Jardar Nygaard har berre positive ting å seie om studentliv i Kina. Bortsett frå at kinesarar snik i kø.

 Shanghai


- Over 12 millionar innbyggarar
- Kinas største by, verdas største hamneby
- Mykje engelsk og fransk arkitektur
- Kommunistpartiet i Kina vart stifta her

 

Nygaard er student ved BI i Oslo og har reist til Fudan-universitetet i Shanghai for å ta siste året av bachelor-graden. Han stortrivst i den kinesiske millionbyen og hevdar den framleis er eit uoppdaga reisemål for mange.

- Sjølvsagt treff eg ein del andre utlendingar her, men eg tykkjer nok nordmenn er litt treige med å få med seg kva som føregår i Kina. Fleire bør definitivt ta turen!

 

Praktisk undervisning

Nygaard studerer internasjonal marknadsføring ved BI og tek dei same faga ved Fudan-universitetet som han har teke i Oslo. Han meiner å sjå klare skilnader i undervisninga.

- Undervisinga er særs ulik frå den i Noreg. Fudan reknast som det tredje beste universitetet i Kina, og dei kan faga sine godt. Men den pedagogiske dugleiken er ganske varierande, seier BI-studenten, som har reist til byen saman med 20 medstudentar.

- Undervisninga er obligatorisk, ofte med to innleveringar og ei framføring i veka. Dessutan er det ei meir praktisk vinkling her, med fleire "case"-analysar. I Oslo var undervisninga meir teoretisk, og med færre innleveringar.

- Det er sjølvsagt litt uvant, men undervisningsformene komplementerer kvarandre på ein god måte. Det er fin trening å måtte prate framfor forsamlingar, og gjennom case-analysane får vi konkret kunnskap, både om kinesiske og andre internasjonale bedrifter.

 

Luksusliv, berre meir spennande

Jardar Nygaard hevdar ein lever eit komfortabelt liv som vestleg student i verdas mest folkerike land.

- Det er herleg å vere europear, og kanskje særleg nordmann, i Kina! Her har ein alt ein kan ønskje seg: god og billeg mat, spennande arkitektur og eit utruleg bra uteliv. For ikkje å snakke om dei interessante kinesarane, seier Nygaard, som har vore i Kina tidlegare. Han kunne prate litt kinesisk då han kom til Shanghai og har såleis fått høve til å knytte nærare kontakt med dei lokale.

- Det har nok gjort det lettare for meg å kome i kontakt med lokalbefolkninga enn dei fleste andre i klassen min, kommenterer han.

- Men kinesarar er stort sett opne og nysgjerrige på utlendingar. Sjølvsagt er det ein del kulturelle trekk som er uvande og til tider irriterande. Til dømes har mange her ein lei tendens til å snike i kø. Men dette blir kompensert for av dei positive sidene. Ein møter også andre utlendingar her, både asiatar og vestlege, og det er jo alltid gøy.

Dessutan lever ein særs godt på studielånet.

- Livet her kan ikkje kallast noko anna enn luksus - berre meir spennande. Maten er god, billig og variert, og folkelivet er yrande, fortel Nygaard nøgd.

 

Oppfordrar andre til å reise

Sjølv om mykje kan verke framand og eksotisk for dei som vitjar Kina, påpeikar den norske BI-studenten at det finst attraksjonar som minner om norsk natur.

- Naturen i Kina er nydeleg, og dei som kjem hit, burde i alle høve ta ein fjelltur. Men dei fleste fjella, eller i alle høve dei som vert vitja av turistar, har trapper, og det er jo ganske rart for oss fjellglade nordmenn, seier Nygaard, som oppfordrar fleire til å reise til det folkerike landet.

- Å vere vekke eit heilt år er ganske lenge, og i ein framand kultur kan ein fort lengte heim til rein luft, skiturar, brødskiver og familie, men slikt må ein uansett vere budd på om ein ønskjer å studere langt frå heimlandet. Å studere her er rett og slett veldig artig, avsluttar BI-studenten Jardar Nygaard.

 

 Studere i Kina:


- Skulepengar mellom 10 000 NOK og 35 000 NOK
- Lånekassen gir støtte frå og med det andre året av 4-årig kinesisk bachelor- grad
- Kinesisk språkkurs (ofte obligatorisk) støtta av Lånekassen
- Forskingsrådet deler kvart år ut ti stipend til studentar som vil studere i Kina
- Fleire norske universitet og høgskular har utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Kina
- Vanlegvis krevst det avlagt 60 studiepoeng med eit visst karakternivå for å kunne søke utveksling

 

Denne artikkelen er også trykket i studentmagasinet Campus


Annonser:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: