Navn: Karen Dombestein Elde

Alder: 24

Studerer: Medisin, 5. semester

Studiested: Syddansk Universitet i Odense, Danmark

 

Korleis fant du ut at det var til Odense du ville dra?

Egentlig visste eg ingenting om byen Odense før eg kom hit. Eg hadde berre søkt SDU som ein backup i tilfelle eg skulle komme på venteliste i Norge. Men etter å ha vert på både relevant opptaksprøve og på intervju her nede, bestemte eg meg for å gi det ein sjanse sjølv om eg kom inn i Norge det året. Mange synes det er merkeleg, men eg var så frustrert på det norske opptakssystemet etter å ha brukt et år på å forbetre karakterar frå vidaregåande skule i en alder av 22 år. Eg følte meg ikkje som noko betre kandidat til å studere medisin sjølv om eg no hadde karakteren 6 og ikkje 5 i dei fleste fag. Då frista SDU meir som gav folk ein sjanse til å komme inn på andre grunnlag også.

Korleis er universitetet og studentmiljøet?

SDU er eit veldig godt universitet synest eg. Vi har blitt veldig godt tatt vare på frå dag éin, og ein kan alltid rekne med å få hjelp dersom ein treng det. Odense er ein typisk ”tilflyttarby” når det gjeld studentar. Studiemiljøet er veldig godt, og folk er interesserte i å bli kjent nye folk. Vi på medisin- og kiropraktikkstudiet har nok eit litt spesielt studiemiljø slik som dei fleste andre profesjonsstudie. Vi er veldig samansveisa.

Korleis er studiet og undervisninga?

Medisinstudiet på SDU er heilt fantastisk. Eg synes studiet er spesielt godt faglig organisert med organblokker og korte modular. Til dømes inneheld hjerte- og lungeblokka både anatomi, fysiologi, histologi og embryologi slik at man får eit godt overblikk og får ein god forståelse for korleis det heile heng saman. Undervisninga består av forelesningar og gruppetimar der eldre studentar er instruktørar som gjennomgår oppgåver.

På SDU er dei spesielt gode til å halde ein open dialog med studentane og vår tilbakemelding er viktig for dei. Dei gjer ofte små endringar i modulane basert på den evalueringa eit semester har gitt den modulen dei nettopp er ferdige med. Det er jo positivt at ein kan ha litt innflytelse på studieopplegget for framtidige studentar.

Korleis var søknadsprosessen?

Eg brukte ANSA sine sider til å hjelpe meg med søknadsprosessen. Ein søker via KOT som er danskane sitt svar på Samordna opptak. Alt etter kva universitet og studie ein søker på, kan det føreligge særlege opptakskrav og grunnlag ein kan komme inn på. SDU tilbyr at 50% kan komme inn på kvote 2 på medisinstudiet. Dvs. at ein skal gjennom ei opptaksprøve og kan komme vidare til intervju.

Korleis er prisnivået i Danmark?

Prisnivået er veldig likt det i Norge når det gjeld dei aller fleste ting. Mat og alkohol er dog merkbart billegare. Spesielt fint er det at økologiske varer ikkje er dyrare enn ”vanlege” varer, så ein kan godt handle økologisk utan å ruinere seg som student.

Kor mykje betalar du for å leige bolig?

Eg betalar ca 3200 DKK for ei 4-roms leilighet på 80 m2 som vi kun er 2 som delar. Det er det fine med Odense, ein kan bu godt ganske billeg.

Kva gjer ein på fritida i Odense?

Det fins mange studentforeningar ein kan vere med i: Alt frå sport til filmklubb. Ein skal kanskje leite litt betre etter dei gode kulturelle tilboda her enn i København, men viss ein leitar på dei rette stadane kan ein finne det meste.

Kva synest du er det beste med å studere i Odense og Danmark?

Eg likar godt den danske mentaliteten. Folk er generelt lettare å komme i kontakt med her enn i Norge. Eg har funne meg veldig godt til rette og stortrives her. Så er det jo veldig fint å kunne lokke norske vennar ned hit med billig øl, røde pølser og damesykkel med kurv.

Er det noko du synest er negativt eller utfordrande med å studere i Danmark?

I starten var det sjølvsagt litt utfordrande å skulle bu i eit nytt land. Sjølv om det ikkje er så stor skilnad på Norge og Danmark, så er det likevel ein del ting ein skal sette seg inn i for å føle seg skikkeleg ”integrert”. Språket var jo også litt utfordrande i starten, men det kjem ein veldig fort inn i. Det einaste negative er nok at ein saknar norsk natur med fjell og fjord, og det at det er litt dyrt å komme seg heim.

Har du nokon tips til andre som ynskjer å studere i Danmark?

Sjå på ANSA sine heimesider. Der kan du lese om kva studie ein kan velge og dei er veldig hjelpsomme i søknadsprosessen. Eg kan absolutt anbefale å vere student i Danmark. Ein lærer mykje av å vere utenlandsstudent og det gir nyttige erfaringar.