(StudentTorget.no):

Navn: Kine Gjertrud Svori.
Alder: 20 (snart 21).
Fra: Jostedalen i Sogn og Fjordane.
Studerer: Lektorprogrammet i tysk (hovudfag) og norsk (sidefag).
Studiested: Universitetet i Oslo/Universität Leipzig.

Hvordan kom du frem til at det var til Leipzig/Tyskland du ville dra?

At eg enda opp i Leipzig var rimeleg tilfeldig. Eigentleg tenkte eg å reise på utveksling fyrst til hausten, men fordi det var ein feil i studieplanen min, vart opphaldet i Leipzig organisert på rekordtid. Eg valde rett og slett berre på ei liste med alle samarbeidsuniversiteta til instituttet mitt i Oslo, så var det Leipzig eg enda opp i. Det er eg veldig glad for, og det er særleg spennande å bu i gamle DDR, sidan eg kjenner Vest-Tyskland litt frå tidlegare. Dessutan var det faktisk ikkje så upraktisk at sommarsemesteret her ikkje starta før i april, for då hadde eg god tid til å gå på språkkurs på Goethe-Institut i Hamburg i mars før eg tok fatt på studiet.

Hva er den største forskjellen på å studere i Tyskland og i Norge?

Den mest påfallande skilnaden eg har merka ved å studere i Tyskland samanlikna med å studere i Oslo, er at eg har mykje fleire undervisningstimar pr. veke her. I Noreg har eg vanlegvis tre fag som er ti studiepoeng kvar, og desse har vanlegvis ei førelesing og eitt seminar i veka, så då blir det seks arrangement i veka. I Leipzig er det litt annleis, og særleg for Erasmusstudentar, så her har eg ti arrangement i veka, men det går veldig fint! Det er også annleis fordi det ikkje er vanleg å kjøpe så mange bøker til studiet sitt her, ein låner heller bøker på biblioteket eller får utdrag som ein må lese. Ein siste ting er at eksamen her ofte varer berre éin time og ikkje fire, men dette har eg ikkje fått testa ennå, så korleis det faktisk blir er for tidleg å seie.

Fortell litt om studiet og undervisningen?

Eg studerer litteratur, grammatikk og historie her i Leipzig, så eg har ein ganske variert kvardag. Det er ein ganske bra balanse mellom seminar og førelesingar, og dessutan har eg eit litt annleis historiefag der me reiser for å sjå på ulike institusjonar og arkiv rundt om kring i Leipzig. Dette er veldig nyttig for å lære om historia til DDR, for me står rett og slett oppi det med begge føtene. Dosentane mine (det vil seie alle som underviser) er veldig greie, særleg med Erasmus-studentar, og svarar gjerne på dei utruleg mange spørsmåla ein gjerne har som utvekslingsstudent. Av dei ti arrangementa eg har kvar veke er dessutan to av dei berre for Erasmus-studentar, så då er me veldig få studentar og får ting inn med teskei, og det er både triveleg og nyttig.

Hvordan er en vanlig studiedag for deg?

Ein vanleg studiedag har eg undervisning omtrent kl. 9.15-14.45, og det er eigentleg litt flaks, for dei fyrste timane startar allereie kl. 07.15(!) om morgonen. Med gode halvtimespausar mellom timane er det i alle fall ein ganske grei dag, og etterpå er det fint å ete middag i universitetskantina. Der er det utruleg bra utval av både middag og dessert, så der finst det noko for ein kvar smak. Seinare likar eg å sitje i parken eller på biblioteket med ei god bok, skravle med vener eller sjå Netflix. Nokre gonger blir det også tidlege morgonar eller seine kveldar på lesesalen, for det tek jo ei lita stund å førebu alt, og særleg når omtrent alt pensumet er på tysk.

Er det noe du synes er utfordrende ved å studere i Tyskland?

