(StudentTorget.no):

Navn: Kristin Forland

Studiestad: Universitetet i Lodz i Polen. Tar ett år utveksling fra Høgskulen i Volda.

Studieretning: Bachelor i journalistikk med spesialisering i radio.

Korleis fant du ut at det var til Polen du ville dra?

Polen er eitt av dei landa som tilbyr undervisning på engelsk, så her er ein ikkje avhengig av å lære språket flytande.

Eg ville lære meir om Aust-Europa, og eg ville til ein middels stor by, så då var Lodz midt i blinken.
Og som ein ekstra bonus er det superbillig her.

Kva er den største forskjellen på å studere i Polen og i Norge?

Det må nok vere korleis faga på studiet er lagt opp og at miljøet er så internasjonalt. I Volda er vi omlag 60 stykker som tar samme fag, mens her i Lodz er vi 15-20 stykker på kvart fag. Nokre fag har eksamen til slutt, mens andre fag blir vurdert basert på kor aktiv du har vore i timane. Universitetet her er mykje større enn Høgskulen i Volda, så eg har mykje fleire fag å velgje i her. Dei fleste faga mine er spesialtilpassa Erasmus-studentar, så eg studerer med folk frå heile Europa, frå Kviterussland til Spania.

Korleis er ein vanlig dag i Polen?

Ein dag på universitetet her kan være alt frå to til seks timar lang. Som regel byrjar eg dagen klokka ti. Nokre fag er meir praktiske, til dømes er eg med på ein workshop der vi skal lage vår eigen avislayout ved hjelp av InDesign. Mens andre fag er teoretiske. Det er mykje diskusjonar i timane, og kor aktiv du er i timane er med på å påvirke den endelege karakteren i faget. To dagar i veka har eg polskkurs på ettermiddagen. Dette er valfritt, men anbefales. Å kunne litt polsk er nyttig, spesielt ved kjøp av togbillettar og liknande.

Korleis er studentmiljøet?

Studentmiljøet er veldig internasjonalt, og alle er veldig interessert i å bli kjent med nye folk. Det er mykje ulike arrangement for Erasmusstudentane, alt frå laserskyting og skyting til pub til pub-runde på byen. Det er ofte polske studentar med på aktivitetane, så det går fint å bli kjent med lokale folk og.

Før semesteret starta tok eg ein månads polskkurs, der eg blei kjent med mange andre som skulle ta eit år i Polen. Vi hadde skule saman på dagtid, spiste middag og gjekk ut på byen sammen i ein månad, så vi blei veldig godt kjent. Det var fint å allereie ha nokre venner då semesteret byrja, og via desse har eg blitt kjent med mange nye folk, frå mange ulike studieretningar.

Har du støtt på noken utfordringar underveis?

Den største utfordringa med å flytte her er busituasjonen. I Polen er det vanleg at to og to deler rom på studentheimen. Før eg kom ned her tenkte eg det ville vere uutholdeleg å ikkje ha eige rom, men det har gått overraskande bra. Leigeprisane i Lodz, og Polen generelt, er svært låge (omlag 1000 kroner for rom i kollektiv), så planen min er likevel å finne ein leilighet i sentrum. Men det er greit å starte året på studentheim, så blir ein lett kjent med nokon.

Utenom det har alt gått veldig fint. Før du kjem til Polen får du tildelt ein fadder. Fadderen min henta med på togstasjonen då eg kom til Lodz og hjelper meg om eg ikkje forstår timeplanen eller eg treng anbefaling av frisør eller anna. Internasjonalt kontor passer og godt på deg, og sender mail og minner om frister og slikt. Er det noko eg treng hjelp til pleier eg stikke innom der.

Kva gjer du når du ikkje er på skolen?

I helgene og på fridager reiser eg mykje. For ein hundrelapp kan du komme deg til Praha, Berlin, Krakow eller andre byar. Dei andre utvekslingstudentane er og reiselystne, så det er alltid nokon å reise saman med. Eg har foreløpig bare vore to månader i Polen, så ettermiddagene har stort sett gått ut på å teste ut kva byen har å tilby, alt frå konsertar til dansekurs. Vi går og mykje ut og spiser eller lagar middag saman på felleskjøkkenet.

Vil du anbefale andre å studere ved din skule og har du nokon tips til nye studentar?

Eg vil absolutt anbefale Universitetet i Lodz og Polen. Både universitetet og polakkane er veldig begeistra for utvekslingsstudentar, så ein blir veldig godt tatt i mot. Lodz er ikkje like kjent som Warszawa og Krakow, så her er dei kanskje ekstra glad for at folk vil studere i byen deiras. Byen er veldig billig, og livet som student i Polen er derfor mykje meir behageleg enn i Norge. Byen er full av studentar, så ein blir lett kjent med folk.

Mitt beste tips til andre som vil studere i Lodz er å ta EILC-polskkurs. Det varer ein månad, og her lærer ein ikkje bare språket, men blir tatt med på ekskursjonar og turar både i og utanfor byen. Du får og masse gode venner frå heile Europa.