(StudentTorget.no):
 
Somme av dykk får kanskje ein flau smak i munnen berre av å høyre ordet "psykolog" eller "psykiater". Openheita rundt psykiske plager og tilhøyrande helsehjelp er aukande, men det manglar framleis fleire skritt på vegen. Somme studentar vegrar seg kanskje for å søkje hjelp, medan andre berre ikkje veit kva tilbod som finst.

 

Treng ikkje henvisning

Når det kjem til psykisk helsehjelp, finst det ingen fasit. Om du kjenner behovet for nokon å snakke og rådføre deg med, kan du nå studentsamskipnaden sine tenester direkte gjennom å ringe eller oppsøke desse.

- Spesialisert hjelp får ein hjå psykolog eller psykiater, men for

 

EKSAMENSANGST: Marit Eskeland er leiar i studenthelsetenesta til SiO, og oppfordrar studentane til å arbeide med eksamensangst heile semesteret.
mange er det også til god hjelp å snakke med til dømes studierettleiar og fastlege, fortel Marit Eskeland, leiar i studenthelsetenesta til SiO.

Du treng inga henvisning for å kunne ta kontakt. SiO si psykiske helseteneste er studentvennleg og gratis om du går til time hjå psykolog, psykiater eller rådgjevar. Hjå fastlegane betalar du det samme som hjå alle andre legar. Om du har din fastlege hjå SiO, kan du søkje om refusjon for betalte konsultasjonar.

 

Du er ikkje åleine

Det er viktig å vere klår over at du ikkje er åleine om du kjenner på ubehag, stress og angst. Marit Eskeland har tal på at rundt rekna 1800 studentar oppsøker SiO sine psykologar og psykiatarar årleg.

Dei største diagnosegruppene er angst og depresjon, som utgjer 15 til 20 prosent av pasientmassa. Studierelaterte problem (eksempelvis eksamensangst) og samlivsproblem utgjer rundt 15 prosent. Meir generelle, kjenslemessige problem samt eteforstyrringar og psykosomatiske problemstillingar er også svært vanleg innanfor studenthelsetenesta.

Eskeland fortel at det til tider hender at psykologane og psykiatarane hjå SiO har fullteikna timebøker. Om du tek kontakt, men ikkje får ledig time, er det viktig å ikkje miste motet.

- Kontakt SiO att ved eit seinare høve, oppfordrar Eskeland.

 

LES OGSÅ: Slik unngår du jernteppe på eksamen

 

HER FÅR DU PSYKISK HELSEHJELP:

Studentsamskipnaden i Oslo sin helseteneste består av ein allmennmedisinsk seksjon, ein psykiatrisk/psykologisk seksjon, ei fysioterapiteneste og ei tannhelseteneste. Studenthelsetenesta har felles medisinsk-fagleg og koordinerande leiing, og ca. 52 ansatte. Her kan du få psykisk helsehjelp gjennom tilbod knytt til Blindern, BI Nydalen, Kjeller (HIOA) og Oslo sentrum (Wergelandsveien 27). Ulike typar fagpersonar er tilgjengelege for hjelp og rådgjevning.

Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har også eit gratis tilbod om psykisk helsehjelp for studentar. Studentenes Psykiske Helsetjeneste (SPH) ligg i tredje etasje på Studentsenteret. Her treng du heller ikkje henvisning frå lege for å ta kontakt. Ved individuell behandling vil tilbodet vere av kort varigheit, medan ein kan få høve til oppfølging over lengre tid ved behandling i gruppe.

Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT) kan tilby korttids samtaleterapi om du ønsker å snakke med ein nøytral person om det som plagar deg. Her er registreringssamtalen gratis, medan øvrig behandling kostar kr. 150,- for dei første fire samtalene, totalt kr. 600,- per år.

Eksamensangst

Eksamenstida som er under oppsegling er ein spesielt sårbar periode for mange. Tampen av semesteret er prega av høgt tempo og store arbeidsmengder. Ein kan kjenne seg både sliten og overvelda når det står på som verst, og det er viktig å ikkje presse seg sjølv så hardt at det går ut over eigen trivsel. Det er også viktig å hugse på at det finst hjelp å få om eksamensstresset vert for overveldande.

Marit Eskeland fortel at psykolog- og rådgjevartenesta periodevis merkar meir pågang fram mot eksamen, men at det ikkje finst eksakte tal på dette.

- Vi oppfordrar studentane til å arbeide med eksamensangst heile semesteret. Vi har mellom anna eit gruppetilbod for å bearbeide angsten som går over vel to månader.

Om du kvir deg for å gå i gruppebehandling, kan du også arbeide med eksamensangst i individuelle samtaler. Tema som vert tekne opp både i gruppe- og individuell behandling er til dømes arbeid med sjølvtillit, avspenning og meistring av eksamen på nye måtar.

 

Ver føre var

Eskeland kan fortelje at henvendingar om eksamensangst gjerne kjem for seint i løpet av semesteret. Ein får då ikkje nok tid til å ta tak i og arbeide med problemet.

- Det er også merkbart at henvendingar hjå fastlegane aukar mot og i eksamensperioden, seier Eskeland. Dette gjeld då legeerklæringar om tilretteleggjing ved eksamen osb.

Både akuttimar og timebestillingar er tilgjengeleg hjå SiO si psykiske studenthelseteneste. Tilbodet om akuttimar er midlertid avgrensa, så ver føre var om du trur du treng hjelp og rådgjevning. Det gjeld å vere ærleg med seg sjølv og bli kjend med signal frå både kropp og sinn, slik at ein ikkje kjem i fare for å brenne seg ut. Som foreldrene dine sikkert har fortalt deg, er det betre å ringe legen ein gong for mykje enn ein gong for lite. Hugs at også studentar treng fastlege.