(StudentTorget.no):

Navn: Stine Solvoll Navarsete
Alder: 25 år
Utdanning: Spansk og Latinamerikastudier 
Studiested: Leon - Kulturstudier, Nicaragua
 

Hvordan kom du fram til at du ville studere i Nicaragua?

Eg har alltid vore svært glad i å reise og etter å ha fullført ein bachelorgrad i Internasjonale miljø- og utviklingsstudier ved UMB på Ås, hadde eg lyst til å oppleve noko nytt.
 
Det siste året mitt på Ås studerte eg spansk på nybyrjarnivå og hadde veldig lyst til å lære meg meir av dette fantastiske språket. Eg hadde aldri reist i Latin Amerika før, så da eg såg at det var mulig å studere spansk i Nicaragua gjennom Kulturstudier vart dette eit enkelt val.  
 

Kan du fortelle litt om studiet og undervisningen? 


UTSIKTEN FRA KLASSEROMMET: Du trenger ikke å gå langt ut fra skolens område for å besøke lange, hvite strender.
Eg studerte spansk nivå 1, som er eit steg vidare frå spansken på vidaregåande skule. Samtidig tok eg også faget latinamerikastudier.
 
Spanskundervisninga var delt inn i ein grammatikkdel og ein seminardel. I grammatikkdelen føregjekk alt på norsk og vi fekk ein grundig innføring i alt ein treng å vite om spansk grammatikk. I seminardelen vart vi delt inn i små grupper på 4-5 personar der vi hadde vår eigen seminarlærar frå Nicaragua.
 
All undervisning i seminargruppene var på spansk noko som førte til ei svært bratt læringskurve. 
I faget latinamerikastudier lærte vi om alt frå historie, politikk, samfunnsutvikling og religion i både Nicaragua og Latin Amerika generelt. Dette faget var delt inn i førelesningar og seminar der vi sjølv var delaktige og haldt presentasjonar og debattar.
 
For min del fungerte denne kombinasjonen veldig bra og eg syns det ga meir meining å studere spansk språk saman med latinamerikastudier.
 

Hvordan er en vanlig studiedag i Nicaragua? 

Ein vanlig studiedag i Nicaragua byrja med ein tradisjonsrik nicaraguansk frukost, beståande av gallo pinto (ris og bønner), egg, juice og kaffi. Etter frukost tok vi skulebussen frå Leon og ut til studiesenteret på stranda som tek rundt 30 min.
 
Studiedagane var veldig varierte, nokon dagar kunne eg ha full dag, medan andre dagar var det litt friare og opent for sjølvstudium. Da var det ekstra fint å ha studiesenter ved stranda, der det alltid var muligheit til å ta seg eit bad eller ein velfortent kvil i sola. 

ROLIGERE TEMPO: Stine forteller at alt går litt tregere i Nicaragua enn hjemme i Norge - noe som bare er behagelig.
 
 
Hva er den største forskjellen på å studere der og i Norge?
 
Bortsett frå at ein studerer i eit betraktelig varmare og tropisk land enn Noreg, så er det så klart også store kulturelle og samfunnsmessige forskjellar på det å studere i Nicaragua og i Noreg.  
 
I Nicaragua går alt i eit mykje saktare tempo enn i Noreg, såkalla `nica time`. Dette betyr at ikkje alle busser går når dei skal og at ein kanskje må telle til ti litt fleire gonger enn i Noreg. Likevel har dette tempoet for min del vært ein del av det som har gjort opplevinga i Nicaragua så flott. Ein får verkelig senka skuldrande og sett pris på det ein har rundt seg.
 
Eg studerte i byen Leon som er ein svært gammal by med sterke preg frå kolontida. Å bu i ein slik by samtidig som ein studerar latinamerikastudier og spansk, er ein heilt spesiell oppleving. Forskjellen frå å studere i Nicaragua i forhold til Noreg er at studia ikkje sluttar når ein går ut av klasserommet, dei fortset ute i gatene og i samtalane du har med nye folk kvar einaste dag. 
 

Hvordan var søknadsprosessen? 


