(StudentTorget.no):

Artikkelen er på mange måtar kåseriet sin motsetnad. Dei følgjande 11 punkta gjeld skriving av artiklar generelt. Noter deg at drøftings-, kommentar og utgreiingsoppgåver alle er artiklar.

 

1. Artikkelen er ei fyldig, samanhengande utgreiing om eit emne.

 
2. Artikkelens hovudfunksjon er informativ, dvs. at sterke appellative krefter må dempast eller dekkjast over. Her argumenterer ein med informasjon og ikkje med synsing, overdrivingar og kjensleutbrot. Pass deg dessutan for generaliseringar. 
 
 
3. Gjev rom for ulike meiningar og argument. Tenk gjennom konsekvensane av det du foreslår. Vis kritisk innstilling og grunngjev påstandane dine.
 
 
4. Artikkelen er sakleg og objektiv i det ytre. Dette inneber blant anna at vi stort sett unngår det personlege pronomenet 'eg' og i staden bruker 'ein'/'man', 'vi', 'dei fleste', 'enkelte' osb. 
 
 
5. Artikkelen skal ha ein ordna disposisjon med tydeleg innleiing, hovuddel og avslutting. Pass på avsnittslengda undervegs. Du får tips om innleiing og avslutning under punkt 10 og 11.
 
 
6. Argumenteringa skal vere logisk. Det inneber bl.a. at argumenta og avsnitta skal flettast slik at det eine momentet følgjer naturleg av det andre. Her er det viktig å ha logiske markørar i bakhand. Unngå å gjenta deg sjølv i løpet av stilen. Ein ordna, kladda stikkords-disposisjon vil hjelpe deg til å gjere deg ferdig med momenta etterkvart som stilen skrid fram. Om du undervegs får glupe idear til moment som du er ferdig med, får du heller skrive heile stilen om att og flette dei inn der dei høyrer heime.
 
 
7. Du vert kan hende beden om å fortelje om haldninga di til emnet du skriv om. Skriv då 2/3-1 side, helst mot slutten av stilen. Hugs å begrunne meiningane dine, for du skal vere sakleg her òg. Unngå å gjenta deg sjølv.
 
 
8. Språkleg ligg artikkelen på ei heilt anna hylle enn kåseriet. Munnlege innslag som dialektord, ufullstendige setningar og forkortingar må ikkje førekome. Hald deg til normalstil eller litt over det, og legg vekt på å variere setningskonstruksjonane. 
 
 
9. Pass på den eine sida på at språket ikkje blir for parataktisk (for mykje bruk av heilsetningar), på den andre at det ikkje blir påfallande hypotaktisk (overdriven bruk av leddsetningar). Tenk balanse.
 
 
10. Tips til innleiing: Det er svært viktig at innleiinga fengjer interesse hos lesaren og difor lurt å bruke godt med tid på ho. Prøv ut ulike alternativ. Vil du bruke eller unngå det alternativet som har mest standardpreg? Har du ein original vri? Kva innleiing passar best til resten av stilen?
 
 
 

Typar innleiing: 

 
 
Historisk: 
 
Her kan du anten gje ein kort historisk oversikt eller eit eksempel frå historia. Etter ei historisk innleiing er det naturleg å dra ei rask samanlikning med stoda i Dag i det følgjande avsnittet. 
 
 
Då-no: 
 
Her forenklar/komprimerer du det som står under ”historisk” slik at det blir plass til ein situasjonsrapport med eit visst historisk perspektiv i innleiinga. 
 
 
Spørsmål: 
 
Her er det snakk om å stille eitt eller fleire retoriske spørsmål; retoriske i den forstand at du svarer på dei i stilens hovuddel. Pass deg for å stille spørsmål som du ikkje finn svar på / stille spørsmål i utide så sant det ikkje er naudsynt.  
 
 
Ein påstand: 
 
Denne typen innleiing er i slekt med spørsmålet. Hovuddelen av stilen 
blir ei vurdering av det som kan liggje i påstanden og ei avveging av påstanden sin sanningsverdi.
 
 
Ei personleg oppleving (eller anna personleg utgangspunkt): 
 
Denne typen innleiing kan verke frisk og vekkje interesse hos lesaren, men ho kan òg gje stilen eit banalt preg innleiingsvis. Her må du vere kritisk og på vakt, spesielt når det gjeld stiltone. Passar opplevinga til oppgåveformuleringa? Er ho interessant? Passar ho med momenta du kjem 
med i hovuddelen? 
 
 
Definisjon av omgrep: 
 
Her kan du òg definere korleis du tolkar oppgåva og eventuelt snevre inn emnet. 
 
 
11. Det seier seg sjølv at avslutninga ofte avgjer endeleg karakter. 
 
 

Typar avslutning:

 
Oppsummering av hovudsynspunkt.
 
Ein konklusjon. 
 
Framtidsutsikter: Unngå floskelaktige påstandar av typen: Det går sikkert bra. 
 
Ein appell: Bør ha eit realistisk mål. 
 
Eit tydeleg punktum i form av eit godt sluttpoeng.