(StudentTorget.no):

Studieforløpet – kan du fortelle litt om hvordan det ser ut?

Då eg byrja var studieforløpet annleis, men i dag tar ein i det anbefalte studieløpet 40 studiepoeng i japansk over dei 4 fyrste semestera, før ein i 5. semesteret reiser på utveksling til eitt av to universitet i Japan og tek 30 studiepoeng. Til slutt tek ein 80-studiepoenggruppa i japansk språk i sjette semester. I det anbefalte studieløpet tar ein ex.phil og emnet «Dagens Japan» fyrste semesteret, og ex.fac og eit anna områdeemne i det andre. I det tredje tek ein enno eit områdeemne, og byrjar på dei frie emna, som kan vere mykje forskjellig. I sjette semester vel ein anten ei 10-studiepoengs bacheloroppgåve eller eit siste områdeemne, totalt 40 studiepoeng, og det siste emnet blant dei frie emna, totalt 40 studiepoeng. Det er også høve til å ta endå meir japansk språk og utveksle enno ein gong til Japan, men dette er ikkje del av nokon bachelor eller master.

Les også: Slik fikser du overgangen fra skoleelev til student

Hvilke fag oppleves som mest krevende?

Kva fag som synes mest kravfullt kjem an på personen, eigentleg. Eg sleit med å innprente i minnet kanji, dei kinesiske skriftteikna japanarar også brukar for å skrive, og å huske ordsamlinga i dei japanske språkfaga. Eg sleit også veldig med japansk historie, som dekte alt frå førhistorisk tid opp til moderne tid, rundt midten av 1800-talet. Eg strevde dessutan med eit av faga i det frie emnet eg valde, lingvistikk. Det vat ikkje slik eg såg for meg, og forelesaren var ikkje så god til å forklare, syntest eg.

Hvilke forkunnskaper kan være verdifulle å ha før man begynner på japanstudier?

Det hjelp utruleg mykje å kunne japansk frå før av, då har ein meir plass i hovudet til dei andre faga. Japansk språk tek utruleg mykje ressursar, og krev at du fordjupar deg så mykje som mogleg.


Hvor mye tid er det normalt å bruke på studiene?

Det er vanleg å bruke storparten av dagen på å studere. Dei beste resultata kjem om ein brukar ca. 11-12 timar (inklusive timar, seminar og anna fagleg) i kvart fag, men gjerne meir i språkfaga.

Hvor «krevende vs. sosialt» oppfattes studiet?

Sjølv om studiet er krevjande, er vi oppfatta som dei mest sosiale, i det minste på Institutt for klassiske og orientalske studier. Då eg byrja, var det eit bord i kantina på Fredrikke, kor vi samla oss utanom timane og gjorde leksar, spelte spel, prata med japanske utvekslingsstudentar og åt, sjølvsagt. 

Les også: Skal du flytte hjemmefra? Her er tipsene du trenger!

Studentbarometeret

Hva drikker man på studentfesten?

- Brus

Hvor reiser man i sommerferien?

- Jotunheimen

Hva ser man på TV?

- Ser ikkje på TV 

Hva trener man?

- Pumpar jern

Hva gjør man på fredagskvelden?

- Sit foran PC-en

Hvem er man i vennegjengen?

- Midtpunktet

 

Hva skulle du ønske at du visste før du startet på studiet?

Professorane meiner det når dei seier at ein ikkje har tid til verken kjærast ELLER jobb. Og at eg sjølvsagt skulle valt statsvitskap eller økonomi som fritt emne (eg siktar på utanrikstenesta).

Fortell litt om arbeidsform og hvordan fagene gjennomføres 

I språkfaga er måndagane sett av til gjennomgang av syntaks i japansk, omsetjing og 2 tvungne prøvar. Ein må stå på minst ein av dei for å få gå opp til eksamen. Måndagane har også ein valfri prøve kvar veke i det ein lærte uka før. Får ein 100% på disse prøvane, kan ein få fritak frå seminara onsdagar og fredagar. På slutten har ein fyrst ein skriftleg eksamen. Viss ein står på den, går ein vidare til munnleg eksamen. I områdeemna er det vanleg å ha ei dugleiksoppgåve omlag halvvegs i semesteret, og anten ein skriftleg eksamen, eller ei innleveringsoppgåve ein vel sjølv, under rettleiing av professor.

Finnes det muligheter for utveksling til utlandet i løpet av studietiden?

Som eg nemnde i byrjinga, er det obligatorisk utveksling i 5. semester, og ein kan ta eit eller to semester til når ein er ferdig med bachelorgraden

Er det vanlig / lett å kombinere deltidsjobb ved siden av studiet?

Nokre studentar klarar det, men det er ikkje lett å kombinere jobb og dette studiet. Dei som klarar det har anten særs god studieteknikk, eller kan noko frå før av.

Les også: Deltidsjobbene med det lille ekstra

Har du ellers noen tips du vil dele til dem som vurderer å studere japanstudier?

Det beste tipset eg kan gi, er å snakke så mykje ein kan med japanarar, sjå og les masse anime og manga (animasjons- og teikneseriar frå Japan) og få samla ei gruppe du kan øve og lese saman med kvar dag.

Beskriv til slutt studiet med tre ord!

Utfordrande, spanande og lærerikt.

20 % rabatt på menger av pensum

Adlibris gir 20 % rabatt på menger av pensum (Gjelder ikke fastprisede bøker utgitt i 2018)
Pensumgaranti - Finner du ikke pensumboka? Få gavekort Les om pensumgarantien

Registrer deg som studentkunde og få alle fordelene med å være Adlibris studentkunde:
- Alltid fri frakt
- Alltid maks rabatt og lave priser
- Mulighet til å dele opp betalingen
- Velg blant Norges og Nordens største bokutvalg
- Billig studiemateriale


Register deg som studentkunde


Sjekk også ut disse studentrabattene:


- 8-10 % rabatt på Mac
- 15 % rabatt i butikk hos Vero Moda, se oversikt butikker
- Få Dagbladet pluss i 12 måneder for 1 krone uten noen forpliktelser
- IF Skadeforsikring - Norges billigste forsikring for studenter 18-25 år
- Norges billigste mobilabonnement for 3GB og 10GB
- Nelly.com gir 10 % rabatt
- Zalando.no gir 10 % rabatt
- Proteinfabrikken gir 15 % rabatt
- Nytelse.no gir 20 % rabatt
- Junkyard.no gir 10 % rabatt (gjelder også nedsatte varer)
- Les DN digitalt i fire uker for 1 krone
- Dustin Home hjemmeelektronikk med egne studentpriser