Den private bustadsmarknaden flaumar over av tilbod som er for gode til å være sanne. Les korleis Maria (22) oppdaga svindelen i tide.

Ein må vere på hogget om ein vil finne seg ein stad å bu før semesterstart, men det er viktig å halde hovudet kaldt sjølv når konkurransen er hard: Svindelannonser dukkar nemlig stadig oftare opp på den pressa bustadsmarknaden.


Månge blir lurt


Boligtrøbbel i tall

• Rubrikkportaler som FINN og Hybel rapporterer om boligsvindel som eit aukande problem.  Dei har fått tilbakemelding om svindelbeløp mellom 3000 og 10000 kroner.

•I hele 2010 kom det inn 6110 henvendelser til Forbrukerrådet angående husleie. Første halvår i år kom det inn 3047 henvendelser.

•Det klages mest på oppsigelse, rettigheter ved mangel, leiepris og depositum

Kilde: Hybel.no, Dine Penger

 

Maria Garberg (22) er blant dei som oppdaga svindelen i tide.

 - Eg og tre venner hadde lagt ut ei annonse på Hybel.no der vi søkte etter leiligheit i Oslo med fire soverom. Etter kort tid fekk vi svar frå ein Mr. Peter Larson, som skreiv at han hadde ei leiligheit til leige i Uranienborgveien. Leiga låg berre på femten tusen i månaden, og vi vart sjølvsagt jublande interesserte.


Då dei svarte på henvendelsen og bad om ytterlegare informasjon og bilete av leiligheita, var svaret som følger:

«Hei, dette er min leilighet, og jeg bodde der med min kone før jeg flyttet til London etter at jeg vant budgivning for en olje-firma, og siden mitt opphold vil være for en langsiktig, jeg trenger noen jeg kan stole på og pålitelig, så vel, som vil være i stand til å ta godt vare på leiligheten min og holde den i god stand for de 6 årene jeg vil tilbringe i London, som du kan se jeg ikke er lading mye for leiebeløpet, fordi jeg ikke etter penger, men tillit og leter etter en god leietaker. Jeg er en veldig travel mann, så jeg har tildelt en advokat til å håndtere dette for meg, jeg har også festet noen bilder av leiligheten til dette innlegget, for deg å sjekke dem ut, og til å lease, vil det bare dekke Internett, kabel-TV og varmt, det er 55 m², sendte jeg deg adressen i mitt forrige innlegg, så du kan gå og sjekke huset ut for deg selv, fordi jeg ikke vil være tilgjengelig for å gi deg en omvisning i huset. Så hvis du er interessert i denne leiligheten, kan du komme tilbake til meg så snart som mulig, så jeg kan få min advokat informert, fodi min advokat til være ansvarlig for å ferdigstille kontrakten med deg.»


Setningane var underleg oppbygde, og bileta såg ut som dei var saksa rett frå eit interiørblad. Svaret kom dessutan frå ein Hotmail-konto, noko som verka rart ettersom avsendaren forsøkte å framstå som ein velståande forretningsmann. Dette vakte mistanke, og då dei søkte på nettet etter liknande tilfeller, viste det seg at dei hadde motteke ein klassisk svindelmail.

Hybel.no åtvarar spesifikt mot svindlarar som «handterer prosessen» gjennom fiktive advokatar. Slik freistar svindlarar ofte å framstå som seriøse aktørar.

- Vi tok ikkje bryet med å svare Mr. Peter Larson, seier Maria. - Og vi høyrde heller ikkje meir frå han.

LES OGSÅ: DINE RETTIGHETER SOM LEIETAKER



Bruk nettvett

Slik unngår du svindel

• Om noe ser ut til å være for godt til å være sant er det ofte det

• Ikke send penger til utlandet

• Ikke ta i mot sjekker

• Begge skal signere standard husleiekontrakt før overføring av penger

• Ha is i magen - boligen du ser på nå er ikke den eneste som finnes

Kilde: Hybel.no

Hybel.no har utforma ei liste med fem tips mot svindelforsøk. Ein tommelfingerregel er at om eit tilbod ser for godt ut til å vere sant, så er det gjerne nettopp det. Ein gjer difor lurt i å vere skeptisk til bustader som leigast ut til under marknadspris, spesielt om desse er både sentrale og attraktive.

