(StudentTorget.no):

Navn: Mari Hafsås
Frå: Ålesund
Alder: 24
Studerer: Lektor med hovudfag i norsk

Studieforløpet – kan du fortelje litt om korleis det ser ut?

Det kjem veldig an på kva fagkombinasjon du har. På lektor vel ein eit fag på 60 studiepoeng og eit på 80 studiepoeng. I tillegg har vi pedagogikk og fagdidaktikk. Første året har vi berre 60-poengfaget, andre året byrjar ein på 20 studiepoeng i hovudfaget, pluss 10 studiepoeng i pedagogikk. Og så har ein fag igjen på vårparten. I tredje semester har vi praksis. Her på UiO har ein fridom til å plukke fag her og der, så ein går ikkje nødvendigvis på førelesing med folk ein studerer saman med. Studiet er femårig, og ein skriv både bachelor- og masteroppgåve. Det varierer frå fag til fag om ein skriv fagleg eller didaktisk masteroppgåve. Eg tek norsk som mi faglege fordjuping, og difor kan eg skrive fagleg masteroppgåve.


Kva fag opplevast som mest krevjande?

Eg trur mange går på ein smell når dei tek statistikk. Eg tippar at mange ikkje er klar over at statistikk er ein del av studiet, jamvel om det berre er 10 studiepoeng. Eg opplevde sjølv faget som krevjande. Generelt synst eg at det er ekstremt mykje å lese, så ein må vere førebudd på å jobbe ein del viss ein vil kome seg gjennom studiet.

Les også: Slik fikser du overgangen fra skoleelev til student

Kva forkunnskapar kan vere verdifulle å ha før ein byrjar på lektor?

Alle fag på vidaregåande er relevant, kanskje spesielt dei ein skal undervise i. Det som kanskje kan vere nyttig er å ha jobba med menneske før. Ein skal trass alt vere nært på menneske i lektoryrket, og relasjonane med elevane er ein stor del av kvardagen. Samstundes er studiet lagt opp slik at ein skal kunne byrje rett etter vidaregåande, så ein treng eigentleg ikkje ha nokre spesielle forkunnskapar for å byrje på lektor. Det kan vere ein føremon å ikkje vere nervøs for å snakke for å snakke framanfor folk, sidan det er ein viktig del av jobben.

Kor mykje tid er det normalt å bruke på studiene?

Vi har gjerne tre-fire førelesingar i veka. Vi har også seminar, der nokre er obligatoriske medan andre er friviljuge. Eg er skikkeleg nerd – så eg er kanskje ikkje representativ – men eg nyttar seks til sju timar per dag til studiar. Det varierer nok ein god del kor mykje folk les. Nokre nøyer seg med å gå på førelesingane, medan andre igjen droppar førelesingar og les pensum heime.

Kor «krevjande vs. sosialt» oppfattast studiet?

Dei første åra er det nok meir krevjande enn sosialt. Det er mykje fag og det er lite sosial tilhøyrsle dei første åra. Eg trur dette kan opplevast som vanskeleg for mange. Det varierer veldig kor samla lektorstudentane er. Mitt inntrykk er at studentane som tek fordjuping i realfag og fysikk har eit sterkare samhald enn vi som tek andre fordjupingar. Det blir meir sosialt når ein går ut i praksis saman med ei gruppe medstudentar, men det manglar nok litt på det sosiale første året.

Les også: Skal du flytte hjemmefra? Her er tipsene du trenger!

Studentbarometeret

Kva drikk ein på studentfesten?

- Øl

Kor reiser ein i sommarferien?

- Jotunheimen

Kva ser ein på TV?

- Urix

Kva trenar ein?

- Friluft evt. trening? Kva er det?

Kva gjer ein på fredagskvelden?

- Er på studentpuben

Kven er ein i vennegjengen?

- Det hjelpsame midtpunktet

 

Kva skulle du ønske at du visste før du starta på studiet?

Eg skulle gjerne visst at vi ikkje har praksis før tredje semester. Det hadde også vore fint om nokon hadde fortalt meg kor mykje ein må lese. Sjølv om eg visste at det kom til å bli ein del lesing på dette studiet, var eg ikkje klår over akkurat kor mykje pensum vi har.

Fortell litt om arbeidsform og korleis faga blir gjennomførte

Når vi er ute i praksis har vi stort sett mappe- og heimeeksamen. Vi har elles mange forskjellige eksamensformer i løpet av dei fem åra. Det er vanleg med skuleeksamen av varierande lengde (gjerne mellom 3-6 timar). Nokre fag har fått digital skuleeksamen, men mange blir framleis skrivne på papir. Vi har dessutan mange fag med mappe- og heimeeksamen, i tillegg til nokre munnlege eksamenar.

Finst det moglegheiter for utveksling til utlandet i løpet av studietida?

Massevis. I dei fleste tilfelle blir det tilrådd å reise ut femte semester, altså haustsemesteret i tredje studieår. UiO har utvekslingsavtalar med universitet over heile verda, og kor du kan dra på utveksling heng saman med kva fagkombinasjon du har. Med min fagkombinasjon kan eg utveksle til alle dei nordiske landa, men også til land som Estland og Grønland. Eg har inntrykk av at mange vel å dra på utveksling. Vi har studentar som har vore i land som Sør-Afrika, USA og fleire stader i Europa.

Er det vanleg / lett å kombinere deltidsjobb ved sidan av studiet?

Det er veldig vanleg. Det er mykje lesing på studiet, så det kan vere krevjande å ha ein deltidsjobb ved sidan av. Samstundes er det jo sånn at vi har førelesing kanskje tre dagar i veka, og då har ein tid til å jobbe viss ein ønskjer det. Dei aller fleste eg kjenner jobbar ved sidan av, så det går bra, sjølv om det er eit ekstra stressmoment i kvardagen.

Les også: Deltidsjobbene med det lille ekstra

Har du elles nokre tips du vil dele til dei som vurderer å studere lektor?

Ja. Sjekk ut pensumlistene i sommarferien. På mi fordjuping har vi til dømes mange gode romanar på pensum som du kan kose deg med. Elles vil eg oppmode folk om å prøve seg som lærarvikar. Då får ein eit raskt innblikk i læraryrket og finn ut om det passar for deg eller ikkje. Ein bør elles vere innstilt på å lese ein del viss ein skal gå lektor. Eg vil også tilrå nye studentar å oppsøkje dei forskjellige studentutvala.

Beskriv til slutt studiet med tre ord!

Langt, kjekt og variert.

Studenttilbud fra LensWay.

Lensway gir 15 % studentrabatt på alle linser og solbrillerI tillegg får du nå også solbrille fra det trendy merket Norr med på kjøpet (verdi 495,-) dersom du handler linser for minst 750 kroner. 

Les mer og handle her


Sjekk også ut disse studentrabattene:


- 8-10 % rabatt på Mac
- 15 % rabatt i butikk hos Vero Moda, se oversikt butikker
- Få Dagbladet pluss i 12 måneder for 1 krone uten noen forpliktelser
- IF Skadeforsikring - Norges billigste forsikring for studenter 18-25 år
- Norges billigste mobilabonnement for 3GB og 10GB
- Nelly.com gir 10 % rabatt
- Zalando.no gir 10 % rabatt
- Proteinfabrikken gir 15 % rabatt
- Nytelse.no gir 20 % rabatt
- Junkyard.no gir 10 % rabatt (gjelder også nedsatte varer)
- Les DN digitalt i fire uker for 1 krone
- Dustin Home hjemmeelektronikk med egne studentpriser