Navn: Ida Heradstveit
Alder:  22 År
Studerer: Grunnskolelærer 5-10 ved Høgskulen i Sogndal
Studiested: Sogndal

Hvorfor valgte du å studere Grunnskolelærer? 
Eg hadde jobba som vikar i grunnskulen året etter vidaregåande. Dette gav meirsmak og difor valgte eg å byrje å studere det året etter. I tillegg likar eg å jobbe med menneske, då vert ingen dag lik nokon andre og ein får variert kvardag.

Fortel litt om studiet og undervisninga: 
Studiet innheld ei blanding mellom teori og mykje praksis. I løpet av dei tre fyrste åra på studiet er ein 100 dagar ute i skulen i praksis. Dette gjer at ein får «knaggar» å henge teorien på gjennom å sjå den i bruk i praksis. Undervisninga føregår i klassar, gjennom førelesningar, gruppearbeid og diskusjonar.

Kva er det beste med å studere GLU 5-10?
At ein har mykje praksis gjennom studiet. Då har ein god kjennskap til kva ein går til når ein skal ut i arbeidslivet. Eg likar også at ein får velgje fag ein er interessert i å undervise i. Dette trur eg at ein blir ein betre lærar av. 
 
Kva er mest utfordrende med å studere GLU 5-10?
Ein kan ikkje vera budd på alt som møter ein i skulen. Enkelte ting kan ein ikkje lære gjennom studia, men må rett og slett opplevast og erfarast. 
 
Fortel litt om skulen og studentmiljøet:
Skulen ligg perfekt til i Sogndal! Det er lett og kome seg dit frå alle kantar og alt er samla på campus. I tillegg er det nye bygningar og gode fasilitetar - eit godt læringsmiljø! Studentmiljøet ellers er aktivt og inkluderande! Det er lett å engasjere seg og skape nettverk på tvers av klassar og studium. Ein kjem lett i kontakt med mennesker med like interesser. I Sogndal finst det noko for ein kvar!
 
Kva er drømmejobben?
Å få jobbe med born og unge i skulen! Motivere og engasjere til å nå måla!
 
Har du noen tips til de som ønsker å studere GLU?
Tenk over kva aldersgruppe du kunne tenke deg å jobbe med. Kven ser eg for meg at skal sitje i klasserommet der eg underviser? Ver også bevisst på kva fag du kunne tenkje deg å undervise i. Er du gira, vert elevane også gira!
 
 

LES MER OM STUDIET PÅ STUDIEVALG.NO

 

Adlibris: Norges største bokutvalg. Pensumgaranti og fri frakt for studenter. 20 % rabatt på mengder av pensum! Kjøp her

Lensway:
20 % rabatt på alle linser. Kjøp her



 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: