Kordan kom du fram til at det var hit du ville dra?

Eg hørte på ein presentasjon om kulturstudier på videregående og sjekka det ut på internett.

Eneste landet dei tilbydde studiet eg var interessert i, psykologi, var Vietnam, men det var ikkje kun derfor eg valgte å dra hit.

 

Utveksling i Vietnam

Navn: Yrla Klein

Alder: 20 år

Studerer: Psykologi, del av et årsstudium

Studiested: Hoi An i Vietnam

 

Vietnam var litt mystisk for meg, hadde jo kun hørt om krigen og generelt om Asia, men aldri noe spesifikt om Vietnam ellers.

Tenkte det ikkje var så turistaktig heller og veldig klar for å "oppleve verden" som mange etter videregående tenker. Blei eit år seinare, men dro hit til slutt.

 

Kva er den største forskjellen på å studere i Vietnam og Norge?

Miljøet her er mykje mindre og ein får lettere kontakt med læraren og seminarledere, ettersom dei ofte er i same miljø som studentene.

Så er det også at vi kan legge oss på stranda å lese pensum i staden for å slåss om kalde lesesalplassar.

Billig mat og drikke som gjer det fristende å sitte på ein kafé å lese.

I tillegg, har vi mange fleire forelesninger og opplegg på ein dag enn eg hadde hatt i Noreg, fordi vi skal gjennom alt på ti veker som dei heime bruker fire månader på.

I tillegg, må eg skrive notater og lese sjølv, så det blir meir tid til studering enn viss eg hadde vore heime.

 

 

Korleis er en vanlig dag i Vietnam?

Forelesning halv ni til elleve, så sykler vi tre kilometer til studiesenteret for å spise vietnamesisk lunsj.

Etter lunsj, er det ofte litt tid til å henge på stranda ved studiesenteret, eller ligge i ein hengekøye og berre nyte livet, før seminar begynner klokken 13.

Klokka 15 er vi ferdige og syklar tilbake til hotella, som ligger rett ved sia av universitetet.

Mange drar så ut for å spise litt eller shoppe i byen eller lese det som skal lesast til neste dag.

Vi samles i gjengar for å spise middag ute i 19-tida og leggetid er rundt 21-22 for min del. Vietnamesere legger seg ganske tidlig i forhold til norske standarder, og står opp tidlig.


 

Korleis er studentmiljøet der?

Veldig inkluderande. Ein er aldri aleine og alle snakker med alle, spesielt fordi vi er ein liten gjeng.

Vi blir dessverre lite innblanda i vietnamesisk studentkultur, siden vi for det meste er nordiske studenter, men vi går på eit vietnamesisk universitet.

 

Har du støtt på noken utfordringar underveis?

Det er jo alltid utfordringar når det gjeld ny kultur, valuta, mat og hygiene.

Så har hatt to matforgiftningar hittil, betalt alt for mykje for noken produkter, hatt mange misforståelser, strevd med å spise med pinner, og holde meg til normene eg ikkje visste om.

Det vanskeligaste er nok turistdelen i byen, der er selgerne helt tilpassa turiststil så dei drar og tvinger deg nesten til butikken deira, og prisen er alltid for høg. Å sei nei hjelper ikkje i det området, så akkurat det har slitt litt med.

I tillegg til at ein blir veldig obs på hudfargen, den øker prisen og bestemmer folks oppførsel mot deg, men vi har jo bedre råd så det er vel greit å betale litt ekstra eigentleg.

 

Kva gjer du når du ikke er på skulen?

Jobber med skulen, ser på serier, drar ut i byen og får sydd kle eller berre kikke rundt.

Er nydeleg å ta sykkelen og stoppe ved interessante butikker eller restauranter og berre sjå på alt som skjer rundt ein.

Drar av og til ut i helgene og henger en del med venner på stranda


  

Vil du anbefale andre å studere ved din skule, har du noken tips til nye studentar?

Viss du har sjansen så gjer det! Kulturstudier har eit kjempebra opplegg, og eg har ikkje angra eit sekund siden eg kom hit.

Det er kanskje greit å ha studert litt på forhånd eventuelt hatt innføringsfaget, men det er mange no som tar det uten tidligere kunnskaper eller erfaringar og det fungerer også helt fint.

Merk: Kulturstudier tilbyr ikke psykologi fra 2012, men jobber med å opprette et nytt psykologistudium.