TRAINEE-INTERVJU: Framtidsfylket

Navn: Bente Sønsthagen
Alder: 26 år
Trainee i: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Næringsavdelinga

 


Traineeplass: 
Framtidsfylket

Hva er din utdanningsbakgrunn?

Utdanna statsvitar med master i samanliknande politikk. Inkludert årsstudium i psykologi og fag innan sosialantropologi og fransk.

 

Fortell om hva har du jobbet med i din periode som trainee hos Framtidsfylket.

Eg har jobba ein del med informasjonsarbeid, med skriving av nyheiter til nettsida, pressemeldingar og liknande. Elles har eg jobba med generell sakshandsaming og utgreiingar  til politiske utval. Dette gjaldt særskilt fordelingar av midlar til ulike prosjekt innan regional utvikling.

Elles var det mykje prosjektarbeid, spesielt i forhold til ungdom og rekruttering. Eg har mellom anna delteke i prosjektgrupper som jobba med utforminga av eit rekrutteringsmagasin og ein film om fylket. Traineeane i Framtidsfylket  har i tillegg eit eige prosjekt dei skal gjennomføre, i år var dette planlegginga av ei nettverkssamling for alle traineear og traineeverksemder i fylket.

 

Hva er de største fordelene ved å starte karrieren som trainee?

Ein får gjerne meir allsidige arbeidsoppgåver enn det ein får som ein ”vanleg” tilsett, og får lært mykje om alle delar av organisasjonen. Dette gjer at ein får erfaring frå fleire område, samtidig som ein kan velje å ”spesialisere” seg eller fordjupe seg i særskilte arbeidsfelt. Som trainee i fylkeskommunen fekk eg også delta på mange lærerike kurs og konferansar, noko som gjorde at eg vart kjent med mange personar og fekk eit større nettverk .

 

Finnes det en mentorordning og et sosialt opplegg rundt traineedeltakerne?

Ja, kvar trainee har ein eigen mentor på arbeidsplassen. Mentoren kan fungere både som fagleg rettleiar og ein tillitsperson som ein kan bruke for å  ta opp problem eller utfordringar ein møter på arbeidsplassen.
Framtidsfylket arrangerer 4 traineesamlingar i løpet av året på ulike stader i fylket. Her er det fokus på personleg utvikling og nettverksbygging, mellom anna med bedriftsbesøk. I tillegg reiser traineeane på ein utenlandstur, i år var me i Brussel. I tillegg til det faglege på desse samlingane er det stort fokus på det sosiale – alle traineeane vert godt kjent og me får gjere mange morosame aktivitetar som til dømes ski og surfing.

 

Det er stor konkurranse om traineestillingene. Hva tror du gjorde at nettopp du fikk jobben?

Det var nok ei blanding av at eg hadde kompetanse som arbeidsgjevar ikkje hadde frå før, og at eg hadde klåre tankar om kva rolle ein trainee kunne ha i ein organisasjon som fylkeskommunen, og kva eg personleg kunne tilføre av kunnskap og ”nye tankar”. I tillegg viste eg mykje engasjement og interesse for jobben, noko som eg trur er veldig viktig for å skilje seg ut blant søkjarane.

 

Har du noen tips til studenter som ønsker å bli trainee hos Framtidsfylket?

Det gjeld dei same råda her som når ein søker på andre jobbar, ein må vise interesse og kunnskap om jobben ein søkjer, og ein må framheve det du har både av kompetanse og personlege eigenskapar som kan skilje deg ut frå andre søkjarar. Samtidig kan det lønne seg å vise engasjement og forståing for hovudmålet til Framtidsfylket, som først og fremst er å rekruttere og behalde dyktig ungdom til Sogn og Fjordane.

 

Hvor går veien videre etter endt traineeprogram?

Framtida er umogeleg å spå, og det er mange forskjellige vegar ein kan ta etter at traineeåret er ferdig. Det som vertfall er sikkert er at du lærer utruleg mykje gjennom traineeprogrammet til Framtidsfylket, både av konkrete arbeidsoppgåver og om deg sjølv som person. I tillegg har ein opparbeida seg eit stort nettverk, og alt dette gjer at ein vil stille sterkare på arbeidsmarknaden etter å ha vore trainee eit år.