Reisebrev fra Aachen, Tyskland

 

Namn: Linda Nesje

Alder: 23 Studiestad: Aachen, Tyskland Universitet: Rheinisch-Westfälische Technische Hochschule (RWTH) Studie: Ingeniørgeologi (Sivilingeniør)

Etter 3 år i Trondheim, fann eg ut at det var på tide med litt endringar i kvardagen og bestemte meg for å ta 4.kl som erasmus-student i utlandet. Eg valde Aachen både fordi universitetet her er velrenomert og fordi byen er kjend for det gode studentmiljøet sitt. Eg ville heller ikkje bu i nokon storby. Aachen er ein liten, koseleg tysk by med rundt 250 000 innbyggarar, der ein stor del av innbyggarnane på ein eller annan måte har tilknytning til RWTH (universitetet). Sidan det er ein studentby finst det studentrabattar på nesten alt du kan tenke deg, så livet som student er vesentleg billigare enn heime i Noreg. Som student får ein ta bussen gratis i tillegg til gratis tog til både Köln og Düsseldorf + ei rekkje mindre stadar i nærleiken. Leiligheit får ein lett til under 2000kr månaden. Aachen ligg også svært sentralt i Europa, så for dei som er reiselystne, er dette absolutt ein bra plass!

Studentmiljø

I store klassar kan det vere vanskeleg å bli kjend med dei tyske studentane. Det gjeld å velge eit par fag der enten klassane er små eller ein blir delt inn i grupper for prosjektarbeid. Men når ein først har blitt kjend med eit par tyskarar blir ein raskt kjend med fleire. Tyskarane er glade i øl, bli med dei på ein pubrunde og vips så har du nye venner. Det er også eit stort miljø for utanlandske studentar i Aachen. Dei to organisasjonane AEGEE og INCAS arrangerer alt frå utflukter til festar og grillkveldar kvar veke, og her er det lett å bli kjend med andre studentar. Om du er ERASMUS-student blir du tatt opp i ei faddergruppe allereie første veka.

Fritidstilbod / Uteliv

Utelivet i Aachen går det ikkje an å klage på! Her er det pubar på kvart hjørne, og høg partyfaktor både i helgane og elles. Innan sport er her noko for ein kvar smak. Universitetet har eige idrettslag der alle studentane er medlemmar gratis. Om du driv med ein eller annan sær sport skal du ikkje sjå bort frå at du finn likesinna her. Alt frå aerobic og kampsportar til seglflyging. Her er også teater og fleire kinoar, bl.a. har RWTH eigen kino. I Köln er også ein del konsertar, og som sagt reiser ein dit gratis og turen er unnagjort på ein times tid. Her finst også ein del billige butikkar for fattige studentlommer, og i midtbyen rundt domen og rådhuset finn ein mange små uterestaurantar der ein kan nyte eit glas pils eller ein is i sola. Her er også fleire populære parkar. Om du likar sykling er her oppskilta sykkelruter, og ein enkel sykkel får du kjøpt til under 300 kr.

Topp 5 grunnane mine til å studere akkurat her:

 

 RWTH er eit stort universitet i ein liten by. Lett å bli kjend og å finne seg til rette. Og til no har det aldri vore skummelt å gå åleine på kveldstid.  Gratis språkkurs i mange forskjellige språk – på kveldstid slik at det ikkje kolliderer med forelesingar! Også veldig bra og sosialt tysk-språkkurs for erasmus-studentar.  Lett å reise rundt, mange internasjonale togruter går gjennom nettopp Aachen.  Stort internasjonalt miljø. Her blir du ikkje berre kjend med tyskarar –etter berre nokre veker kjende eg folk frå store delar av Europa, USA og Sør-Amerika. Slik lærer ein mykje om andre kulturar!  Stort sett billig å fly til Oslo, og turen tek max 2 timar.

 

Negative ting:

 

 Semesterinndelinga. Her har ein ikkje sommarferie på same måte som i Noreg, då alle eksamenar er lagt til "ferien". Du kan altså ende opp med å ha eksamen i siste veka før det nye semesteret startar.  I følge lånekassa må ein samle 30 ECTS-poeng per semester. Det kan bli eit problem her, då mange fag gjev under 3 poeng pr semester. Men eg har forstått det slik at dette er ei overgongsordning og kjem til å bli ordna i løpet av dei neste åra.  Nesten alle forelesingar går på tysk, så om du ikkje meistrar språket kan det bli litt problematisk. Eg sleit i allefall litt første månaden

 

 

(Publisert 15.05 2006)


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: