Norges Med om lag 3000 studentar og over 300 tilsette er Høgskulen i Volda (HVO) den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Kreative og aktive fagfolk og studentar gjer at den tradisjonsrike høgskulen står fram som eit fagleg og kulturelt kraftsentrum i regionen.
Volda ligg i Møre og Romsdal ved inngangen til dei vakre Sunnmørsalpane. Kommunen har om lag 8600 innbyggjarar og 2000 studentar. Den intime atmosfæren, dei korte avstandane og den tette koplinga mellom høgskulen og kulturbygda Volda, gjer at mange finn seg godt til rette her.
Studentveka og festivalar
Studiestaden Volda er kjend for sitt gode studentmiljø med arrangement som VEKA, Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, animasjonsfestivalen "Animaton Volda" og vintersportfestivalen X2 som dei store høgdepunkta. Det er studentane sjølve som skaper denne særmerkte festivalsetmninga år etter år, ei stemning som også trekk gamle studentar tilbake til Volda.
[Les meir om Studentveka og festivalar]
Studenthuset Rokken
Studenthuset Rokken er eit samlepunkt både for voldastudentar og publikum elles i regionen. Med ei nasjonalt anerkjend og populær konsertscene har Rokken etablert seg som ein fantastisk utestad der mange kjende artistar veit å lage god stemning.
[Les meir om Studenthuset Rokken]
LES OGSÅ: Mitt studium: Kristian studerer drama og teater i Volda
Høgskulen og campus
Høgskulen i Volda er ein internasjonalt orientert høgskule som tilbyr nokre av dei mest populære medieutdanningane i landet. Høgskulen har også mange andre solide og etterspurde yrkesutdanningar innanfor lærar- og førskulelærarutdanning, sosialfag og administrasjon og planlegging. Du finn også eit godt og breitt tilbod innanfor fagområde som språk og historie, musikk, idrett og friluftsliv, kunst og handverk og drama. Høgskulen i Volda kan no tilby heile fem mastergrader.
[Les meir om høgskulen og campus]
LES OGSÅ: Masterprosjekt i gravejournalistikk førte til stipend og flere artikler i VG
Bustad og velferd
I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Det er noko å tenkje på når studielånet skal betalast! Det er lett å få ein stor og god bustad til ein rimeleg pris og velferdsordningane for studentane er godt utbygde.