Eventyret handlar om ei kongsdotter. Ho hadde to eldre systrer som båe var stygge og slemme, mens ho sjølv var ven og vakker og lika av alle. Ho ynskte seg veldig ein gullkrans, men kongen kunne ikkje få fatt på ein slik. Ein dag fann ho kransen på ein bjørn i skogen, og for å få kransen måtte ho bli hans. Kongen ville nødig gi slepp på ho, så då bjørnen kom sende han i staden dei to eldste systrene, ein etter ein, med bjørnen, men dei vart båe sende tilbake for dei ga ikkje rett svar på spørsmåla hans. Slik vart det at kongen måtte sende si yngste dotter med bjørnen til hans rike, og det som var mykje gildare å sjå til enn det ho var vane med.

Dei levde saman i tre år, om dagen var bjørnen av garde, men om natta var han hos ho og da var han menneske, og kvart år fødde ho eit born som vart sette vekk. Etter ei tid ynskte ho å besøke foreldra sine. Det fekk ho, men ho måtte love å ikkje gjere det mora ville. Tross advarslar fekk mora lura med ho eit lys slik at ho kunne sjå korleis han såg ut om når han sov. Det skulle ho ikkje ha gjort, for han var forgjord av ei trollkjerring og no måtte han fare dit ho bodde og gifte seg med ho. Kongsdattera gret og bar seg då ho ikkje fekk følgje med. Ho heiv seg på ryggen hans, men ho fell av og fortsette å følgje han til beins.


På vegen kom ho tre gonger til ei stove med to kvinnfolk, ei gammal kone og ei vakker jentunge. Då kongsdottera fortalde at ho søkte Kvitebjørn kong Valemon fekk ho av jentungen i den fyrste stova ei gullskjære som lagde klede, i den neste fekk ho ei flaske som skjenka alt ho ville ha og aldri vart tom, og i den siste stova fekk ho ein duk som dekka seg sjølv med det flottaste måltid. Sist nådde ho ei stove ved ein steil bergvegg, der budde ei kjerring med mange born, og dei hadde korkje mat eller klede for dei var så fattige. Kongsdottera tok fram flaska, duken og skjæra og gav dei mat og klede. Dei vart så takksame at mannen til kona, som var smed, smidde klør til kongsdottera så ho kom seg opp bergveggen og fram til der trollkjerringa budde.

LES OGSÅ: Slagord på russekortet

Kongsdottera kjøpslo med trollkjerringa, og i byte med skjæra fekk ho ein natt med bjørnen. Men kor mykje ho enn gret vakna ikke bjørnen, han sov djupt for kjerringa hadde gitt han eit sovemiddel. Neste dag kjøpslo ho att, for kjerringa ville så gjerne ha flaska òg. Det same hende, bjørnen sov som om han var dau og ho gret og bar seg. Heldigvis hadde ein handtverkar høyrt gråten hennar, så neste dag fortalde han bjørnen at ho var komen. For å få vere hos bjørnen tredje natta måtte kongsdottera gi trollkjerringa duken som ho trong når ho skulle halde bryllaup. Denne natta lura bjørnen seg unna sovemiddelet, og alt vart godt og vel.

LES OGSÅ: Kristin Lavransdatter - Kransen


Dei fekk nokre tømmermenn til å øydeleggje brua som brurefølgjet skulle ri over, brura skulle ri fremre sånn skikken var. Berre dei vart kvitt trollkjerringa så ville han verte løyst frå forheksinga. Så då trollkjerringa fall vart kong Valemon menneske att, og han og kongsdottera tok alt gullet og pengane hennar og dro av garde til hans rike for å halde bryllaup. På vegen henta kong Salomon dei tre vakre jentungane som viste seg å vere borna deira, og som hadde vore sette vekk slik at dei kunne hjelpe mora si med å redde faren. Så feira dei bryllaup, og levde lykkelege alle sine dagar.

 

Eventyrtrekk

Eventyret ”Kvitebjørn kong Salemon” er eit undereventyr.

- Tretallsregelen vert bruka fleire gonger: kongen hadde tre døtrer, kongsdottera og bjørnen levde saman i tre år, dei fekk tre born, ho kom til tre stover, fekk tre reiskap og ho var tre netter hos bjørnen i heimen til trollkjerringa.

- Eventyret vert fortald i kronologisk rekkefølgje. Det byrjar med byrjinga og forteljinga vert skreven etter kvart som tinga hender.


- Det brukast kjende figurar i eventyret og dei fleste er anten gode eller onde. Til dømes: ei god prinsesse, onde systrer, ein bjørn som eigentleg var eit menneske, ei ond trollkjerring.

- Det finst ikkje tid- og stadfesting.

- Innleiinga speilar eit problem, problemet vert løyst med hjelpa frå gode menneske, dei sigrar over det onde og det vankar løn for strevet i form av bryllaup.