av dette.

Han understrekar likevel at det er nyttig å ha ei god utdanning i botn. Han nemner Westerdals School of Communication i Oslo som eit perfekt utgangspunkt:

– I tillegg til sjølve utdanninga, kan ein knyte kontakter blant medstudentar - som ein gjerne møter att i seinare yrkessamanheng - og få konkret yrkeserfaring i forhold til praksisplassar hjå ulike byrå.

Eg trur likevel det må ligge ein oppriktig "passion" for å skrive og formidle i botn, slår Stenberg fast.


 

Sårbar bransje

Kristiina Müllersdorf ved BSoC meiner at arbeidsmarknaden for tekstforfattarar stort sett er god, og at dagens arbeidsgjevarar innan marknadsføring gjerne krevjer grunnleggjande evner innan tekstproduksjon for alle ansatte.

Per-Christian Stenberg erfarer derimot at reklamebransjen er utsett og sårbar, med omsyn til kutt i marknadsbudsjett i nedgangstider.

– Elles skiftar jo klimaet frå år til år, og somme gonger frå dag til dag, så det er vanskeleg å seie noko konkret om notida. Akkurat no, går det tilsynelatande veldig bra.

 

Viktig med arbeidsmappe

Tekstforfattarar vert ofte ansatt på bakgrunn av tidlegare arbeidsprøver, men det er ikkje nødvendigvis berre reklameerfaring som er relevant. Det finst tekstforfattarar innan fleire sjangrar, og som arbeider på tvers av sjangrane: Dialogmarknadsføring (CRM), business-to-business, massekommunikasjon og så vidare.

Per-Christian Stenberg fortel at tekstforfattarane hjå Creuna arbeider med eit breidt spekter av oppgåver:

– Vi har tekstforfattarar som arbeider i team og lagar tradisjonelle reklamekampanjer, andre som skriv innhald til nettstader og sosiale medium, og igjen nokon som skriv årsrapportar og meir "corporate-retta" kampanjer.

Atter andre tekstforfattarar arbeider innanfor TV, radio, avis og film.

Eit ønske om å formidle kan altså føre den ambisiøse i mange retninga.