For meg var det vanskelegaste med å studere i Tyskland eigentleg å komme inn i alt i starten, for eg visste veldig lite. I Noreg er me faktisk veldig godt organiserte på universitetet, og ein må melde seg opp til fag og eksamen lenge på førehand. Her vart det litt surring den fyrste veka fordi eg rett og slett ikkje visste kva fag eg skulle ha, og for meg var det ganske utruleg at eg berre skulle møte opp i dei faga eg ville ta og avtale direkte med dosenten. Elles har det stort sett gått ganske fint, for sjølv om doktorar og professorar likar å bruke titlane sine her, så er dei veldig greie å ha med å gjere. Utan fadderveke er det også litt vanskeleg å komme i kontakt med medstudentar, men gjennom aktivitetar og ymse gjekk det seg heldigvis til etterkvart.

Hvordan er prisnivået og leieprisene der du studerer?

Prisnivået og leigeprisane i Leipzig er veldig hyggelege for ein nordmann! Eg betalar 270 euro i månaden med alt inkludert, det er omtrent 2550 NOK og mindre enn halvparten av det eg betalar i Oslo. Eg bur privat, men vil kanskje anbefale å bu i studentbustad hos Studentenwerk, for det var utruleg vanskeleg å finne ein bustad for ein utlending. Elles er det meste litt billegare her, og i kantina kan du få ein lekker to-rettars middag for omtrent 3-4 euro. Dessutan kan du køyre gratis med all offentleg transport så lenge du har studentbevis for universitetet her, og dette gjeld i eit ganske stort område utanfor Leipzig, så det er veldig fint!

Hva gjør du når du ikke er på skolen?

Når eg ikkje studerer, prøver eg å få med meg litt både Tyskland og resten av Europa, og med studentbeviset som togbillett er det gode moglegheiter for å utforske området utanfor Leipzig. Dessutan finst dei ei aktivitetsgruppe for utanlandsstudentar her, og dei arrangerer utflukter og liknande nesten kvar helg. Saman med denne gruppa har eg mellom anna vore i Dresden, i Praha og i konsentrasjonsleiren Buchenwald. Likevel er det godt med nokre rolege dagar også, så nokre timar i saccosekken på balkongen har det blitt.

Hvordan er studentmiljøet der?

Studentmiljøet i Leipzig er veldig ope. Her kjem det veldig til uttrykk at alle kan vere akkurat slik dei vil, så det er ikkje uvanleg å sjå folk med veldig mange tatoveringar, blått hår eller mange piercingar. I Noreg kan slike trekk bli sett på som «markeringsbehov», men her i Leipzig er det ganske annleis. Likevel er det litt dumt at det ofte er vanskeleg for utanlandsstudentar å komme i kontakt med dei «innfødde», så eg har stort sett berre vener som også er utvekslingsstudentar. Det er sjølvsagt veldig fint å få vener frå heile verda, men det hadde vore bra med nokon som kunne rette meir på tysken min når eg snakkar.

Vil du anbefale andre å studere ved din skole, og har du eventuelt noen tips til nye studenter?

Ja, eg vil anbefale andre norske studentar å studere i Leipzig. I starten er det litt vanskeleg fordi ein får ein del mindre informasjon enn me plar få i Noreg, men etter 2-3 veker går det meste seg til. Trikset er å finne ein slags kontaktperson på universitetet som du kan pepre med e-post dersom du lurer på noko, så kan dei sende deg vidare til den som faktisk kan svare på det du lurer på. Dessutan er det greitt å nemne at Erasmus-studentar gjerne får litt særbehandling her, i eitt fag skal eg til dømes berre ha munnleg eksamen i 15-20 minutt medan dei andre studentane må skrive semesteroppgåve på 20 sider, og det er ganske fint! Dersom det finst nokon som har spørsmål om Leipzig som eg kanskje kan svare på så vil eg veldig gjerne hjelpe, så det er verkeleg berre å sende meg ei melding!

Studere i Tyskland

Vil du også studere i Tyskland? Dette kan ANSA hjelpe deg med:

  • Finne frem til studier og universiteter
  • Finne opptakskrav
  • Hjelpe deg å søke
  • Fortelle deg om de mange og fine studiebyene
  • Gi deg praktisk informasjon
  • Inspirere deg!

Les mer på www.ansa.no/tyskland

 


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: