(StudentTorget.no):

Navn: Marita Solheim
Alder:
23
Fra:
Jølster
Studerer:
Journalistikk
Studiested:
Høgskulen i Volda/Griffith College Dublin

Hvordan kom du frem til at det var til Dublin/Irland du ville dra?

Eg visste at eg kom til å få mange flotte naturopplevingar rundt om i Irland. Eg set også pris på den irske kulturen med vakker musikk og tradisjonell dans. Eg har aldri budd i by før og ville oppleve ein størst mogleg kontrast til Volda, men samtidig ha tilgang på flott natur. Dublin er ein flott by, men det er også mykje å oppleve utanfor byen. Det tar ikkje lang tid å reise i Irland. Frå Dublin ved austkysten til Cliffs of Moher ved vestkysten tar det kun tre og ein halv time med bil/buss.

Hva er den største forskjellen på å studere i Irland og i Norge?

Det er langt fleire fridagar. Vi har noko som heiter Bank Holiday og skulen stenger utan å nøle dersom det er ekstremvêr. 16.oktober herja stormen Ophelia og alle skular og offentleg transport var stengd. Dessuten har lærarane eit veldig rart forhold til klokka. Dei kjem som regel femten minutt for seint til kvar time. Om nokon seier at noko startar kl. 12 «Irish Time», betyr det altså kvart over 12. Det er også mange emner som føregår på ettermiddagane.

Les også: Studere i utlandet? Dette må du tenke på før du reiser!

Fortell litt om studiet og undervisningen?

Høgskulen i Volda lar oss velje fritt mellom studieprogramma som er relevante for journaliststudentar. Vi sender inn ei førehandsgodkjenning. Eg har emnene «Online Journalism», «Creative Writing», «Conflict Reporting» og «Understanding Audiences: Media Marketing».Undervisninga føregår på engelsk og førelesarane er svært dyktige. Det er internasjonale studentar i alle klassane. Mange av lærarane er svært engasjerte og legg vekt på at vi skal prate mykje engelsk med kvarandre i timen. Arbeidsmengda er mindre enn ved Høgskulen i Volda, og det er ikkje eksamen i alle fag. Vi har omlag fire oppgåver i kvart emne av ulikt omfang som vi skal levere i løpet av semesteret.

Hvordan er en vanlig studiedag for deg?

Vanlegvis startar eg seint på dagen. Det tidlegaste eg startar er 09.30. Som regel varer ei førelesing i halvannan time. Eg har fri kvar tysdag, og stort sett berre ei førelesing om dagen. Det er mykje tid til sjølvstudie, med andre ord. Ein må vere strukturert.

Er det noe du synes er utfordrende ved å studere i Irland?

Det er mykje som fristar i Dublin. Ein må likevel prioritere skule. Eg bur på campus, så det kan vere vanskeleg å sette seg ned å studere i ro og fred. Det er alltid mykje støy og ein vil sjølvsagt vere sosial så ofte ein kan.

Les også: Her får du tilleggsstipend som utenlandsstudent

Hvordan er prisnivået og leieprisene der du studerer?

Eg betalar 3000 euro for eitt semester (september-januar) og deler rom med ei anna. Det er generelt dyrt å bu i Dublin, og svært vanskeleg å finne ein plass å bu som ligg i grei avstand til skulen. For eitt semester er det heilt greitt å bu på campus. Hovudsakleg på grunn av det sosiale. Om eg skulle vore her lenger, ville eg prøvd å finne noko anna.

Hva gjør du når du ikke er på skolen?

Går på sightseeing i byen, shopping eller konsertar. I helgene reiser vi ofte på tur med ulike selskap som arrangerer turar for turistar. Eg har mellom anna besøkt Cliffs of Moher, The Dark Hedges, The Giant’s Causeway og Belfast. Naturen er spektakulær!

Hvordan er studentmiljøet der?

Det er veldig godt studentmiljø. Det er lett å bli kjent med nye folk. Dei fleste studentane  er frå Tyskland og Frankrike. Det er også mange frå USA og Asia. Erfaringa er at dei nasjonalitetane som er minst stødige i engelsk held seg mest for seg sjølv, men generelt er det lett å få nye vennar her. Griffith SU (Students Union) arrangerer mykje kjekt for studentane. Dei har aktivitetar som yoga og beerpong i tillegg til at dei arrangerar turar. På den eine turen besøkte vi Bunratty Castle og var på «medieval banquet» der. God underhaldning og god mat! Vi fekk også svært billeg hotellovernatting på denne turen. Griffith SU legg opp til at økonomien ikkje skal komme i vegen for oss, og gjev oss veldig gode rabattar.

Les også: Sjekkliste for utenlandsstudenter

Vil du anbefale andre å studere ved din skole, og har du eventuelt noen tips til nye studenter?

Ja, eg vil anbefale andre å studere ved Griffith College. Det er enkelt å komme seg til sentrum med buss eller å gå i 25 minutt. Det er kort veg til matbutikkane Spar og Tesco. Lidl er heller ikkje så langt unna. Her er eit godt fagmiljø med både engasjerte lærarar og studentar. Du får god oppfølging av skulen dersom du slit med heimlengsel, psykiske problem eller faga generelt. Lærarane ser kvar enkelt elev og mange av dei gjev detaljerte tilbakemeldingar på innleveringar. Du får god rettleiing, men blir likevel flink til å jobbe sjølvstendig. I faget «Online Journalism» har læraren (Stephen O´Leary) sagt at dersom han ser potensiale hos nokon vil han gjerne tilsette dei i bedrifta si «Olytico» (analyse av sosiale medium). Undervisninga er veldig retta mot det verkelege arbeidslivet.