H o kan verke lita og uskuldig, men er likevel stor og fryktlaus.
2011 er spådd å bli gjennombrotsåret til Gitte Witt.
Fødd: 20.06.1983
Studert: The Lee Strasberg Theatre & Film Institute, i New York, frå 2005 til 2007; har tidlegare studert Dans og drama, ved Hartvig Nissen videregående skole og Den Europæiske Teaterhøjskole i Danmark.
Har medverka i mellom anna:
- Trust me, med Alexander Skarsgård
- Exteriors, med Allan Hyde
- The Impossible, med Ewan McGregor og Naomi Watts
- Kalde hjerter, siste film i serien om Varg Veum
- Erobreren, dramaserie på NRK
Drøymerolle: Eg ser på alle roller eg gjer som drøymeroller, men å få spele Hamsuns Victoria eller Julie i Romeo og Julie er ein draum. Elles drøymer eg om kven eg vil jobbe med, og den lista er lang.
På Nighthawk Diner, på Grünerløkka, kjem ei smilande kvinne inn frå snøveret.
Etter å ha studert og budd i New York i tre år, er det nok ekstra stas med ein amerikansk ’diner’ tvers over gata frå leilegheita hennar i Oslo.
Trass i at det er to år sidan Gitte Witt flytta tilbake frå New York, er det først dei siste månadene ho har opphalde seg fast i Oslo. Ho har mange jern i elden, og ligg ikkje på latsida, spesielt ikkje etter at snøballen har byrja å rulle.
Ein kan ikkje stoppe opp. Ein må fokusere på det ein har, halde fram med å jobbe; ikkje slappe av og tru at ting kjem av seg sjølv, seier Gitte.
I løpet av det siste året, har Gitte fått prøvd seg i lag med store namn som Allan Hyde og Alexander Skarsgård – begge kjende frå TV-serien True Blood.
I tillegg, spelte ho nyleg inn ein stor film kalla The Impossible, i Thailand, med mellom anna Ewan McGregor og Naomi Watts på rollelista.
I sommarferien, laga ho spelefilm saman med venegjengen, og i tillegg spelar ho prostituert i Varg Veum-filmen Kalde hjerter.
Som om ikkje det skulle vere nok, held ho no også på med innspelingar til Erobreren, den nyaste dramasatsinga til NRK, basert på romanen av Jan Kjærstad.

Det nye stjerneskotet
Norske medier har den siste tida kalla Gitte det nye stjerneskotet.
Trass i at ho har beina godt planta på jorda, er det nok heller ingenting i vegen for å kalle henne ein av årets største nyttårsrakettar òg.
Det ser ut som om 2011 blir året då Gitte får sitt store gjennombrot.
Sjølv tenker ho ikkje så mykje på det.
– Eg prøver å ikkje tenke for langt fram i tid, for då får eg panikk, trur eg.
Likevel er Gitte glad for at all merksemda kom av arbeid ho har gjort og ikkje av eit antrekk eller eit utsegn.
Korleis er det å verte omtala som eit stjerneskot?
Det er klart det er smigrande og hyggeleg. Det er kjekt at folk kanskje ser noko spesielt i meg, seier Gitte.
Likevel, kan det verte litt stressande å måtte leve opp til det, smiler ho og ser tankefullt ut i lufta.
– Eg er meg, og eg gjer det eg vil og skal gjere, og slik er det.
Og slik er det. Gitte gjer det ho har lyst til og brenn for. Og ingenting stoppar ho.
Det er berre å ”gønne på”, seier ho og smiler breitt.
I sommar, hadde Gitte nok eit prosjekt på gong. Bror hennar, Julian Hagemann, skreiv, i lag med Torkild Jarnholdt, manus til ein film som har arbeidstittelen ”Badeballen”. Det er ein nullbudsjettsfilm, og Gitte og dei andre i gjengen investerte løna si i arbeidet med filmen.
Frå mai til september, jobba Gitte, broren og venene - tjue gutar og to jenter - dag ut og dag inn på denne filmen. No er etterarbeidet i full gang, og dei planlegg å få filmen på kino til hausten.
Når ein går inn i eit prosjekt utan det evige pengemaset, jobbar ein for det på ein annan måte. Ein har alt å vinne, ingenting å tape, og må berre tru på det eitt hundre prosent, seier Gitte entusiastisk om prosjektet.
Gitte fekk prøvd seg i mange ulike arbeidsroller i løpet av denne filmproduksjonen, og det heile vitnar om eit breitt talentspekter, ikkje berre innan skodespelaryrket.
– Eg hadde ein del av castinga, var koordinator, lagde mat til alle på settet tre gongar dagleg og hadde ei rolle som kjærasten til den eine av gutane i filmen. I tillegg, var eg litt ekstra-mamma på settet, og no i ettertid fungerer eg som produsent.
Andre hadde fått hjarteinfarkt av mindre, men Gitte har ei stå-på-vilje, entusiasme og positivitet utanom det vanlege. Og vil ho ha noko gjort, så gjer ho det sjølv.
