Har praktikantstillinga vorte eit verktøy for utnytting av billeg arbeidskraft?

−  Det kjennest jo litt slitsamt, å jobbe utan å få skikkeleg betalt for arbeidet, seier Helene Oppsal. Dette semesteret arbeider ho som praktikant på kjønnseininga til FNs utviklingsprogram, UNDP. Trass i at ho fullførte mastergraden i komparativ politikk frå prestisjefylte London School of Economics and Political Sciences (LSE) i 2009, har ho endå ikkje funne fast jobb. Dette er hennar andre praktikantstilling sidan uteksamineringa, og hennar tredje totalt.

−  Dei fleste som tok mastergraden hjå LSE samstundes med meg, gjorde også eit internship etterpå. Det var berre eit mindretal som var så heldige å finne relevant jobb rett etter avslutta studier, fortel Oppsal.

− Etter at eg var ferdig med mastergraden i London, søkte eg på ei praktikantstilling i Turkmenistan, for Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa (OSSE). Sidan eg har spesialisert meg i russisk og eurasisk politikk, språk og historie, og ikkje lukkast i å finne ein relevant betalt jobb, vart det eit naturleg val. Eg var likevel heldig og fekk ei løna stilling etter nokre månader, då kontoret gjerne ville halde på meg i tre månader til.

 

Generasjon praktikant

 Praktikantstilling

Midlertidig stilling, ofte lågt- eller uløna.

Tilboden norske studentar og nyutdanna kvart semester ved dei fleste norske ambassadar.

Store internasjonale organisasjonar som FN, WTO og Norsk Flyktningehjelp tilbyr ofte slike stillingar, men ingen av dei opererer med konkrete tal på nordmenn dei har tilknytta organisasjonen.

Nyttige lenkjer for meir informasjon: regjeringen.no/ud, unvolunteers.org, internationaljobs.org

Kjelde: www.ansa.no

 

Gisle Hellsten, leiar for karrieresenteret ved Universitetet i Oslo, er vand med å drøfte fordelar og ulempar med praktikantopphald saman med studentar. Han seier fordelane med slike stillingar er mange og tydelege.

−  Ein får relevant praktisk erfaring, ein byggjer nettverk og ein får sett samanhengen mellom teori og praksis, berre for å nemne noko. Dessutan får ein ein smakebit av korleis det er å jobbe i ein organisasjon, noko som kan påverke seinare karriereval – anten ved at ein ønskjer å fortsetje, eller at ein finn ut at ein vil gjere noko anna, seier Hellsten.

Bruken av praktikantar er aukande. Undersøkingar gjort av den tyske handelsunionen og det tyske utdanningsdepartementet syner at mellom 25 og 45 prosent av nyutdanna studentar går ut i praktikantstillingar etter endt utdanning. Det toneangivande engelske politiske tidsskriftet The Economist har kalla vår tid ”Generation intern” og knytta tydeleg skepsis til denne utviklinga. Aukande bruk av praktikantar kan fort ta over for ordinære stillingar, og såleis sjåast på som organisasjonars utnytting av billeg arbeidskraft. Vidare kan lågtløna praktikantopphald føre til at berre nyutdanna med velbemidla familiar i ryggen har råd til dei, og slik skape eit klasseskilje for dei mest attraktive stillingane, i følge tidsskriftet.

Nokon tilsvarande statistikk over norske praktikantar i utlandet finst ikkje, men Gisle Hellsten hevdar å sjå ein merkbar auke i bruk av slike stillingar også i Noreg.  Han går likevel ikkje med på at dette nødvendigvis er uttrykk for utnytting av nyutdanna.

−  Eg trur fenomenet praktikantstillingar kjem til å auke i omfang i åra som kjem og at dei aller fleste organisasjonane ønskjer å tilby løn eller annan økonomisk kompensasjon. Dei som vel å søkje seg til eit lågtløna praktikantopphald, forventar å få noko igjen, til dømes verdifull arbeidserfaring og nettverk. Om ein bedrift berre er ute etter billeg arbeidskraft og ikkje tilbyr noko anna, er det stor fare for at det vil skade omdømet til bedrifta.

−  Men kan ikkje denne trenden føre til høgare konsentrasjon av personar frå familiar med høg inntekt i dei attraktive stillingane, då berre desse har råd til å gå ein periode utan særleg løn rett etter utdanninga?

− Det er viktig å følge med på dette og jobbe for at praktikantstillingar i størst mogleg grad blir løna. Slik eg ser det, er det ikkje ønskjeleg med ei utvikling der studentar opplever at dei må jobbe gratis for å få erfaring. Mitt inntrykk er likevel at fleire og fleire ønskjer å tilby praktikantstillingar med økonomisk kompensasjon, noko som er ei utvikling eg håper vil finne stad.

 

−  Mi siste praktikantstilling

Helene Oppsal hevdar det økonomiske aspektet sjeldan er eit stort problem for norske praktikantar, då ein ofte får ei form for økonomisk kompensasjon frå staten.

−  Det er heilt klart at det ikkje løner seg å vere praktikant, men norske praktikantar treng nok ikkje kome frå velståande familiar, då Utenriksdepartementet er relativt sjenerøse samanlikna med andre land. Dei finansierte opphalda mine, både her i Amman og då eg var praktikant ved ambassaden i Riga, og eg har endå til gode å møte praktikantar frå andre land som har ei like god ordning.

Oppsal sitt praktikantopphald på UNDP i Amman, hennar tredje slike stilling i karrieren, har likevel gjort ho sikker på ein ting: Ho er meir enn klar for ei fast stilling.

− Sjølv om eg har møtt fleire i både OSSE og FN som har gjort opp til fire-fem praktikantstillingar før dei lukkast i å bli fast tilsette, er dette definitivt mi siste. Eg forventar  ikkje å lande på draumejobben med ein gong, men trur i alle høve at eg har teke eit par steg i riktig retning. Eg har lært mykje og prova at eg kan gjere ein god jobb i ulike settingar, både med tanke på ulike kulturar og arbeidsoppgåver. Håpar er å kunne  fortsetje å jobbe i utlandet i framtida – då i ei fast, løna stilling, avsluttar Oppsal.

Denne artikkelen er også publisert i studentmagasinet Campus