Kan du fortelle litt om hvordan studieforløpet ser ut?

Studieforløpet på heiltid er delt opp i 6 semester over tre år.

Sosialt arbeid handlar om å hjelpe menneske med sosiale problem på ulike nivå; individnivå, gruppenivå, organisasjonsnivå og samfunnsnivå.

 

Mitt Studie

Navn: Stig Børre Høydal

Alder: 22

Studie: Sosialt arbeid

Studiested: VID vitenskapelige høgskole, i Oslo

 

Studiet er bygd opp slik at det vi byrjar med er individnivå, altså sosialt arbeid med enkeltmenneske. Her lærer vi om personen i situasjonen, å starte der klienten er, sosialt nettverk, menneske og samfunn, og korleis desse påverkar kvarandre.

På gruppenivå, lærer vi om å bruke gruppe som metode i sosialt arbeid. Gruppemetode rører ved eit viktig moment i sosialt arbeid, som er å bruke dei ibuande ressursane i kvart unike enkeltmennesket si livserfaring og foreine fleire som er, eller har vore i same eller tilsvarande situasjon.

Då fungerer sosialarbeidaren som ein gruppeleiar, men etterkvart som gruppeprosessen utarbeidar seg, kan sosialarbeidaren trekke seg meir og meir ut. Slik kan ein hjelpe menneske til å hjelpe seg sjølv.

Dette krev mykje kunnskap og erfaring, derfor er det vigd eit heilt semester til dette.

Gruppemetode kan brukast på mange område, for å hjelpe menneske.

På organisasjonsnivå, lærer vi om å forstå organisasjonar, organisasjonstenkning og korleis ein stadig må fornye organisasjonen etter samfunnsendringane.

Organisasjonar som kommune, NAV, barnevern og skular, er bygde opp for å hjelpe menneske og utføre politikken som myndigheitene sett.

Vi sosionomar er byråkratar og ansikta til politikken. Derfor er det viktig med organisasjonsforståing, for å kunne gjere det vi skal, i tillegg til å stille oss kritisk til det som ikkje fungerer i byråkratiet, og tenke kreativt om korleis ting kan gjerast annleis.

Ved samfunnsnivå, må vi ha kunnskapar om samfunnet og korleis samfunnet endrar seg, og korleis dei med makt (politikarar) forvaltar godane i velferdsstaten.

Vi, som sosionomar, må vere politisk årvakne, for å vite om det er grupper i landet som kan bli råka av politiske endringar. Storpolitikken kan gjere somme menneske enda mindre.

Sosionomar jobbar for å myndiggjere underpriviligerte menneske, sørge for brukarrmedverknad, gi makt til grupper i samfunnet, og rett og slett sørge for at menneske får sine rettigheiter og fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov dekt.

For å gjere alt dette, er sosialt arbeid bygd opp av emne som skal tilføye oss kunnskap om alle desse områda: Sosiologi og sosialantropologi, psykologi og psykiske lidingar, etikk og kommunikasjon, juss, sosialpolitikk, økonomi, metode og forskning i sosialt arbeid og så vidare.

I kvart emne har vi arbeidskrav, både store og små, og i nokre har vi framlegg, prosjektarbeid og ferdigheitstrening.

Vi har også hatt eit omfattande feltarbeid. Vi har ein praksisperiode på ca eitt semester.

Noko er nærværspliktig, noko er ikkje. Det er STERKT tilrådd å møte opp på alt!


 

Hvilke fag oppleves som mest krevende?

Psykologi var krevande, då det omfatta tema som påverkar oss alle. Omsorgssvikt er eit sentralt tema i psykologi, i tillegg til utviklingspsykologi og fleire retningar innan faget.

Ein får sett seg sjølv frå utsida. Det kan vere bra, men også tungt, samtidig som det kan vere forsonande å innsjå at «slik er eg».

Juss er også eit tungt fag. Vi får lære om det lovverket som dreier seg om arbeid med menneske. Det er omfattande, komplisert, men interessant, for lovverket er ikkje forma av tilfeldigheiter, samtidig som at nokre formuleringar opnar opp for fagleg skjønn, som vi sosionomar blir trent opp til gjennom emna og oppbygginga av studiet.

Elles er det tungt avhengig av kva ein gjer det til sjølv. Di meir ein lærer, di betre kan ein vere i stand til å hjelpe dei ein skal hjelpe.

