(StudentTorget.no):
1. Anten a-infinitiv eller e-infinitiv.
2. Me og vi er jamstelte former.
3. Merk desse nynorskformene:
leiar, reiar, spreiar (ikkje ledar, redar, spredar)
gong, song, stong, trong (ikkje gang, sang, stang,trang)
bytte, syster, sysken, lyfta (ikkje bøtte, søster, søsken, løfta)
å tola, tolmod, tolmodig, ømtolig, ein drope (ikkje tåla, tålmod osv.)
hamn, namn, omn (ikkje havn, navn, ovn)
selja, sal; velja, val; ferje (ikkje selgja, salg; velgja, valg; ferge)
bryggje, klyngje, rekkjefølgje, knekkja, krenkja
(Formene utan j er klammeformer. NB! Gjeld ikkje knekka.)
å ynskja/ønskja, men eit ynske/ønske
vekedagar: måndag, tysdag, laurdag
4. Ord som stundom blir skrivne feil:
ein blomster , fleire blomstrar (ikkje ein blomst)
okle (ikkje ankel), tilskodar (ikkje tilskuar),
siger (ikkje seier), skjene (jernbane-) (ikkje skinne),
føresetnad (ikkje forutsetning), bustad (ikkje bolig),
(opp)gåve (ikkje gave), tal (ikkje tall),
lêr (ikkje lær),
ei fòr (ikkje ei fure), verka (ikkje virka)
førre (ikkje forrige), viss (ikkje hvis)
5. Annan og hennar er no dei einaste hovudformene.
Før kunne ein òg nytta [annen] og [hennes] i lærebøkene.
6. Å gje(va) svarar til ein gjevar å gi svarar til ein givar.
7. Innanfor innafor
ovan- ova-
bortan- borta- Gjennomfør -a- eller -an-.
nedan- neda-
framan- frama-
Og tenk på meininga. I eit manuskript vi fekk inn, stod det at "husbonden sat skrått ovanfor peisen". Han gjorde kanskje det, men meininga er truleg at han sat framfor peisen, men litt over mot den eine sida. Omsetjaren har blanda saman ovanfor (over) og overfor (rett imot).
8. Samanskriving/særskriving.
likeins eller like eins
- gjennomfør ei av formene.
av di berre i to ord
om lag berre i to ord
altfor berre i eitt ord
imot berre i eitt ord
9. Samansetningar med lege-, lækjar- lækje-
Vi må sjå nøye på kva førsteleddet kjem av. Er det ein lege/lækjar, eller er det snakk om å lækja?
Døme:
Legane/lækjarane kan slå seg saman og ha legesenter/lækjarsenter. For å hjelpa pasientane kan dei bruka lækjemiddel som er kontrollerte av Statens lækjemiddelkontroll.
10. Namn på statsinstitusjonar
Alle statsinstitusjonar skal ha namn både på bokmål og nynorsk.
Døme:
Noregs el. Norges Statsbaner
Noregs el. Norges Bank
Ein del private organisasjonar har eit nynorsknamn. Det gjeld til dømes dei politiske partia (Det norske Arbeidarparti, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet), Raudekrossen og Norsk Lærarlag.
11. Historiske og geografiske namn
Norsk språkråd har ei "historieliste" med skrivemåten av nokre historiske namn. (Det blir arbeidd med ei større liste, vonleg ferdig i 1996.)
Legg merke til at det heiter Kristian 4. (ikkje Christian IV), og Fredrik 2. (ikkje Frederik II). Vi skriv Kristiania (ikkje Christiania).
Geografilista frå Norsk språkråd (Novus forlag 1991) fastset skrivemåtar for eit utval av utanlandske geografiske namn med avleiingar, adjektiv og innbyggjar- nemningar.
Kilde: Norsk Språkråd / www.sprakrad.no