(StudentTorget.no): 

Etter kvart blei det så mykje at eg måtte avgrense min entusiasme for jeans overfor kundar i butikken, seier Jens Olav Dankertsen.

Han står bak merket Livid Jeans og er midt inne i fortellinga om korleis han starta i klesbransjen. Frå å ha ei gjennomsnitleg interesse for klede, fann han plutseleg seg sjølv i lange utgreiingar om materiale, ulike type vevingar og symaskiner. Kva skjedde?
 
Det var først i 2007 då eg byrja å jobbe i klesbutikk at, eg verkeleg utvikla ein stor lidenskap for jeans. Ikkje berre jeans som i vanlege olabukser, men historia bak, fargeprosessar og passform, fortel han.
 
Dankertsen byrja å lese seg opp på temaet, jobba seg oppover i kleskjeda Carlings i Trondheim og fekk erfaring frå det suksessfulle designmerket JohnnyLove. No studerer han økonomi, for å lære seg å drive Livid Jeans på ein god måte.
Livid Jeans
  • Etablert i Trondheim i 2011 av Jens Olav Dankertsen.
  • Starta av kjærleik til jeans, handverk og gamle tradisjonar.
  • Utvidar også med tilbehør i lær, vestar og skjorter.
  • Utsal i Kjøpmannsgata 29 i Trondheim.
 
www.lividjeans.com

LES SISTE CAMPUS ONLINE HER!

 

Sjeldne tekstilar

 
Essensen av Livid Jeans er å heidre handverk og gamle tradisjonar, ved å lage noko som varer. Dankertsen er stadig på jakt etter nye og sjeldne materiale der opphavet og kvaliteten er vesentlege faktorar. Mesteparten av denimen kjem frå Cone mills, som stammar tilbake til North Carolina i 1905. Spesielt merksam er designaren på japanske kvalitetar eller rullar som har lege ubrukt på loft i USA i mange år.
 
Dankertsen står åleine bak merket, men det blir drive framover av eit kreativt kollektiv.
 
Tanken har alltid vore å utvikle langsiktige relasjonar med arbeidspartnarar som vil bidra til å føre Livid Jeans vidare. Samtidig er det ei viktig oppgåve for oss å fronte bidragsytarane vidare i den grad det går, seier han.
 

 


GODT HÅNDVERK:  Essensen av Livid Jeans er å heidre handverk og gamle tradisjonar ved å lage noko som varer. 

Han brukar venane sine som utgangspunkt når han designar og er vel så opptatt av dei som har vanskar med å finne bra jeans.
 
 

Motet svingar

 
I oppstarten jobba Dankertsen fulltid ved sida av for å skaffe finansiering. Etter ni månader innsåg han at det ikkje var plass til fleire maskiner i leiligheita han har med sambuaren, og at han måtte leige eit studio. No finansierer merket seg noko sjølv, men Dankertsen må framleis bruke av eiga lommebok for at det skal gå rundt.
 
Det tok eitt år før designaren var fornøgd med sin første modell og byrja å selje jeans.
 
Motet svingar veldig. Eg er jo ingen utdanna designar eller mønstermakar, så her er det mykje prøving og feiling. No tar konstruksjonen kortare og kortare tid, og eg byrjar å få meir kontroll. Nokre saumar har kravd meir tid enn andre, så det viktigaste er å ha konkrete langsiktige mål som driv deg framover, fortel han.
 
Skisser er det lite av.
 
Eg føler meg meir komfortabel og opptatt av sjølve konstruksjonen og kva tekstilar som skal brukast. Designet i form av detaljar kjem etterpå. Eg startar alltid ein ny modell med å sette meg eit klart mål. Kven skal bruke denne modellen og kvifor?
 
 

Elskar gamle jeans

 

 


LIVID JEANS:  Bruk og kast er ikkje vår visjon, sier Jens Olav Dankertsen

Livid Jeans ligg i ei prisklasse noko over gjennomsnittet. Deira dyraste japanske kvalitet kostar 2700 kroner, medan deira billigaste stretchkvalitetar ligg på 1800 kroner. Dei har kun utsal i Trondheim, men får forespørslar frå heile landet, sjølv om det enno er eit ungt merke.
 
I all hovudsak ynskjer vi at verdien i produktet skal svare for seg sjølv. Vi lagar alle våre produkt på same måte som på 1800-talet. Alle saumar er fysisk bretta for hand, og buksene er sydde med maks fem maskiner. Der dei fleste jeans er laga ved hjelp av 40 blå hender, er Livid laga med to, forklarar han.
 
Masseproduksjon er ikkje noko mål. Å drive miljøvenleg og skape produkt som varer, er derimot viktig.
 
– Bruk og kast er ikkje vår visjon. Det skal vere ei historie mellom produkt og kjøpar. Når buksa di får hol, skal du gå til skreddar og fikse den. Gjer du det, varer den lenger og får meir karakter. Favorittbuksa di er garantert den som syng på siste verset. Tenk berre om den kunne vart enda lenger! fortel han engasjert.
 
Planen er å motta gamle Livid Jeans mot rabattar på eit par nye.
 
Eg elskar gamle jeans. Dei uttrykker ei tidslinje og fortel ei historie og har samtidig den finaste vasken du kan få tak i, fordi vasken og utrykket er forma etter deg som brukar. Er buksa ekstra fin, rammar vi den gjerne inn, set dato, alder og namn på og heng den til heider og ære i studioet!
 
Full dedikasjon til jeans.
 
 
Dette portrettet ble først publisert i Campus #2 2012.
 

LES OGSÅ: Skuespiller Tuva Novotny har aldri likt den røde løperen

LES OGSÅ: Derfor mener Morten Ramm at han er morsom


Annonser:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen: