(StudentTorget.no): 

Kanadiske Leslie Feist har vore med i Broken Social Scene, ho har rappa med Peaches og sunge med Gonzales, men det er åleine, som Feist, ho verkeleg skin. «The Reminder» frå 2007 er ein favoritt hjå mange, og i fjor kom ho med oppfølgjaren «Metals». Gå ikkje glipp av hennar fantastiske stemme og originale låtar live. 6.mars/Sentrum Scene/Oslo. 

 

Glad i å reise? Opptatt av design? Bokserien Wallpaper City Guides dekkjer snart alle dei kulaste byane i verda. No er Oslo også kome med. Nye versjonar kjem titt og stadig, for storbyane endrar seg raskt. Sjekk ut og bestill dei nyaste på http://uk.phaidon.com/travel/. Finst også som Iphone app. 

 

 


KOMMER PÅ VEKA: Veronica Maggio skal ha konsert under Veka i Volda, her opptrer hun på UKA i ÅS høsten 2011.

Gjekk du glipp av kino og TV i haust, seier du? Kryp opp i sofaen med dei nyaste DVD-ane: «Melancholia», av Lars von Trier og med Kirsten Dunst, skremmer vettet av deg, men fascinerer med verdas undergang. Sesong to av BBC-serien «Downton Abbey» kan du sjå saman med mor di, medan de sukkar over dei feilslåtte romansane. Ute på DVD i januar. 

 

Ryan Gosling må vere både 2011 og 2012s store filmnamn. I fjor imponerte han med tiårets film, «Drive», og i komedien «Crazy, stupid, love», som begge kjem på DVD i februar. Snart er han igjen å sjå på det store lerretet i «The Ides of March» saman med George Clooney. Kinopremiere 17.februar.

 

I februar er det igjen tid for den tradisjonelle Veka i Volda, der studentar frå heile Sunnmøre samlast til revy, musikk og fest. Den har rykte på seg for å trekkje til seg Noregs største band – tidlegare har mellom anna BigBang, deLillos, Marit Larsen, Datarock og Timbuktu stått på scena. I år blir det konserter med store navn som navn som Veronica Maggio, Lars Vaular, Maria Mena, Pendulim DJ set, D.D.E og Egil Olsen.

15.-25. februar/Volda/www.veka.no

 

Mette Karlsvik fekk strålande kritikk for boka «Bli Björk», ei slags knausgårdsk forteljing om den islandske artisten Björk, sett utanfrå. «Usedvanleg vellukka romanbiografi,» skreiv Dagbladets meldar – og Campus legg til at du bør lese den, om du enno ikkje har gjort det. Samlaget/kr.369,-

 

LES OGSÅ: Slik blir kinoåret 2012

Denne saken ble først publisert i Campus #1 2012


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: