(StudentTorget.no):
I ein radioreklame retta mot studentar som ventar på studielånet, lokkar Expert med ein eigen handlekonto for kundane sine. Ved å bruke denne skal ein kunne dele opp eller utsetje betalinga for varer utan å måtte betale gebyr eller renter. Men dette syner seg å ikkje vere tilfelle.
Både i reklamen om tenestene og på nettsidene til Expert har Forbrukarombodet funne vesentlege manglar:
- Kreditten er ikkje gebyr- og rentefri, slik den blir framstilt.
- Reklamen manglar informasjon som er påkravd etter finansavtalelova.
- Når kunden har surfa seg fram til kassen for å betale, manglar all lovpålagd kredittinformasjon.
Kan lokke unge til å handle på kreditt
På bakgrunn av dette meiner Forbrukarombodet at marknadsføringa til Expert bryt lova på fleire måtar. Forbrukaren får ikkje god nok informasjon, verken i reklamen eller på nettsidene, til å vite kva kredittavtalen faktisk inneber.
På Expert sine nettsider er til dømes ei vaskemaskin avbilda under ein lovnad om opptil 30 månader rente- og gebyrfri delbetaling. Men verken vaskemaskina eller andre produkt er mogelege å kjøpe på kreditt utan ekstra kostnadar. Vaskemaskina har ein kjøpspris på 2222 kr, medan kredittkjøpsprisen står oppført som 2699 kr.
– Slike feilaktige påstandar i marknadsføringa er spesielt uheldige fordi Expert her siktar seg inn mot unge som ofte manglar erfaring med kredittgjeld og dermed kan få økonomiske utfordringar av dette, seier fagdirektør Jo Torkel Gjedrem.
LES OGSÅ: Forbrukerombudets tips til en trygg studentøkonomi
Kredittkortavtale skjuler seg bak tilbodet
Forbrukarombodet har også bede Expert endre måten tilbodet om kreditt vert forklart på.
Når kunden kjem til kassen i nettbutikken og får opp alternativa for finansiering, manglar det låneopplysingar og prisinformasjon som er relevant for det aktuelle kjøpsbeløpet.
I tillegg er det uklart om tilbodet om utsett betaling eller delbetaling i praksis er eit tilbod om kredittkort, då dette ikkje kjem fram i løpet av betalingsprosessen.
Ombodet har no bede Expert snarast endre den lovstridige måten tilboda er oppbygde på.
– Kreditt kan ha store økonomiske konsekvensar for unge forbrukarar. Det er difor ekstra viktig at aktørar som marknadsfører slike tilbod, respekterer, held seg innanfor lova, avsluttar Gjedrem.