(StudentTorget.no):

Navn: Maryanne Grødem
Alder: 24
Frå: Klepp, Jæren
Studerer: Kriminologi
Studiestad: Lancaster University i Storbritannia


Korleis kom du fram til at det var til Storbritannia/Lancaster du ville dra?

Det var eigentleg veldig tilfeldig. Eg hadde lyst å prøva noko nytt, så då såg eg til utlandet. Lancaster kom eg over heilt tilfeldig, eg hadde aldri høyrt om byen eller universitetet før, men likte tanken på at det var eit campus-universitet, og at byen var liten og såg skikkeleg koseleg ut. Det var òg veldig praktisk å finna eit universitet der eg kunne bu midt på skulen. Første året trong eg knapt reisa til byen, fordi campus hadde alt.

Kva er den største forskjellen på å studere i Storbritannia og i Norge?

Oi, det var vanskeleg. Lancaster University er eit college-universitet så alle studentar høyrer til eit college (litt som husa i Harry Potter). Fadderveka var arrangert av college, og mi faddergruppe var studentflaten min. På ein måte var det veldig kjekt å verta kjend med dei eg budde med, men samstundes var det litt rart å ikkje vita kven nokon frå studiet var. Og dei fleste britane er veldig unge. Eg var 21 då eg starta å studera og då vart eg registrert som «mature student». Semestera er òg veldig korte, eg har 3 semester à 10 veker, to med undervisning og eit med eksamen. Det gjer at det er ekstremt intenst og blir veldig lange dagar. Og sjølvsagt at alt går på engelsk og er eit mykje større internasjonalt miljø. Eg har fått venner frå heile verda, ikkje berre Noreg og Storbritannia, så det er veldig kjekt. I tillegg er meir eller mindre alt av fritidsaktivitetar i regi av universitetet eller studentsamskipnaden, så eg bruker mykje tid på campus sjølv når eg ikkje studerer.


Les også: Sjekkliste for utenlandsstudenter


Fortel litt om studiet og undervisninga?

Kriminologistudiet er ganske lite, i dei fleste fag har eg ein førelesing i veka på 1-2 timar og eit seminar. I og med at studiet er så lite vert me godt kjende. Eg er på fornamn med alle forelesarane mine, og det er jo litt kult med tanke på at dette er svært flinke professorar. Elles er det veldig fokus på å læra saman, du vert veldig fort gjennomskoda viss du ikkje har lese det du skal for det er forventa at alle bidreg i seminar. Det som er mest utfordrande er at eg kun har eksamen i tredje semester og det gjer jo at eg må hugsa og repetera faga frå første semester samstundes som eg har nye fag andre semester. Og du kan risikera å ha fleire eksamenar på ein dag, første året hadde eg tre eksamenar på to dagar så det var veldig hardt.

LES OGSÅ: Studerer juss i England: Maria studerer ved University of Winchester

Ashton Memorial er eit sjåverdig bygg i Lancaster. Det vart reist av Lord Ashton til minne om den avdøydde kona hans.

FOTO: Privat.

Korleis er ein vanleg studiedag for deg?

Eg startar dagen med å sykla til skulen. Dersom eg har førelesning eller undervisning går eg på den før eg set meg på biblioteket. Dersom eg ikkje har undervisning prøvar eg å bruka heile dagen på biblioteket (med varierande hell). Om kvelden er det som oftast trening før eg syklar heim ein gong mellom 19 og 22. 


Er det noko du synest er utfordrande ved å studere i Storbritannia?

Språket var veldig utfordrande i starten, men det vart eg fort van med. Elles tok det tid å venna seg til kulturen, spesielt alle «sorry». Det var lett å verta oppfatta som sassy eller overlegen i starten då eg ikkje var så god på dette. Det mest utfordrande no er nok at semestera er så korte at det vert ekstremt hektisk og lange dagar, og eit veldig press på at du må gjera det bra viss du skal studera vidare.

LES OGSÅ: Forskjellen på England og Norge

Les også: Her får du tilleggsstipend som utenlandsstudent

Korleis er prisnivået og leigeprisane der du studerer?

Du får ein grei student flat eller studenthus for rundt £90 i veka med alt av rekningar inkludert, så det blir vel rundt 4000 NOK i månaden. Det er generelt billegare enn Noreg, kino er rundt 50-lappen for studentar og ein bytur er vesentleg billigare. Det er og studentrabattar på alle moglege butikkar og tenester så der kan du fort spara litt, men eg badar ikkje akkurat i pengar.

Kva gjer du når du ikkje er på skulen?

Då er eg stort sett anten på fotballtrening med damelaget på universitetet, på dans med dansesociety’en, på sportssenteret eller på social med fotballaget. Social’s er stort sett ut på byen, ofte med tema-vors, så det blir mange festlege antrekk. Og så er eg aktiv i ANSA både i Lancaster og i Storbritannia.

LES OGSÅ: Victoria studerer hospitality management i London


Korleis er studentmiljøet der?

Eg vil seia det er eit godt studentmiljø. Du må sjølvsagt gjera ein innsats, men det må du vel nesten uansett kor i verda du studerer. Eg likar veldig godt at me har så mange forskjellige societies og klubbar på skulen, det gjer det mykje enklare å verta kjend med folk på tvers av studieretning, årskull og college.

Les også: Studere i utlandet? Dette må du tenke på før du reiser!

Vil du tilråde andre å studere ved din skole, og har du eventuelt nokre tips til nye studentar?

Absolutt. Eg kjenner ingen som har angra på at dei har studert i utlandet, men mange som angrar på at dei ikkje reiste ut. Dersom du absolutt ikkje likar det er det jo berre å reisa heim, Noreg er der alltid. Mitt viktigaste tips er å sjekka leilegheit/hus NØYE før du signerer. Det er ganske utruleg kor dårleg standard du kan få, og kontraktane er ofte veldig vanskelege å komma seg ut av når du har signert. Elles er det beste tipset å bli med i societies, sportsklubbar og ANSA. Då er du garantert venner.

LES OGSÅ: Jhooti studerer Brand Leadership i England