(StudentTorget.no):

Vi har tre slag aksentteikn:

akutt aksent (høgreaksent, accent aigu, ´)
grav aksent (venstreaksent, accent grave, `)
og cirkumfleks ("møne", ^)

Aksentteikna kan sløyfast i alle ord så nær som i namn. Merk at i ordlister og ordbøker er gjerne ord som kan ha aksent, førte opp med aksentteiknet. Aksent er meir vanleg i nynorsk enn i bokmål i heimlege ord.


Akutt aksent

Akutt aksent er det vanlegaste aksentteiknet i norsk. Vi bruker akutt aksent særleg for å markere at ei staving har sterkt trykk.

1. Akutt aksent er obligatorisk i nokre personnamn med utanlandsk opphav og i utanlandske geografiske namn for å markere hovudtrykk.

André, Linné, Bogotá, Andalucía

2. Akutt aksent blir brukt i visse framandord som endar på trykksterk e, for å markere hovudtrykk. I slike tilfelle er ikkje teiknet obligatorisk.

allé, diaré, kafé, idé, entré, komité, kupé, moské, supé, trofé, diskré

3. Dersom vi bruker akutt aksent i grunnforma av slike ord, kan vi sløyfe han i bøyingsformene av ordet.

allé, alleen, allear/alleer, alleane/alleene

4. Vi kan bruke aksentteikn for å skilje den ubundne artikkelen ein/en frå talordet éin/ én.

I Noreg brukar vi éin plugg i apparatet. Det var éi jente der.

I inkjekjønn bruker vi ikkje aksent, men ein ekstra t.

Det var berre eitt spørsmål han ikkje greidde å svare på. Aksentteiknet kan også brukast over store bokstavar.

Éin sjokoladebit til kan du få.

5. Det skal ikkje vere aksentteikn i ord som desse:

kontroller, plasser (imperativ av kontrollere og plassere), museum, finer, mesen, filet

6. I nynorsk kan vi bruke akutt aksent ved nokre få heimlege ord.

Vi kan bruke akutt aksent i nynorsk for eksempel i fór (preteritum av fare), til skilnad frå fòr (plogfòr), fôr (kåpefôr, dyrefôr) og for (preposisjon og konkjunksjon), men aksenten kan sløyfast overalt. Også i nynorsk lét (preteritum av late), kan vi bruke akutt aksent, til skilnad frå lèt (presens av late), men teiknet kan sløyfast.


Grav aksent

1. Grav aksent er obligatorisk i visse utanlandske namn.

Genève, Liège, Val-d’Isère

2. Vi kan bruke grav aksent for å skilje adverbet òg (= også) frå konjunksjonen og.

Han òg ville vere med.

Merk at det er grav aksent vi bruker i òg. Det er betre å sløyfe aksenten her enn å bruke feil aksentteikn.


3. Det vanlegaste ordet med grav aksent er den franske preposisjonen à i visse uttrykk. Vi kan bruke aksentteiknet i slike tilfelle, men kan også sløyfe det.

à jour (men ikkje aksent i samansetningar: ajourføre), à la carte,
vis-à-vis, 2 kg à kr 9,50


4. Det skal ikkje vere aksentteikn i franske lånord som desse:

ampere, premiere, misere, barriere, bohem, tantieme


5. Det skal ikkje vere aksentteikn i desse uttrykka frå italiensk:

a capella, a konto, a viso, a vista


6. I nynorsk kan vi bruke grav aksent ved nokre få heimlege ord.

Vi kan bruke grav aksent i nynorsk for eksempel i fòr (plogfòr) og lèt (presens av late), men aksenten kan sløyfast.


Cirkumfleks

1. Cirkumfleksteiknet er obligatorisk i nokre utanlandske namn.

Côte d’Azur, Rhône


2. Aksenten er valfri i framande ord og vendingar.

tête-à-tête, entrecôte, crème fraîche


3. Vi kan bruke cirkumfleksteiknet ved nokre få heimlege ord.

I begge målformene kan vi bruke cirkumfleksteiknet i fôr (kåpefôr, dyrefôr), fôre, i nynorsk dessutan også i lêr (skinn) og vêr (ein vêr =sauebukk; eit vêr = klima), men teiknet kan sløyfast.

 

Kilde: Norsk Språkråd