(StudentTorget.no):

Navn: Pernille Fjørtoft Grøsvik
Alder: 23
Hjemsted: Vaksdal
Studie: Sammenlignende politikk ved Pontificia Universidad Católica de Chile, på utveksling fra Universitetet i Bergen.

Hvordan kom du frem til at det var til Santiago/Chile du ville dra?

Eg bestemte meg for at eg hadde lyst til eit latinamerikansk land, og etter å ha undersøkt moglegheitene og alternativa UiB tilbydde, fall valet til slutt på Chile. Etter fem år med spansk på videregåande attåt eit knippe turer til Latin-Amerika tidlegare, ønskte eg å lære meg spansk. På Universitetet i Bergen studerer eg samanliknande politikk, og Chile er eit døme som ofte vert nytta i relevant akademia når det er snakk om nyliberalisme. I tillegg til det, er Chiles historie veldig interessant: Kuppet i 1973, Salvador Allende, Pinochet, politikken og dagens chilenske samfunn som eit resultat av det.

Hva er den største forskjellen på å studere i Chile og i Norge?

For det fyrste er høgare utdanning frykteleg dyrt i Chile. Alle mine medstudentar betaler ei lita formue for å utdanne seg, noko som i Noreg tidvis tar for gitt. Det har eg tenkt litt over. Det er ofte streikar og demonstrasjonar mot dei høge prisane for høgare utdanning. Chile har fleire ulike universitet, og alt frå forelesingsstil til studentmasse varierer mykje meir mellom universiteta, enn kva det gjer i Noreg. Eg studerer på Pontificia Universidad Católica de Chile, eit konservativt universitet med kapell på kvart campus.

Fortell litt om studiet og undervisningen?

På Pontificia Universidad Católica de Chile studerer eg samanliknande politikk, men eg tek fag på ulike fakultet. Då det er utveksling frå UiB, har eg frie studiepoeng og kan ta kva fag eg vil. For å få utvekslingssemesteret godkjent av Lånekassen må du ta femti kreditos her, som for meg utgjer fem fag, sidan så og seie alle fag er på ti kreditos kvar. Arbeidsmengda er stor. Kvart fag har omtrent to prøver, gjerne ein presentasjon, eit essay, og eksamen. Det er med andre ord ein kontinuerleg vurdering kor kvar evaluering, til dømes ein prøve, tel 20 prosent for den endelege karrakteren. Karakterskalaen går frå null til sju, kor alt over fire er bestått.

Pontificia Universidad Católica i Santiago

FOTO: Privat.

Undervisinga er også lagt opp på ein annan måte enn i Noreg. Det er som regel to forelesingar i veka i kvart fag, og forelesingsstilen ber mykje meir preg av interaksjon mellom professoren og studentane. Det vert heile tida stilt spørsmål til salen, og det vert notert kven som deltar aktivt munnleg (dette tel også med som del av vurderinga i faget). Det kan også forekome gruppearbeid i løpet av forelesingane.

Hvordan er en vanlig studiedag for deg?

Ein vanleg studiedag for meg byrjar med metro til universitetet, det tek meg cirka 40 minutt å kome meg dit og campus ligg rett utanfor sentrum. Eg har så to forelesingar fram til lunsj, som er klokka 13, og eit par timar til neste forelesing, då eg vanlegvis går på biblioteket og les. Universitetsområdet eg har mine forelesingar på, Campus San Joaquin, er eit kjempestort område full av parker, kaféar, bibliotek, seminarrom og forelesingssalar. Det er også ei stor fotballbane og svømmebasseng på campus.

Er det noe du synes er utfordrende ved å studere i Chile?

Det er mykje som er nytt med å bu i eit land så langt frå Noreg, både geografisk og kulturelt sett. Det er derfor viktig å vere open og nysgjerrig, og ikkje forvente at alt skal vere som heime. For meg er språket utfordrande, men eg bur saman med chilenarar og merker forbetring for kvar veke som går. Ikkje gå i den fella det er å berre snakke engelsk og vere saman med andre utvekslingsstudentar. Då er det vanskelegare å meistre språket, og å henge med på den akademiske spansken som vert nytta i samtlige forelesingar.

Hvordan er prisnivået og leieprisene der du studerer?

Prisnivået i Chile er høgt for å vere i Latin-Amerika. Det er framleis lågare enn i Noreg, men fleire utvekslingsstudentar frå Tyskland og Frankrike kan fortelje at prisane er omtrent tilsvarande det som er vanleg i heimlandet deira. Eg opplever at prisene – avhengig av vare – er cirka halvparten av kva vara ville kosta i Noreg.
Leigeprisen varierer frå bydel til bydel, men vil du bu i kollektiv i dei populære områda for studenter, med nærleik til metro, må du rekne med å betale 200.000 – 280.000 pesos i månaden. Det tilsvarer 2600-3600 NOK.

Hva gjør du når du ikke er på skolen?

Tida eg ikkje er på skulen nyttar eg ofte i min nærmaste park, ein kort spasertur frå kollektivet mitt. Santiago er full av grøne lunger og har mange turmoglegheiter på dei omkringliggjande fjella. Det er også flust av kulturtilbod å velje mellom. Alt frå konsertar, teater og kino, og mykje er fagleg relevant, i tillegg til å vere underhaldande.

Santiago er en storby med mange grønne lunger.

FOTO: Illustrasjon.

Hvordan er studentmiljøet der?

Studentmiljøet er veldig godt, campus er gjerne ein stad ein oppheld seg heile dagen, og det er alltid noko kjekt å finne på. Stemninga er avslappa, og chilenarar er veldig vennlege og opne, så det er lett å kome i kontakt med lokale studentar. Det er også god kontakt mellom professor og studentane, og har du spørsmål eller er usikker i eit fag, er det enkelt å kome i kontakt med rett person og få rettleiing.

Vil du anbefale andre å studere ved din skole, og har du eventuelt noen tips til nye studenter? 

Dersom du ønskjer å reise på utveksling til Chile, vil eg absolutt tilråde deg å ta 4 vekers språkkurs fyrst. Spansken er annleis, det er mange idiom og slang det kan vere greitt å venne seg til å høyre. Med tanke på universitetet mitt Pontificia Universidad Católica de Chile, så kan eg absolutt tilråde det. Det finst ein organisasjon (La Comisión de Acogida UC) som rettleier utvekslingsstudenter, arrangerer turer, utflukter og arrangement. Dei har kontor på mitt campus, og eg har fleire gonger fått god hjelp og tips frå denne organisasjonen. Eg vil for øvrig tilråde å forsøke å bu saman med chilenske studentar. Det er ein fin måte å verkeleg få innblikk i den chilenske kulturen på.