 

Hvilke forkunnskaper kan være verdifulle å ha før man begynner på sosialt arbeid?

Det ein kan frå før er supert, sjølvsagt, men kanskje spesielt psykologi og samfunnsfag er fag frå vidaregåande som er bra å ha med seg.

Å ha erfaring frå jobb i feltet, som eksempelvis i eit vikariat ved omsorgsbustader eller ved sjukeheimar, er gull verdt. Då har ein knaggar å henge teori og fagstoff på.

I tillegg, er det å ha fått prøvd seg i praksis bra, for å finne ut om ein kan jobbe med menneske eller ikkje.


 

Hvor mye tid er det normalt å bruke på studiene?

Det varierer veldig.

Nokre prioriterar deltidsjobben meir enn studiet, andre bur nesten på skulen.

Eg bruker mykje tid på studiet, fordi eg vil bli så kunnskapsrik på sosialt arbeid som eg klarar. Det vil vere til det beste for dei eg skal hjelpe, at eg kan det eg skal kunne, og litt til!

 

Hvor «krevende vs. sosialt» oppfattes studiet?

Studiet er krevande på fleire måtar, men også veldig sosialt, fordi det i faget ikkje er einskilde løysingar på svar, etiske dilemaer og problemstillingar vi møter.

Vi må tvert imot drøfte og snakke med medstudentar, for å kome fram til gode svar på krevande spørsmål. Ein kan ikkje finne svara på vanskelege spørsmål på eiga hand i eit fag som sosialt arbeid.

Slik bør ein tenke i arbeidslivet også: Ein kan samtale kvarandre god. Det gjer at det heile blir sosialt også!

 

Hva skulle du ønske at du visste før du startet på studiet?

Vanskeleg å seie.

Eg er takknemleg for det eg har lært undervegs, utan å vite for mykje på førehand.

 

Fortell litt om arbeidsform og hvordan fagene gjennomføres

VID oppererer med arbeidskrav, som gjer at ein heng med i emnet. Desse er obligatoriske.

Nokre emne er nærværspliktige, nokre er ikkje det.

Det er ein del gruppearbeid, men mest individuelt.

Praksis varer i ca eit semester og ein kan enten søke om eigen plass, eller få ein av skulen. Det er 1 praksisperiode i løpet av studiet.

Vi har eksamen i nesten alle emna. Ein eksamen er individuell munnleg, ein er i gruppe munnleg. Ein ac dei er skriftleg skuleeksamen, og resten er heimeeksamenar.


 

Finnes det muligheter for utveksling til utlandet i løpet av studietiden?

Ja, det gjer det.

 

Er det vanlig / lett å kombinere deltidsjobb ved siden av studiet?

Det er veldig vanleg med deltidsjobb. Kor lett det er å kombinere veit eg ikkje, for eg klarer meg på studielånet.

Aukar inntekta, aukar gjerne forbruket.

Di meir ein jobbar, di mindre tid og energi kan gå med til studiet, og det kan vere dumt for fagleg utvikling. Men somme må, sjølvsagt, då dei har familie å forsørge.

Mi tilråding er å prioritere studiet, og heller opparbeide seg eit bufferfond i feriane.

 

Har du ellers noen tips du vil dele til dem som vurderer å studere sosialt arbeid?

Om du kjenner deg i stand til, og ynskjer å jobbe med menneske med sosiale problem eller umøtte behov - søk sosialt arbeid på VID!

Eg hadde gjort det igjen!

Sjølvsagt vil ein møte vanskelege område, som omsorgssvikt, rus, kriminalitet, fattigdom, sorg, død, barnevern, psykiatri, og mykje anna, men studiet gir kunnskapar om korleis å forstå tema i det større biletet, og det å tørre å høyre og tåle dette som sosionom.

Du, din eigenart, og dine ressursar er unikt for deg, som vil bli sosionom!

 

Beskriv til slutt studiet med tre ord!

• Interessant
• Lærerikt
• Viktig

 

Studentbarometeret

Hva drikker man på studentfesten? Øl

Hvor reiser man i sommerferien? Heim til mor og far

Hva ser man på TV? Urix

Hva trener man? Friluft

Hva gjør man på fredagskvelden? Er på lesesalen

Hvem er man i vennegjengen? Den hjelpsame