(StudentTorget.no):

  – Work hard, play hard! Dette er slagordet til Hong Kong, får eg raskt fortalt då eg landar på den tidlegare britiske koloniøya.

Storbyen med over sju millionar innbyggjarar er i dag styrt av Kina, etter at den vart tilbakelevert av Storbritannia i 1998. Men den skil seg frå moderlandet på mange måtar. For det første treng du ikkje visum for å reise hit. Det er ein utprega vestleg by. Avisene skriv rimeleg kritisk om alt frå politikk til næringsliv, og engelsk er nesten like vanleg som kinesisk.

 

Frå vestleg boble til hippie-øy

Hong Kong er delt inn i fire delar: Hong Kong Island, Kowloon, New Territories og Outlying Islands. Det er på hovudøya det meste skjer. Arrogante hongkongesarar, eller kanskje først og fremst vestlege expats (expatriat, ein person som bur i eit anna land enn han/ho er frå, journ.merkn.), skriv ofte ABK i bustadsannonsar – Anywhere But Kowloon. For dei er det berre HK Island som er noko, ei slags vestleg boble som likevel har nok innslag av Kina til at den er eksotisk. Blandinga av industrielle skyskraparar med rike bankmenn og tradisjonelle marknader med gamle kinesiske kjøpmenn er uslåeleg.


 DETTE MÅ DU VITE FØR AVGANG: 
  • Finnair flyg til Hong Kong via Helsinki for cirka 6.000 kroner. God flymat, rimelege prisar og punktlege avgangar gjer det til eit førsteval. www.finnair.com
  • Valuta er Hong Kong dollars. 1 HK $ tilsvarar cirka 0,74 NOK.
     
  • Spar pengar på billeg mat og transport, og ver førebudd på å bruke meir på hotell og uteliv.
     
  • Ha med deg kart, guide eller Iphone. Ikkje alle drosjesjåførar snakkar engelsk.
     
  • Temperaturen kan gå ned til 10 grader på sitt kaldaste og opp til 40 grader på det varmaste. Stort sett ligg han mellom 20 og 30 grader.

I New Territories, som grensar til Kina, bur det for det meste lokale innbyggjarar, medan enkelte av øyene som ligg utanfor Hong Kong, til dømes Lamma, har trekt til seg ungdommar som lever eit slags hippie-tilvere der.

 

Expats på jakt etter visittkort

Work hard, play hard! Som sagt, så gjort. Hong Kong er verkeleg øya som aldri søv. Uansett kva dag av veka det er; utelivet er i høgste grad levande. Folk flyttar til og frå byen i eit forrykande tempo, og expats på jakt etter nye vener og kontaktar gjer at det alltid er folk å slå av ein prat med. Ta med deg visittkort for å unngå å føle deg som ein traust skandinav, og utveksle det på den asiatiske måten. Ta imot med ei hand, og gi med den andre, medan du bøyer deg lett framover, som ein høfleg gest.

Er du glad i elektronisk musikk og dansing, er undergrunnsklubben Yumla (79 Wyndham street, Central, inngang frå Pottinger street) staden. Det blir sagt at dei har dei beste DJ-ane i byen, klubben held ope til klokka seks om morgonen og du treffer alltid på interessante folk i den smale trappa utanfor. Underteikna trefte mellom andre ein dansk delfintrenar og eit bandmedlem av Danko Jones Experience her. Trening i småprat om uvanlege tema får du, i alle fall.  


 

Prisar like høge som skylinen

For å få ein smakebit av modellscena i byen, sjekkar du ut Dragon-I (The Centrium, 60 Wyndham street, Central) på ein måndagskveld, då modellane samlast her for å ete middag. Plassen er cheesy og med høg musikk, men fascinerande. Inne finn du eit VIP-område, dersom du kjem deg forbi dørvakta. På terrassen ute er det duer i bur, palmer og middagsservering.

 


HONG KONG: På den kinesisk-eigde øya finn du blant anna  «hemmelege» barar og gode shoppingmulegheiter.

 

Er det utsikt du vil ha, er det mange hotellbarar å velje mellom. Prisane er like høge som bygningane, men med ei fantastisk utsikt over heile byen er dei verdt det. Merk deg at mange av hotellbarane ligg under tak, sjølv om dei er høgt oppe. Men på Sky Lounge (18.etasje, Sheraton Hong Kong Hotel & Towers, 20 Nathan road, Tsim Sha Tsui) kan du sitte ute på terrassen.

 

Bank på for å kome inn

Ein ny trend i HK-utelivet er «hemmelege», «ulovlege» barar som er vanskelege å finne. Mange av desse er i realiteten fullt lovlege, men brukar dette som ein måte å trekkje til seg riktig klientell på.


The Feather Boa (38 Staunton street, Soho) ser ut som ei lita stove med innreiing frå 1920, med fløyelstapet, lysekroner og ein rikhaldig bar. Bestill deira spesialitet, Strawberry Daiquiri, i eit sjokoladebelagt glas. Notabene: Ikkje kle deg i kvitt om du skal hit, for folk dett bort i kvarandre med sjokoladeglas rett som det er!

Kjenner du deg litt åleine i storbyen og lengtar etter europeisk mat, er det beste tipset den erkebritiske puben The Pawn (62 Johnston road, Wan Chai). Her får du god pubmat og alle whiskyar du kan namnet på, pluss nokre til.

 

«Det er vanskeleg å definere Hong Kong - om byen var ein låt, ville den ha vore ein miks laga av ein skikkeleg kul DJ»

 

 

 


STOR BY PÅ EI LITA ØY: Hong Kong har utrolig mye å by på. Her kan du blant annet shoppe deg blakk, dra på casino eller en tur på stranden. 

Her brukar du pengar i dagslys

Sjølv om Hong Kong er nattas dronning, er det meir enn nok å bruke pengar på i dagslys. Etter Tokyo er Hong Kong den asiatiske storbyen som har størst fokus på mote. Alle dei store merka er å sjå på store reklameplakatar rundt om i byen, og det er ofte kø utanfor Prada, Gucci og dei andre luksusmotehusa.


Joyce (New World Tower, 16 Queens road, Central) har dei mest eksklusive motekleda i Hong Kong, som Stella McCartney, Thierry Mugler og Alexander McQueen. Det er svindyrt, men verdt ein titt, for interiøret er råflott.

Den største kjøpesenterkjeden er Lane Crawford (IFC Mall, Central/Pacific Place, 88 Queensway/Canton road, Tsim Sha Tsui/Times Square, Causeway Bay), som sel design- og high street-merke som Acne, Zara, Marc Jacobs og Chanel. For ein god lunsj på Harvey Nichols eller vindushopping i Marc Jacobs, ta turen til The Landmark (Des Voeux road, Central) eller Prince's building (10 Chater road, Central).  '

Fotoutstyr er mykje billigare i Hong Kong enn i Europa, ja, prisen er nesten halvert. For det beste utstyret går du til Photo Scientific (Eurasia building, 6 Stanley street, Central), der alle dei profesjonelle fotografane handlar.

 

Sol, strand og kinesiske Las Vegas

 LESESTOFF: 

 

*«Rough Guide to Hong Kong & Macau»

*«Lonely Planet Hong Kong Encounter»

HK Magazine

Time out Hong Kong


 

For dagen derpå (og det blir mange av dei) er det godt å kome seg ut av storbyen og sjå havet. Her er ein verkeleg bortskjemt. Det går ferjer frå hamna, som forøvrig er den travlaste i verda, til små og store øyer i kort avstand. Lamma (ferje frå Outlying Islands Ferries Terminal, HK Island) er den nydelegaste av desse, med fin natur, strand, og roleg hippie-stemning.

Vil du heller ta bussen, kan du reise til Stanley, ei strand på Hong Kong Island. Ikkje like idyllisk som Lamma, men fin for ein kjapp svømmetur. Taxi er så billig at du likeså godt kan spandere på deg ein meir behageleg køyretur.

Og ikkje minst: Éin times ferjetur unna ligg Kinas svar på Las Vegas, Macau (ferje frå Macau Ferry Terminal, Shun Tak Centre, Central).

Den tidlegare portugisiske kolonien er definitivt verdt eit besøk. Du må gå gjennom passkontroll for å kome hit, og språket som blir snakka, er kinesisk og portugisisk. Macau byr på over 60 kasino og ein høg faktor av grelle fargar, falske blomar, kinesiske bestemødrer som er rå på slot-maskiner og Macau dollars. Etter eit besøk her har du gode historier å by på i årevis.


Det er vanskeleg å definere Hong Kong – om byen var ein låt, ville den ha vore ein miks laga av ein skikkeleg kul DJ. Etter to veker i byen sit eg igjen med kjensla av at det er så mykje, mykje meir eg skulle gjort og sett. Ikkje berre av Hong Kong, men av resten av Asia. Slik sett kan Hong Kong vere ein fin inngangsport til resten av verdsdelen. Eksotisk og det motsette av Noreg, men likevel vestleg nok til at du ikkje kjenner deg heilt hjelpelaus.

Denne reportasjen blei første gong publisert i magasinet Campus #1 2012

LES OGSÅ: Ut å reise? Husk reiseforsikring