Navn: Are Kalvø

Alder: 36

Utdanning: Statsvitskap / sosiologi / kunsthistorie på Blindern

Yrke: Skribent / radiomenneske.

 

 

Are Kalvø om studietiden

 

- Hvordan var studietiden?

Studietida var ei tid då eg fekk tid til alt. Eg gjekk på uhorvelig mange kulturarrangement som eg i liten grad forstod, eg såg utrulig mange filmar som var veldig lange og ikkje på engelsk, eg leste bøker eg er meir glad for å ha lese enn eg faktisk var for å lese dei, eg drakk ein heil del øl, gjekk på kino heile tida, reiste på rare helgeturar og sat mykje ved kafébord og snakka høgt om ting eg ikkje hadde bakgrunn for å meine noko som helst om. Det siste gjer eg ofte enno, men korleis eg fekk tid til alt det andre, forstår eg ikkje. Studerte gjorde eg også.


- Hva er den morsomste episoden du husker fra studietida?

Ikkje hysterisk morsomt, kanskje, men i alle fall litt snodig, var ein munnlig eksamen i sosiologi der det einaste spørsmålet eg fekk var om ei sjølvald bok: "Denne boka har eg ikkje høyrt om, kan du fortelje litt om den?" sa sensoren. Eg trudde det var ei felle. Det var ikkje det. Han hadde ikkje høyrt om boka. Utfrå det eg sa meinte han at dette måtte vere ei interessant bok. Han noterte ned tittelen på ein lapp, la lappen i lomma og sa han skulle gå på biblioteket og låne boka ein dag. Og det var den eksamen.


- Hva gjorde du på fritida?

Studerte.



- Har du noen kjipe minner å fortelle om?

Dei må eg ha fortrengt. 
 


- Savner du studentlivet?

Det hender eg opptrer på studentarrangement og lar meg overtale til å ta ein øl eller to etterpå. Då tenker eg ofte at dette er livet og at eg aldri skulle slutta på universitetet. Seinare på kvelden tenker eg ofte at verda ville vore ein betre og vakrare stad om alle var litt meir som studentar. Allereie på veg tilbake til hotellet innser eg at eg berre er ein patetisk trettiseksåring på besøk.
 


- Til slutt, har du noen gode råd til dagens studenter?

Ta dykk godt av patetiske trettiseksåringar som er på besøk.

LES OGSÅ: Berte Rommetveit - Min studietid