(StudentTorget.no):

Korleis fann du ut at det var hit du ville reise?

Eg kontakta ein agent, som informerte meg om fleire ulike skular i England. Gjennom heile søknadsprosessen hadde eg ein veldig god kjensle på Anglia Ruskin University. Då eg våren 2009 fekk vite at eg hadde kome inn, var valet eigentleg ganske lett.

 

Fortel litt om skulen og studentmiljøet?

Anglia Ruskin University har 30 000 studentar og feira 150-årsjubileum i 2008. Skulen er fordelt på to campus`, den eine ligg i Chelmsford og den andre i Cambridge. Sistnemnde er ein av dei eldste byane i England og dessutan ein av dei mest kjende studentbyane i Europa.
Det er 109 000 innbyggjarar i Cambridge og 22 000 av desse er studentar. Det høge studenttalet er med på å prege byen. Det er alltid noko som skjer, og byen har mykje å freiste med.

Svært mange av studentane ved skulen er internasjonale studentar, noko som er med på å prege studentmiljøet. Student Union arrangerer ”studentkveldar” på campus fleire gongar i veka, noko som er veldig populært. Elles finnes det eit stort utval av kafear, butikkar og treningssenter på campus.

 

Fortel litt om studiet og undervisninga

Eg har nettopp tatt fatt på mitt andre år på ein bachelorgrad i media og er veldig fornøgd med undervisninga. Eg har til ei viss grad fått velje kva slags fag eg vil ta, noko eg synest er veldig greitt. Eg har ganske få timar med undervisning i veka, noko som gjer at eg i stor grad må studere på eiga hand.

Dersom eg har spørsmål om dei ulike faga eller er på utkikk etter relevant litteratur og liknande, er det lett å kome i kontakt med professorane (både i kontortida, men også per mail når det til dømes er feriar). Professorane er flinke til å gje tilbakemeldingar på prosjekter og essays, og vi som studerer medie-fag kan sende inn utkast til essays og prosjekter for å få ei vurdering før innlevering.



Korleis var søknadsprosessen?

I søknaden måtte eg leggje ved eit såkalla Personal Essay, i tillegg til å skaffe referanse frå ein lærar. Heile søknadsprosessen gjekk gjennom UCAS, noko eg syntest var litt vanskeleg, sidan det er ganske annleis frå Samordna opptak. Heldigvis fekk eg god hjelp av agenten, så då gjekk det bra.

 

LES OGSÅ: Steg-for-steg: Slik fyller du ut UCAS-søknaden

 

Korleis er prisnivået der?

Det meste i Storbritannia er mykje billegare enn i Noreg. Dersom ein handlar mat på supermarknader som til dømes Tesco og Asda, kan ein spare mykje pengar. Mat, alkohol og til ei viss grad kle, ligg på eit heilt anna prisnivå enn heime. Dersom ein er tidleg ute, er det fullt mogleg å få billeg fly- tog- og bussbillettar til destinasjonar i heile Europa.

Sidan Noreg ikkje er med i EU, må norske studentar betale meir i semesteravgift enn studentar frå EU-land. Skuleåret 2010/2011 betalar eg om lag 9500 pund ved Anglia Ruskin University. Tidlegare har det vore slik at dersom ein er norsk student og har over 4 i snitt frå vidaregåande, kan ein søkje om å få 1000 pund i avslag på skulepengane.

 

Kor mykje betalar du for å leie bustad?

Vi er tre personar som til saman betalar 1350 pund i månaden for eit hus nær sentrum. Eg betalar om lag 400 pund, men då er ikkje internett, straum eller vatn inkludert.

 

LES OGSÅ: Praktisk informasjon om å studere i Storbritannia

 

Kva gjer man i fritida?

Mykje av fritida går med til universitets-arbeid. Elles så har Cambridge fleire parkar som er perfekte dersom ein vil slappe av. Her er gode shopping-moglegheiter, og London ligg berre 45 minutt unna med tog.

 

Kva synest du er det beste med å studere der?

Eg er veldig fornøgd med linja eg går, og føler eg får eit stort personleg og akademisk utbytte. Cambridge er ein fantastisk by å vere student i. Det er alltid noko som skjer på kveldane, enten i form av konsertar, uteliv eller arrangementer på skulen.

 

LES OGSÅ: Reiseguide: 10 ting du bør oppleve i Storbritannia

 

Er det noko du synest er negativt eller utfordrande med å studere i England?

I byrjinga var språket ei utfordring, men det er noko som går seg til etter ganske kort tid. Mitt største ”problem” i England, er nok at det er ein del ting som ikkje fungerer like bra som heime i Noreg. Dersom noko skjer med huset (straumen går, ting vert øydelagde etc.), kan det ta litt for lang tid før dette vert fiksa. Det same gjeld ved universitet, fleire gongar har eg opplevd at det tek lang tid å få svar på spørsmål som gjeld til dømes stipendordningar og skulepengar.

 

Har du noen tips til andre som ønskjer å studere i England?

Det er viktig å vere bevisst på at dersom ein har norsk bankkort, så kan ein ofte verte trekt ekstra for å bruke dette i Storbritannia. Storbritannia har fleire gode rabattordningar for studentar, og eg anbefaler studentar å nytte seg av desse (Railwaycard, NUS card etc.)
Og for all del, hugs å respekter den britiske køkulturen! 
 

Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss:


Annonser:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen: