N orske universitet held eit nivå som knapt kan måle seg med dei beste i verda. Berre i England finst det 18 universitet som er rangert høgare enn vår besteplassering.

Den internasjonale utdanningsnettstaden QS.com gir kvart år ut ei rangering over dei beste universiteta i verda, basert på mellom anna akademisk prestisje, studentevalueringar og publiseringar.

USA og Storbritannia kaprar dei fleste høge plasseringane, medan Noreg finn sin første representant, Universitetet i Oslo, på ein beskjeden 101. plass.

 

QS LISTE OVER VERDAS BESTE UNIVERSITET:

1. Harvard University, USA

2. University of Cambridge, UK

3. Yale University, USA

4. University College London (UCL), UK

5. University of Oxford, UK

 

NORSKE PLASSERINGAR

101. Universitetet i Oslo

144. Universitetet i Bergen

270. Norges Teknisk-Naturvitenskaplige Universitet (NTNU)

302. Universitetet i Tromsø

 

Nikolina Søgnen (21) studerar ved Universitetet i Oslo, men er for tida på utveksling til University College of London (UCL), som i følge QS er det 4. beste i verda.

Ho merka umiddelbart skilnadane mellom dei to universiteta.

Her er det eit større intellektuelt miljø. Dei er flinke på akademiske debattar, og har mange fagtidsskrift. Dessutan samarbeider universiteta her seg imellom, noko som sørgar for eit høgt fagleg nivå, seier Søgnen.

 

Nærleik til professorane

Medan dei prestisjefylte internasjonale universiteta har overskot til å gi kvar student god oppfølging, må dei norske lærestadane stadig kutte i undervisninga.

Universitas meldte tidlegare i år om at antal studentar per undervisar kan kome opp i rundt 30 ved Universitetet i Oslo.

Nikolina Søgnen hevdar færre studentar per forelesar både aukar tilbakemelding og skjerpar motivasjonen.

Her er det ni elevar per undervisar, og dette gjer at ein kjenner seg som ein bidragsytar heller enn ein passiv mottakar. Professorane ramsar følgeleg ikkje opp fakta, men er interesserte i å høyre kva studentane meiner. Dei stiller høge krav, men når ein føler seg som ein del av ei mindre klasse, vil ein jo ikkje skuffe dei andre.

Det er såleis ikkje påtvunge å lese mykje, men gjennom undervisninga forstår ein at det er til eins eige beste, forklarar den norske studenten. 


 

Ambisiøse studentar

I England, gjerne rekna som eit tydelegare klassesamfunn enn Noreg, kan dei beste skulane også bli assosiert med den øvre middelklassen og overklassen.

Søgnen vedkjenner likevel ikkje at klasseskilja kjem så tydeleg til uttrykk på UCL.

Mange av studentane har nok ein del å rutte med, ein ser ein del som spradar rundt med ekte Chanel-vesker, for å seie det sånn. Men det er ei blanding av alle typar folk her, og fellesnemnaren er at dei kom inn basert på tidlegare faglege prestasjonar, ikkje storleiken på bankkontoen.

For ein tydeleg skilnad viste seg tydeleg kort etter semesterstart: det høge faglege ambisjonsnivået.

Her er det berre karakterane frå sisteåret som har noka betydning vidare. Men det hindrar ikkje enkelte av medstudentane mine i å jobbe hardt, og prate som om dei skulle vere 40 år. Det er stor akademisk konkurranse her, og studentane verker veldig flinke i faglege diskusjonar, fortel Søgnen.

UCL vart grunnlagt i 1826 som eit sekulært motstykke til Oxford og Cambridge, og skryt av å vere Englands tredje eldste universitet.

Det var det første universitetet som tillot studentar frå alle religionar, og det første til å ta inn kvinner på likt grunnlag som menn. Og sjølv om den spesielle historia og den høge prestisja nok tiltrekk seg mange karrierejagarar, hevdar Søgnen at den personlege erfaringa veg meir.

Eg tenkjer ikkje så mykje på verdien av å ha dette året på CV'en, seier Nikolina. UCL er jo faktisk ikkje så kjend i Noreg, og eg trur ikkje at arbeidsgivarar vil tilsetje meg berre fordi eg har studert her.

Men det er verkeleg spennande, å få innblikk i ein institusjon med eit så høgt akademisk nivå, avsluttar Søgnen.