Gløym rosabloggane og butikkvindua. Om du verkeleg vil følgje med på motebildet, må du rette nasen mot det store utland. Campus guidar deg til nokre av dei beste gatemotebloggane i verda.


The Sartorialist



http://thesartorialist.blogspot.com/

The Sartorialist er den første gatemotebloggen som gjorde stor internasjonal suksess, og er kåra til ei av dei 100 viktigaste inspirasjonskjeldene for designarar av Time Magazine. Scott Schuman starta bloggen for å dele foto av folk han syns såg bra ut på gata i New York. Han jobba i moteindustrien i 15 år, og den spesielle forståinga hans av trendar og detaljar viser igjen på bloggen. I dag samarbeider han med dei største motemagasina, og The Sartorialist er utgitt i bokform. Schuman reiser rundt til dei store motemetropolane, men har base i New York. Felles for dei som blir avbilda av han, er ofte ein polert, eksklusiv stil, men både unge og gamle, med sporty og klassisk stil, er å sjå på bloggen til din inspirasjon.


Hel Looks


http://www.hel-looks.com/

Hel Looks viser mote frå gatene i Helsinki og vart starta opp i 2005. Bloggen dokumenterer individuelle, unike klesstilar. Utrulege fargekombinasjonar, store hårkreasjonar, 15 centimeter høge hælar og goth-kids. Bloggen forsterkar definitivt inntrykket vi har av finnane som spesielle og litt galne, men modige og med ein stil som ein ikkje kan sjå vekk ifrå. Det er langt frå Stureplan og Bogstadveien til Hel Looks. Om du synest nokon av antrekka blir for spesielle – ta utgangspunkt i ein detalj, ein farge eller eit mønster og la deg inspirere av det.

 

Facehunter


http://facehunter.blogspot.com/

«A man out and about in London and beyond: Eye candy for the style hungry,» står det på bloggen til Yvan Rodic. Etter The Sartorialist er han kanskje den mest kjende gatemotebloggaren i verda. Han har base i London og Paris, men reiser rundt i heile verda. Spesielt for bloggen hans er at han viser gatemote frå Afrika og Asia, og Rodic har også tatt turen til Noreg fleire gongar. Mannen har ein forkjærligheit for pene jenter, og det er ikkje alltid antrekket står i fokus. Stilen til menneska han fotograferer, er meir ungdommeleg og i hipster-gata enn dei du ser hos The Sartorialist. Facehunter finst også i bokform og samarbeider med galleri og motemerke over heile verda.

 

Jak & Jil


http://jakandjil.com/blog/

Fotografen Tommy Ton er den travlaste mannen under motevekene. På Jak & Jil publiserer han gatemotebilete frå Paris, London, New York og Milano. Bloggen hans viser ikkje vanleg gatemote, men gatemote frå motevekene, og ofte bilete av modellar og moteredaktørar. Det gir eit veldig styla og eksklusivt preg. Bileta blir også vist på Vogue-nettstaden Style.com. Amerikanske Vogue har sagt at «det er like essensielt å sjå fotoa til Tommy Ton under motevekene som sjølve moteshowa.» Ton starta bloggen etter å ha blitt inspirert av The Sartorialist og får i dag 1,5 millionar treff kvar månad. I byrjinga måtte han konkurrere med så mange fotografar at vanlege høgdebilete av folk vart vanskelege å ta, så han tok tilfeldige bilete med fokus på accessoriar eller nokon som gjekk vekk frå kameraet. Det har blitt kjenneteiknet hans.