(StudentTorget.no):

Omgrepet essay blir brukt i ulike samanhengar, bl.a. om seriøse fagtekstar av og for akademikarar. Dette må du ikkje la deg forvirre av, for i skolesamanheng vert det forventa at du skal kunne produsere typen "personlege essay".

 
1. Essayet ligg på mange måtar i området mellom kåseriet og artikkelen, og det er viktig å kunne avgrense dei i høve til kvarandre når du skriv essay i skolesamanheng.
 
 
2. Det er vanleg at essayet er skrive for lesarar som har same bakgrunn og livssyn som forfattaren. Du må altså tenkje deg at lesaren er ein ideell mottakar som vil ha glede og utbytte av å lese essayet ditt. 
 
 
3. Liksom kåseriet har essayet eit sterkt personleg preg. Det er subjektivt, spesielt samanlikna med artikkelen. Essayet inneheld i større grad enn artikkelen subjektive opplevingar og meiningar og ber preg av at skribenten er på leiting etter svar.
 
 
4. Essayet er hovudsakleg ekspressivt. Kjenslene og haldningane til skribenten er tydelege sjølv når verkemiddelet ironi vert nytta.
 
 
5. Unngå open argumentasjon. Bruk humor, satire og ironi, men unngå sarkasme. Essayet har oftast ein lunare humor enn kåseriet.
 
 
6. Essayet krev at du "vandrar i emnet", dvs. at du legg ut på ei eller fleire tankereiser og flettar inn tankevekkjande eller uventa moment. Stikkord: assosiasjonar og digresjonar (sidesprang), men dei heilsprø innslaga ein gjerne finn i kåseriet høyrer ikkje heime her. Hugs at den raude tråden må vere der, og at du har ein hovudide. Assosiasjonane og digresjonane du tek med, kan vere alt frå personlege opplevingar til eksempel frå litteraturen og media.
 
 
7. Unngå å mate lesaren med teskei.
 
 
8. Språkleg bør du halde deg til normalstil. Innslag av munnleg språk, som t.d. ufullstendige setningar, kan førekome, men høyrer helst heime i kåseriet. Overraskande språkbruk i form av gode vendingar er velkome, men unngå klisjear.
 
 
9. Essayet skal ha open slutt.


Studentrabatt hos Døgnvill Burger


10 % studentrabatt på våre kvalitetsburgere og egne priser på drikke.
Se studentmeny for å se priser.

Les mer om våre restauranter:
Trondheim I Stavanger I Vulkan (Oslo) I Tjuvholmen (Oslo) I Bjørvika (Oslo)


Annonser:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen: