Hva var det som gjorde at du valgte Sogndal som studiested?

Eg valte å studera i Sogndal, fordi det ikkje var altfor langt vekke frå heimstaden min, åmstundes som det var ein heilt ny plass med nye folk.

Eg hadde også høyrt mykje positivt om både staden og høgskulen frå vener og kjente.

 

Mitt studie:

Navn: Irlin Charlotte Mandelid

Alder: 22 år

Studie: Grunnskulelærarutdanning 1-7 klasse

Studiested: Høgskulen i Sogn og Fjordane (nå Høgskulen på Vestlandet - Campus Sogndal), i Sogndal

 

Hvordan er studentmiljøet i Sogndal?

Ein stor del av befolkninga i Sogndal er studentar, og bygda har lagt mykje til rette for at studentane som kjem skal ha det fint her.

Det er alltid noko kjekt som skjer, noko mellom anna studentsamfunnet i Sogndal (SIS), og dei ulike studentorganisasjonane sørgjer for.

 

Hva er det du liker best med Sogndal?

Det eg liker best ved Sogndal er at det er kort veg til alt; både handlesenter, ulike aktivitetar, fjord og fjell.

 

Hva liker du minst?

Etter nokre år i Sogndal, kan plassen gjerne byrja å følast litt liten, men mesteparten av tida er det ein positiv ting.

 

 

Hvordan er leiemarkedet i Sogndal?

Om ein samanliknar med dei store byane, trur eg leigemarkedet i Sogndal er bra.

Men det er ganske dyrt her, i forhold til kor lita bygda er.

 

Hvordan er utelivet i Sogndal, og hvilket utested vil du anbefale?

Det er ikkje meir enn tre-fire utestader å velja i, då Sogndal er ein relativt liten plass. Men, det er alltid mykje folk og god stemning ute.

Studenthuset «Meieriet» er å anbefala, for dei som til dømes likar konsertar og dansing.

Medan «Lægreids puben» er meir for dei som likar å sitja å prata eller spela biljard.


 

Hva er det man kan finne på ellers på fritiden i Sogndal? (For eksempel turområder, sport etc.)

Det er veldig mange fine turområde i umiddelbar nærleik til Sogndal, og gode moglegheiter for å stå på ski om vinteren.

I tillegg, skjer det stadig vekk noko i kulturhuset, på treningssentera og i studenthuset.

Det finst også mange idrettar og andre interessegrupper ein kan vera med i dersom ein ynskjer.

 

Hvordan ville du beskrevet den typiske lokalbefolkningen?

Den typiske lokalbefolkningen har fin dialekt, men menger seg ikkje så veldig mykje med studentane.

 

Hva ville du sagt til andre som vurderer å flytte hit for å studere?

Flytt til Sogndal og få ei minnerik studietid!