Hvorfor valgte du å studere Grunnskolelærer? 

Eg hadde jobba som vikar i grunnskulen året etter vidaregåande. Dette gav meirsmak og difor valgte eg å byrje å studere det året etter.

I tillegg, likar eg å jobbe med menneske, då vert ingen dag lik nokon andre og ein får variert kvardag.

 

Mitt Studie

Navn: Ida Heradstveit

Alder: 22 År

Studerer: Grunnskolelærer 5-10. trinn

Studiested: Høgskulen i Sogndal (nå Høgskulen på Vestlandet - Campus Sogndal)

 

Fortel litt om studiet og undervisninga: 

Studiet innheld ei blanding mellom teori og mykje praksis.

I løpet av dei tre fyrste åra på studiet, er ein 100 dagar ute i skulen i praksis. Dette gjer at ein får «knaggar» å henge teorien på gjennom å sjå den i bruk i praksis.

Undervisninga føregår i klassar, gjennom førelesningar, gruppearbeid og diskusjonar.

 

Kva er det beste med å studere GLU 5-10?

At ein har mykje praksis gjennom studiet. Då har ein god kjennskap til kva ein går til, når ein skal ut i arbeidslivet.

Eg likar også at ein får velgje fag ein er interessert i å undervise i. Dette trur eg at ein blir ein betre lærar av. 

 

Kva er mest utfordrende med å studere GLU 5-10?

Ein kan ikkje vera budd på alt som møter ein i skulen. Enkelte ting kan ein ikkje lære gjennom studia, men må rett og slett opplevast og erfarast. 

 

Fortel litt om skulen og studentmiljøet:

Skulen ligg perfekt til i Sogndal! Det er lett og kome seg dit frå alle kantar og alt er samla på campus.

I tillegg, er det nye bygningar og gode fasilitetar - eit godt læringsmiljø!

Studentmiljøet ellers er aktivt og inkluderande!

Det er lett å engasjere seg og skape nettverk på tvers av klassar og studium. Ein kjem lett i kontakt med mennesker med like interesser.

I Sogndal, finst det noko for ein kvar!


 

Kva er drømmejobben?

Å få jobbe med born og unge i skulen!

Motivere og engasjere til å nå måla!

 

Har du noen tips til de som ønsker å studere GLU?

Tenk over kva aldersgruppe du kunne tenke deg å jobbe med.

Kven ser eg for meg at skal sitje i klasserommet, der eg underviser?

Ver også bevisst på kva fag du kunne tenkje deg å undervise i. Er du gira, vert elevane også gira!