Ei kjem ingen veg med å sitje og klage over at ting tek tid og kostar for mykje pengar. Vi måtte berre køyre på, seier ho.
Stor kontrast
Det var stor kontrast frå filmen Gitte laga i lag med familie- og vennegjengen i sommarferien, til innspelinga av The Impossible i Thailand i haust.
Filmen er basert på hendingane i Thailand, då tsunamien traff i jula 2004.
Filminnspelinga vart ei sterk oppleving på mange måtar, mykje på grunn av den dystre tragedia filmen baserer sine hendingar på.
Likevel, var sjølve opplevinga av å vere med på ein slik produksjon ei positiv oppleving for Gitte.
– Det var svært fascinerande å vere med på ein slik produksjon, og det var sjuke forskjellar frå det eg hadde gjort eit par månader tidlegare heime i Norge. The Impossible har eit budsjett på 300 millionar, og ein føler seg heldig, når ein får bu så luksuriøst, i eit så flott paradis, og samtidig vere på jobb.
Hard konkurranse
Trass i at Gitte går det nye året i møte med eit fortveksande namn, fleire filmpremierar og prosjekt under vengene, meiner ho at ho framleis må kome seg gjennom eit trangt nålauge for å bevise noko.
– På audition konkurrerer ein mot så utruleg mange andre, som er veldig dyktige, og det er ikkje lett å bli plukka ut. Eg føler at eg er tilbake på scratch, for kvar audition eg er på.
Trass i at ho ikkje kom inn på Teaterhøgskolen, føler Gitte at ho ikkje treng å forsvare seg på same måten no som før.
Ho har bevist at ho kan spele mange ulike roller og at ho fungerer i mange ulike settingar.
Men på auditions må ein framleis, om ein skal få roller.
– Ein ønskedraum hadde vore å berre få ei rolle og å sleppe heile auditionen. Men ein blir van med å vere på utstilling og at folk måler ein opp og ned.
Er det ikkje litt slitsamt å heile tida skulle bli vurdert etter korleis ein ser ut eller ter seg?
Gitte ler litt, og fortel om ein av telefonane ho har fått.
Eg hugsar då ein castingansvarleg ringte meg og spurte om eg framleis var lita, tynn og bleik. Ho sa at det måtte eg ikkje endre på med det første, fortel ho.
Føler du at utsjånaden har mykje å seie for om du kan få ei rolle eller ikkje?
Det kan vere veldig provoserande, når folk set ein i bås på grunn av utsjånaden, og at folk føler du ikkje kan spele ei viss rolle, fordi du er for lita eller ikkje ser tøff nok ut, seier Gitte.
Eg føler likevel at dess meir eg får spelt og vist av meg sjølv, dess mindre blir eg sett i bås. Ein kan ikkje ta seg nær av det alle rundt ein meinar, då blir ein øydelagd, smiler ho.
Var aldri i tvil
Filmbransjen kan vere beinhard, slik sett. Å leve som frilansar er som ei berg-og- dalbane, seier Gitte, så trass i at ho kan leve av skodespelaryrket i dag, vert det mykje havregraut og heimemiddagar.
Men det har aldri vore nokon tvil med Gitte. Ho har alltid visst at det var dette ho ville. Heilt i frå ho, som lita jente, følgde mora på jobb og sprang rundt i gangane på NRK, der mora var redaksjonssjef i ungdomsredaksjonen.
– Eg var slett ikkje eit forsømt barn, som alltid måtte vere med mor på jobb. For meg, var det som å kome til paradis, når eg var med henne til NRK.
Her fekk ho vere med i små innslag sende på fjernsynet, og etter det var det aldri nokon tvil. Det var skodespelar ho skulle bli.
– Då eg var lita, elska eg merksemda. No er det ikkje lenger den som driv meg; det er meir det at eg får lov å bruke all erfaring og alt eg har inne i meg, til å skape noko. Det er som terapi for meg.
Gitte er lidenskapeleg opptatt av det ho driv med, og prøver alltid å tenke positivt.
Javisst, er ho lita og søt, men samtidig er ho beintøff og rå. Ho let seg ikkje skremme av jantelov eller negative kommentarar, og ventar ikkje på at ting skal bli gjort for henne.
– Ventar du på at andre skal ta trekka for deg i livet, er det lett å bli slått sjakk matt. Det einaste som stoppar deg her i livet, er di eiga frykt.
Breakfast at Tiffany’s (Blake Edwards, 1961)
Filmen er basert på en historie av Truman Capote og hadde filmikon og it-girl, Audrey Hepburn i hovedrollen.
En Sporvogn til Begjær (Elia Kazan 1951)
Basert på et kjent teaterstykke av den amerikanske forfatteren Tennesee Williams, var dette filmen som gav Marlon Brando sitt kommersielle gjennombrudd.
The Virgin Suicides (Sofia Coppola, 1999)
Regissør Sofia Coppola vant mange hjerter med sin debut The Virgin Suicides. Historien er et psykologisk drama med mystiske undertoner om 5 vakre og utilnærmelige søstre.