Korleis kom du fram til at det var til Sydney/Australia du ville dra?

Då eg tenkte eg skulle ta master fann eg raskt ut eg ikkje ville ta den i Noreg. Eg tenkte litt på England, men det freista å reise litt lengre vekk.

Ved hjelp frå Kilroy såg eg på skular i Oseania og Asia som hadde studieretninga eg ville ha. New Zealand freista òg, men då eg fann UNSW – ein anerkjend skule som òg fekk tilbod om tilleggsstipend frå Lånekassa – vart valet enkelt.

Sydney er ein storby og metropol med fine strender og nært til flotte naturopplevingar.

 

Utveksling i Australia

Namn: Sigvor Kristine Rullestad

Alder: 25 år

Frå: Etne i Hordaland

Studerer: International Relations

Studiestad: University of New South Wales i Sydney

 

Kva er den største forskjellen på å studere i Australia og i Norge?

I Australia forventar førelesarane meir av deg. Det er obligatorisk oppmøte, og du er nøydd til å komme førebudd for å kunne delta aktiv i diskusjonane.

På min master er undervisninga seminarbasert, så me er aldri fleire enn 30 studentar på kvart seminar, og det er forventa at alle er med.

Det er òg lagt opp til mykje diskusjon og oppgåveløysing i lag, så det er mindre slik at det er ein som står framme og føreles.

På mitt fakultet er det òg lagt opp til innleveringar og ikkje eksamen ved enda semester.

  

Fortel litt om studiet og undervisninga?

Studiet tar for seg fleire emne innanfor internasjonale relasjonar og politikk. Det er eit breitt spekter av fag ein kan velje mellom, og nokre obligatoriske fag.

Førelesarane og professorane er utruleg dyktige innanfor sitt felt, noko som gjer førelesningane veldig spennande. Dei driv òg med forsking i løpet av året og gir ut fleire anerkjende artiklar i løpet av studieløpet.

Det er eit krevjande studium, men òg veldig kjekt.


 

Korleis er ein vanlig studiedag for deg?

Sidan eg går på master er førelesningane/seminara på kvelden, då det er mange frå Australia som tar master i tillegg til jobb. Difor går eg ofte på biblioteket i 9-10-tida for å førebu meg til seminaret og jobbe med oppgåvene me har gjennom semesteret. Nokre dagar jobbar eg i lag med studievenner med fellesoppgåver.

På campus har du ein haug meg kafear og restaurantar, så eg et som regel lunsj/middag på skulen (dei har for det meste greie prisar på mat). Så går eg i time rundt 18.00.

 

Er det noko du synest er utfordrande ved å studere i Australia?

Semestera er ganske korte, så dei er intensive når dei er i gong, og det kan bli ei utfordring når ein først kjem ned.

Om ein har studert i Noreg før så har dei ikkje dei typiske faddervekene, og mange bur framleis heime, så det er litt vanskelegare å bli kjend med folk. Men det går raskt det òg.

Det kan nok være ein fordel å bu på studentheimane det første semesteret!

 

Korleis er rpisnivået og leigeprisane der du studerer?

Det er husleiga som tar den største biten av budsjettet, det første semesteret mitt betalte eg omlag 2000 kr i veka. Men eg håpar å finne noko billigare no, noko som er mogleg.

Sydney er ein storby og prisane er deretter, men det er mykje å finne på som ikkje kostar. Det er spesielt mange fine turar ein kan gå.

Kvar søndag er kan du reise så mykje du vil med offentleg transport for 2.60$ så det er ein bra dag til å oppleve Sydney og områda rundt.


 

Kva gjer du når du ikkje er på skulen?

I vekene er det helst skule eller jobb det går i sidan eg er så seint ferdig med undervisning.

Helgene bruker eg ofte til å komme meg litt ut, gå på tur og oppleve litt. Det gjer eg gjerne ved å finne litt kule plasser å ete. Eg besøker gjerne ein kul bar i Newtown eller eit bryggeri for å prøve litt forskjellig øl.

Undervegs i semesteret er det mest skule og studering, men me får lange feriar der det er mogleg å oppleve Australia og alt landet har å by på.

Før eg reiste heim til Noreg for ein juleferie rakk eg å besøke Melbourne, Whitsundays, Canberra og Tasmania. Det finnest mange flyselskap med billige billettar ut frå Sydney.

 

Korleis er studentmiljøet der?

Studentmiljøet ved UNSW er annleis enn i Norge, sidan mange framleis bur heime, men det er svært mange moglegheiter for å engasjere seg og å treffe nye folk.

Det finst klubbar for alle interesser, frå Tolkien til politikk og sport – det er noko for ein kvar.

Campus er òg veldig stort, så det er alltid noko som skjer.

Det er å kjekt å treffe folk for ein kaffi eller ein lunsj mellom slaga. Du har alt du treng der og meir til!


 

Vil du tilråde andre å studere ved din skule, og har du eventuelt nokre tips til nye studentar?

Ja, det er kjekt å få være del av noko så stort.

Førelesarane er så dyktige og det finst så mange ressursar på skulen for å hjelpe deg med å nå dine akademiske mål.

Skulen er lett å komme til og den ligg rett ved Coogee, som er eit avslappa strandområde i Sydney.

Det kan være litt overveldande i starten, men snakk med studievenner. Dei kjenner ofte på det same.

Skuleåret er svært effektivt så ein kjem kjapt inn i systemet.

Kom førebudd til undervisningane!