(StudentTorget.no):

«Ikke gjør dette hjemme»-programleder Per Olav Alvestad (32) var ganske blank da han skulle ta utdanningsvalet. Han gjekk derfor for ei utdanning han kunne bruketil mykje.

 

Kva utdanning har du?

Eg er utdanna sivil ingeniør i produksjons- og kvalitetsteknikk, tidligare maskin, ved NTNU.

Kva ville du bli da du var 18 år?

Eg hadde ikkje peiling, og gikk derfor for ein så generell utdanning som mogleg, og i så måte er maskiningeniør som poteta blant poteta å rekne.

Kva var det viktigaste for deg da du valgte utdanning?

 CURRIULUM VITAE: 
  • Navn: Per Olav Alvestad
  • Alder: 32

Per Olav Alvestad var programleiar for Newton i tidsrommet 2005-2008.     Han har også leia to sesongar med Ikke gjør dette hjemme, saman med Rune Nilsson. Alvestad er opprinneleg utdanna sivilingeniør i produksjons- og kvalitetsteknikk ved NTNU. 

Det var å få meg ei utdanning som gjorde at eg var rimelig sikra jobb etterpå, samt at eg hadde mange moglegheiter. Altså ikkje for spesifikk utdanning, og til ein marknad som var stor og open.

Ville du gjort noko annleis hvis du var 18 og skulle valgt i dag?


Ikkje mykje. Har tatt meg pauseår, og ikkje stressa, og anbefaler alle andre det same.

Kva er det viktigste å tenke på for dei som skal velge utdanning i dag?

Sjå på kva dei som har tatt denne utdanninga faktisk gjer. Mange spennande utdanningar som fører til andre jobbar då arbeidsmarknaden er liten. Gjer deg robust for arbeidsmarknaden. Og ikkje minst, husk at du skal jobbe til du er 65-70, med andre ord, ikkje stress. Ein kjem tidsnok ut i arbeidslivet.

Kordan fekk du bruk for studiane dine?

Eg jobbar med naturvitenskap kvar dag, og har ein naturvitskapleg utdanning, så føler eg har ganske god bruk for utdanninga. Sidan eg jobbar som journalist har eg dessutan god bruk for det kjeldenettverket eg opparbeida meg gjennom studia mine.

Kva er ditt beste minne fra studiane?

Alt det som skjedde utenfor lesesalen. Var veldig aktiv med teater og anna studentgruppeaktivitetar via foreningar og Samfundet her oppe i Trondheim. Har minner og vennar for livet, som ein aldri vil få dersom ein kun studerer.


Kva er ditt beste tips til nye studentar?

Ta deg god tid, er det noko du har lyst til så har du tid til det. Etter utdanninga di skal du jobbe 35 år uansett. Det er inga krise om det blir 34. Husk ingen har lege på dødsleiet sitt og angra på alle dei dagane dei ikkje var på kontoret sitt.