(Campus): 

Inspirert av beatkulturen og - litteraturen lagar Ingrid Bredholt og Patrik Rosenfors kleder som passar perfekt for det moderne reisande paret, i konstant rørsle som Mardou & Dean i Jack Kerouacs «På kjøret». Ikkje langt frå dei sjølve, som har budd og jobba i Praha, London, Milano og Oslo.

Hovudfokuset er på jeans, men merket skal bli utvida til ein fullstendig kolleksjon, fortel designarane, som har svært ulik bakgrunn. Bredholt studerte industriell design ved Istituto Marangoni i Milano, men lærte å sy av mor si som barn. Rosenfors studerte samfunnsøkonomi og medisin og har bakgrunn frå bank- og finansnæringa.

- Eg trur at vi med bakgrunnane våre skil oss ut frå mange andre designarar i Noreg. Heilt frå starten av var vi veldig fokusert på at vi ville lage noko som var salbart, seier han.

 

Gjorde alt sjølv

 

 

KOLLEKSJON:  Buksene til Ingrid Bredholt og Patrik Rosenfors blir designet i Norge og produsert i Italia.

 

Paret snakkar fort, nesten i munnen på kvarandre, i det nye butikklokalet i Oslo som dei pussar opp. Planen er å opne den første flaggskipbutikken for Mardou&Dean her i oktober. I tillegg skal det vere showroom (framvisningsrom for presse og innkjøparar, journ.merkn.) og kontor i bygget, som ligg rett bak fasjonable Bogstadveien. Merket har tatt store steg sidan oppstarten i 2006.


 

Det var på eit kjøkken i Praha, der Patrik studerte medisin, at vi bestemte oss for å satse på Mardou&Dean. Deretter flytta vi til London for nokre månader. I starten gjorde vi alt sjølv. Eg reiste til Italia og budde på fabrikkar i tre månader, for å halde auge med produksjonen og lære meg korleis det fungerte. Vi trykka på jeansmerke bak på buksene, vi sydde silkeposane som jeansa var pakka inn i, seier Bredholt.

- Kva drivkraft og naivitet vi må ha hatt, det er heilt utruleg. Og kanskje det er grunnen til at ein ikkje ser så mange starte opp eigne bedrifter når ein er eldre - ein manglar den naiviteten, seier ho.

Rosenfors nikkar:

- Hadde eg visst kor vanskeleg og mykje slit det ville vere i dag, trur eg ikkje at eg hadde gjort det. Men vi har lært utruleg mykje på vegen, seier han.

LES OGSÅ: 18 studentgründere får 1 million i støtte hver

 

Representert i motemetropolane
 

Det starta med 100 par jeans, 50 for dame og 50 for herre. Bredholt og Rosenfors gjekk rett inn på varehuset Steen & Strøm, la eit utval ferske jeans på disken og spurde om dei ville kjøpe dei inn. Innkjøparane likte det dei såg, og det gjorde også kundane. Snart var jeansa utselde og butikken ville ha meir.


 

Sidan har etterspørselen berre auka. I dag blir merket seld i store varehus som Harvey Nichols i London, samt rundt 50 butikkar i Noreg. I tillegg er merket representert i butikkar i New York og Italia. Dei får presseomtale av motegigantar som Vogue og Elle, og kjendisar som Nichole Richie poserer i designen deira.

- Det er tøff konkurranse på jeansmarknaden. Kvifor valde de akkurat jeans?

- Det er ein sjanger innan klede som eg kunne tenkje meg å jobbe med, heile jeanskulturen appellerte til meg. I tillegg er det ein umetta marknad, folk vil aldri slutte å bruke jeans, svarer Patrik Rosenfors.

LES OGSÅ: Gründerskolen - Fantastiske muligheter innen entreprenørskap

 

«Hadde eg visst kor vanskeleg og mykje slit det ville vere i dag, tror et ikkje at eg hadde gjort det»

LES OGSÅ: Unge entreprenørspirer

 

Klokkeklar idé

 MARDOU & DEAN:

 

✔ Klesmerke starta i 2006 av Ingrid Bredholt og Patrik Rosenfors.

✔ Starta med ein kolleksjon av jeans for dame og herre. No utvidar dei med full kolleksjon.

✔ Vann designprisen Nåløyet i 2010.

✔ Internasjonal omtale i Vogue og Elle.

✔ Kleda er designa i Noreg og produsert i Italia.

✔ Opnar sin første flaggskipbutikk i Oslo i oktober.



Her kan du sjekke ut designerduoens Facebookside



Passform og kvalitet er i fokus, og den smale skarpe silhuetten er blitt typisk for Mardou&Dean. Dei vil gje deg ei garderobe med unike skreddarsydde klede av kvalitetsstoff og -skinn, så vel som enkle kvardagskle som t-skjorter og jeans. Det var "klokkeklart" frå starten av kva merke dette skulle bli.

LES OGSÅ: INGRI:DAHL realiserte drømmen via Kickstarter

 

 

- Det er veldig viktig for suksessen at vi har skapt vår eigen klokkeklare idè av korleis merket skal vere. Det har hjelpt oss masse og gitt oss nye idear. Retningslinene er der, seier Ingrid Bredholt.

I dag er det tre fulltidsstillingar i selskapet, samt salsagentar og tilsette på konsulentbasis rundt om i verda. Bredholt og Rosenfors står saman om det meste, men ansvarsfordelinga i Mardou&Dean er klar. Ho har ansvar for design og er den kreative drivkrafta. Han tar seg av merkevarebygging, sal og kommunikasjon.

- Vi går gjennom alle idear saman. Ut av 100 idear kjem vi kanskje fram til 30 som blir produsert, seier Rosenfors.

Sjølv om naiviteten hjalp dei dit dei er i dag, har paret bak Mardou&Dean dette rådet til unge designarar:

- Ta imot råd, men tør å hoppe i det!


 

 

Denne saken ble publisert i Campus nummer fire som kom ut i august.