Ein bør også vere på vakt om utleigar ikkje har høve til å halde visning. Det er risikosport å takke ja til ein bustad usett. Har du ikkje høve til å gå på visning sjølv, send gjerne ein venn som kan undersøke tilhøva for deg.


Nettsiden oppfordrar sine brukarar til å melde frå om dei kjem over ei useriøs annonse. Openbare svindelannonser vert fjerna, og brukerkontoen blokkert. Kor mange henvendelsar dei får om svindelsaker varierer, men ansvarleg utviklar kan stadfeste at dette har vore eit aukande problem for Hybel.no og andre rubrikkportalar. Han skriv også at dei sjeldan får tilbakemeldingar om at folk har blitt lurt, men at dette dessverre har skjedd. Då har det vore snakk om beløp mellom 3000 og 10000 kroner.


 

Alltid depositumskonto

Ifølge Lars Vinden, ansvarleg for forbrukartryggleik hjå Finn.no, var svindlarane tidlegare mest aktive på nettstaden sine bilannonser. Då ulike tiltak frå Finn.no gjorde det vanskeleg for dei å publisere der, flytta dei verksemda si til bustadsannonsene. Her vert det no publisert annonser for leiligheiter som ikkje eksisterer, sier Vinden til avisen Fædrelandsvennen:

Dei falske annonsene dukkar stort sett opp i storbyane, og har fleire felles kjenneteikn ein kan vere merksam på. Annonsøren oppgir til dømes verken adressa til bustaden eller sitt eige namn og  telefonnummer. Ofte vil det heller ikkje vere nokon skildrande tekst, berre interiørbilete. Annonsøren oppheld seg etter sigande gjerne i utlandet, og ordlegg seg anten på engelsk eller gebrokkent norsk.

Dei aller fleste svindelforsøk går ut på at ein må føre over pengar til utlandet, gjerne i form av depositum eller forskottsbetaling. Om du vert tilbudt ei avtale om å føre over pengar først og få husnøklar tilsendt i posten etterpå, bør du takke nei. Det typiske eksempelet er at nøkkel kan sendast med DHL om depositum vert sendt gjennom Western Union. Depositum bør alltid setjast inn på ein eigen depositumskonto i ein norsk bank, der verken utleigar eller leigetakar kan disponere pengane i leigeperioden.


LES OGSÅ: SLIK SPARER DU I BSU



Hugs husleigekontrakt


Det er viktig å ha ei standard husleigekontrakt som er signert av båe partar. Eit godt alternativ er Forbrukerrådets standardkontrakt. Som leigetakar bør ein ikkje gå med på vilkår som er dårlegare enn i denne standardkontrakta.

Marit Arnesen Bergendahl er prosjektleiar i Tak over hodet, som ligg under Studentbolighjelpa i Trondheim. Ho understrekar at ein må ta seg tid til å tenkje før ein skriv under på kontrakt.

- Eg vert lett litt skeptisk om huseigar insisterer på at ein må skrive under på kontrakta veldig fort. Eg trur vel det er mange huseigarar som er lei av stresset med å leige ut, men det er viktig å møtast på halvvegen. Om huseigar stressar veldig med underskrift, er det gjerne ein grunn til at han ikkje får leigd ut.

Bergendahl legg også vekt på at ein bør vere heilt sikker på kva ein skriv under på. Unngå skumle kontrakter med rom for fortolking, og ikkje send pengar nokon stad før alt det praktiske er på plass og hundre prosent sikkert.

 - Eg er glad me tok oss tid til å undersøkje saka, seier Maria Garberg. - Det er lett å miste hovudet når ein har leita lenge og plutseleg får eit slikt tilbod, men ein må vere på vakt. Vi leitar framleis etter ein stad å bu, men har i alle fall ikkje tapt pengane våre på nettsvindel!


Kilder: Fædrelandsvennen, FINN, Hybel.no, Husleieloven