(StudentTorget.no):

1. Tyda og tyding blir ofte misbrukte

Aldri: Kva tyding har dette for samfunnet?
Men: Kva har dette å seia for samfunnet?
 
Aldri: Dette tydde eit stort framsteg.
Men: Dette var eit stort framsteg.
 
Slik kan vi bruka tyda/tyding:
 
Signalet tyder at trafikken må stansa.
 
Det er ikkje så lett å få tak i tydinga av dette ordet.
 
 
2. Denne, dette, desse kan i visse samanhengar gje eit stivt eller upresist språk
 
Bruk heller den, det, dei, han, ho, eller ta opp att substantivet.
 
Døme:
 
"Tyskarane i Bergen hadde særrettar, men desse fall bort etter kvart."
Betre: desse rettane
 
"Eremitasjen er det største kunstmuseet i verda. Det ligg i Vinterpalasset. Dette er bygd i barokk stil."
Meir presist: Vinterpalasset
 
"Det er ikkje grunn til å klaga på telefonrekninga så låg som denne er no."
Betre: ho
 
"Dei mest verdifulle måleria var sette til sides, og ingen hadde spurt etter desse enno."
Betre: dei
 
 
3. Den (personleg pronomen bokmål) skal normalt ikkje brukast som personleg pronomen i nynorsk.
 
Det vanlege tilvisings-pronomenet er han for alle hankjønnsord og ho for alle hokjønnsord - så sant pronomenet ikke strir mot det naturlege kjønnet.
 
Døme:
 
"Ytringsfridommen er til liten nytte om han (bm. den) ikkje blir nytta i praksis."
"Saka er vanskeleg, og vi må difor drøfta ho (bm.den) grundig."
 
Merk:
 
Vi kan sjølvsagt bruka den i nynorsk, men då som peikande pronomen:
 
"Ikkje den har eg sagt, men den!"
 
 
4. St-passiv kan vera godt språk etter modale hjelpeverb:
 
Binders kan brukast til så mangt.
Spørsmål kan sendast til Språkrådet.
 
Sjølvsagt kan ein gjerne skriva:
 
"Binders kan ein/vi bruka til så mangt"
 
og
 
"Spørsmål kan ein senda til Språkrådet"
 
Men ofte fell det tyngre med slike konstruksjonar.
 
Eit døme på det:
 
Saka skal no bli undersøkt i departementet.
Betre: Saka skal no undersøkjast i departementet.
 
Bruk ikkje st-passiv i presens.
 
Aldri: Saka undersøkjest no i departementet.
Aldri: Avgiftsauken skuldast prisstigninga på verdsmarknaden
 
Men: Avgiftsauken kjem av prisstigninga ...
 
 
5. Nynorsk har ofte laust samansette verb der bokmål har fast samansetning:
 
Høyra til, leggja fram, liggja føre, svara til, skriva under, skriva ut.
 
Merk:
 
Det heiter berre ta mot (ikkje motta).
Men: dei mottekne pengane
 
 
6. Nokre - blir brukt når vi veit at det er fleire av noko (engelsk some)
 
Vi vart verande der nokre dagar.
 
nokon - i uttrykk med spørsmål, tvil og nekting
(engelsk any)
Det spørst om det kjem nokon fleire.
 
somme - om lag som nokre, men mindre med tanke på talet.
Somme dagar er veret grått.
 
 
7. Bokmål "hvilken".
 
Nynorsk har her fleire uttrykksmåtar:
 
kva - Kva dag er det i dag?
kva for - Kva for bøker har du?
(Kva slag)
ein/ei/eit/nokre legg vi til når vi vil konkretisera noko som kan teljast.
Kva for ei bok er det?
Kva for nokre bøker har du?
 
Ofte er det godt språk å skriva berre kva.
 
 
8. Bokmål "enhver"
 
Detta er det mange som har problem med.
 
Det heiter ikkje "einkvar" e.l., for det ordet har vi ikkje.
 
Einkvan (eikor i hokj., eitkvart i inkjekj.) tyder 'ein eller annan'.
Ofte svarar enhver til 'alle', andre gonger passar det med 'kven som helst', 'kvar (ein)', 'kvar og ein' o.l.
 
til enhver tid: alltid, heile tida, når som helst, til kvar tid
for enhver pris: same kva det måtte kosta, i alle tilfelle
 
 
9. Ved (prep.)
 
Tenk over om du kan bruka andre seiemåtar.
 
Nokre døme:
 
Ved utsetjing av gjennomføringa av prisstoppen:
Blir prisstoppen utsett, ...
Ved lungebetennelse:
Pasientar med lungebetennelse ...
Ved sjukdom:
Når nokon er sjuk, ...
 
 
10. Følgende er helst ikkje "følgjande"
 
Ofte treng vi ikkje ordet, andre gonger høver det med denne/dette/desse.
 
Gjør følgende oppgaver. = Gjer desse oppgåvene.
 
 
11. Mjuk og blaut
 
Ver klar over at første tyding av blaut er 'særs våt'. Det motsette av hard er mjuk.
Difor: mjukstål.
Skriv for all del ikkje om blaute kroppsdelar når meininga er at dei er mjuke.
 
 
12. Kjemisk forbindelse: sambinding
 
Andre forbindelser: samband, samanbinding, samanknyting, samanføying, skøyt, kontakt osb.
 
 
13. Genitiv
 
Ver nøye med å variera språkbruken der bokmål har genitiv:
 
s-genitiv
sin-genitiv
preposisjonsuttrykk
eigedomsform av personleg pronomen (huset hennar mor)
samansetningar
heile setningar
 
Ver særleg merksam på avgrensingane i bruken av s-genitiv og sin-genitiv.
 
Døme:
 
Aasens ordbok, fjorten dagars tid
Dette er kommunen sin eigedom (vekt på kommunen)
 
Dette er ikkje god nynorsk:
 
"Kvinnas syn på landets forsvar."
"Forbrukarens vurdering av varas kvalitet."
"Heimen sin verdi for barn si oppseding."
 
Framlegg:
 
Kva syn kvinna hadde på forsvaret av landet.
Korleis forbrukaren vurderer kvaliteten på vara/ varekvaliteten.
Kva heimen har å seia for oppsedinga av barn.
 
 
Til slutt nokre døme på bokmålsfargen i nynorsk:
 
Gå inn i ein dialog med partane > snakk med partane
 
Elevane får auka forståing av eit emne > elevane forstår emnet betre
 
Arbeidet vil skapa tilknyting mellom deltakarane > arbeidet knyter band mellom
 
Det er viktig å tilstreva ei felles forståing ... > det er viktig å bli samde om ...
 
Det gjekk føre seg ein innmarsj av arbeidarar på ... > arbeidarane marsjerte inn på ...
 
 
Kilde: Norsk Språkråd / www.sprakrad.no