ALTERNATIV EKSTREMSPORT: I Nicaragua kan fartsentusiaster ake seg ned langs aktive vulkaner - populært kalt vulkansurfing.
 

Søknadsprosessen var veldig enkel. Eg meldte meg på Kulturstudier gjennom Høgskolen i Vestfold og Buskerud og betalte eit depositum som sikra meg plass. Ei stund etter denne innbetalinga og registreringa, fekk eg meir informasjon om semesteravgift og val av spansknivå. 

 
Hvordan er studentmiljøet der? 
 
Studentmiljøet i Nicaragua var veldig bra. Vi var ein veldig god gjeng studentar frå både Noreg, Sverige og Danmark, og vi vart veldig fort knytte til kvarandre sidan mange av oss både studerte og budde i lag.
 
Eg reiste dit utan å kjenne nokon og kom tilbake med ein gjeng med nye venner. Eg vart også kjent med lokale nicaraguanske studentar frå det lokale språkuniversitetet i Leon.  
 

Hva gjør du når du ikke er på skolen? 

Under opphaldet fekk me tilbodet om å delta på mange ulike aktivitetar arrangert av Kulturstudier. 

FLOTT UTSTIKT: Nicaragua er blant annet kjent for sine mange vulkaner.
 
 
Dette var alt frå helgeturar til nærliggande byar, vulkanturar, vulkansurfing, tur til mangroveskogen og overnatting ute i hengekøyer. Det var og muligheiter for å melde seg frivillig til å jobbe i barneheim, dyrepark og å vera med på å vedlikehalde mangroveskogen.
 
Utanom dei arrangerte aktivitetane spelte vi blant anna fotball kvar torsdag og tok salsakurs kvar måndag. Etter å ha øvd inn dei nye salsatrinna på måndagen var det tradisjon å besøke den lokale salsaklubben der det var eit yrande liv kvar torsdag kveld. Leon er ein by med uendelige muligheiter samtidig som du har stranda med surfe- og bademuligheiter berre ein busstur unna. 
 

LES OGSÅ: Vil ha flere norske studenter i utlandet

 

Er det noe du synes er negativt eller utfordrende med å studere i Nicaragua?  

Det einaste som kunne vera litt utfordrande var den høge luftfuktigheita. Det er ikkje like lett å konsentrere seg i timen når sola steiker og dette kunne absolutt vera utfordrande til tider, men ein tilvenner seg alt og det vart betre etter kvart når ein passa på å sitte i skuggen og få i seg nok vatn.
 
 
Hvordan er prisnivået og leieprisene der? 
 
Eg budde med Kulturstudier på eit hostel saman med dei andre studentane og veit difor ikkje kva dei lokale leigeprisane er. Elles er prisane ganske låge i Nicaragua og ein kan lett kjøpe seg eit godt måltid til under 40 kr.  

 

Vil du anbefale andre å studere ved din skole, har du eventuelt noen tips til nye studenter? 

 Om Kulturstudier:

Kulturstudier tilbyr studier innen samfunnsvitenskap og humaniora ved sine studiesentre i Argentina, Ghana, India, Nicaragua og Vietnam

Studiene tilbys i samarbeid med lokale universiteter og norske høgskoler.

Ler mer om Kulturstudier her.

 
Eg vil absolutt anbefale andre å reise med Kulturstudier til Nicaragua.
 
Nicaragua er eit land ein aldri går lei av og det er alltid nye plasser å oppdage.  Eg er svært fornøgd med både studieopplegget og det sosiale rundt. 
 
Dersom ein har eit semester fri og har lyst til å reise samtidig som ein vil studere, så er dette ein unik muligheit. Skal du reise til Nicaragua for å studere så vil eg spesielt anbefale å ta salsakurs sjølv om du aldri har likt å danse, det er verdt det. Og til slutt, reis rundt i Nicaragua. Det er så mykje å oppleve i dette landet og ein må absolutt ta seg tid til å bli kjent med dei forskjellige plassane som finst.
 
 

Klikk her for å se alle studier i utlandet