(StudentTorget.no):

Navn: Synnøve Kvamme

Alder: 21 år

Studerer: Førsteåret på bachelor i administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen

Aktuell med: Talsperson for Hardangeraksjonen som har kjempa ein innbiten og langvarig kamp mot dei såkalla monstermastene i Hardanger.

 
Hvordan fant du ut at du ville engasjere deg i Hardangeraksjonen?
 
Engasjementet mitt i Hardangersaka starta då eg var 14 år og sat i ungdomsrådet i heimbygda mi, Granvin. Heilt sidan eg lærte meg å gå har foreldra mine tatt meg og systrene mine med på turar i fjellet og i båt på fjorden, så eg har alltid hatt eit nært forhold til naturen. Så då me høyrte om Statnett sine planar om å bygga ei 90 km lang høgspentlinje med stålmaster på opp til 45 meters høgde tvers gjennom landskapet eg har så kjært, var det berre naturleg for meg å reagera. Statnett sin grenselause arroganse og totale mangel på interesse for lokalebefolkninga synspunkt, gjorde meg desto meir provosert og kamplysten. 

 

NATURLIG Å REAGERE: Synnøve har alltid hatt et godt forhold til fjellene og fjordene i Hardanger, og tok gjerne opp kampen mot monstermastene.

 
Gjennom ungdomsrådet arrangerte me fakkeltog, demonstrasjonar både i Hardanger, Bergen og framfor Stortinget, skreiv brev og avisinnlegg, ofte i samarbeid med Hardangeraksjonen. Då eg var 19-20 år og gav meg som leiar i ungdomsrådet, var det ein naturleg overgang å kjempa vidare gjennom Hardangeraksjonen.
 
Det byrja som ein kamp for å verna den unike Hardangernaturen mot eit massivt inngrep, men utvikla seg etterkvart til å bli like mykje ein demokratikamp: I løpet av den mangeårige prosessen vart lokaldemokratiet fullstendig overkøyrt, Statnett og politikarane skifta argumentasjon for kraftlinja gong på gong, heldt hemmeleg viktige rapportar og manipulerte folket med løgn og skremselspropaganda.
 
 
Hva er deres hovedargumenter mot mastene i Hardanger?
 
Som nemnt har både Statnett og politikarane fleire gonger endra argumentasjon for kvifor kraftlinja gjennom Hardanger måtte byggast, men det siste argumentet dei tok i bruk var at Bergen trong straum, og at det var så kritisk at byen kom til å gå i svart utan Hardangermastene. Hardangeraksjonen sine viktigaste argument er:
 
Som påvist av uavhengige ekspertar, er det ikkje noko straumkrise i Bergen. Behovet for reservestraum i ekstremvintrar vil verta dekka av den nye linja Mongstad-Kollsnes. I tillegg er det ifølgje undersøkingar gjennomført av Bellona og Siemens påvist at Bergen kan spara 29 % straum ved hjelp av energieffektiviserande tiltak.

 

FERDSELSFORBUD: Synnøve har blitt ilagt et ferdselsforbud på omlag 14 millioner kvadratmeter av Hardanger.

 

 
Det er ikkje straum til Bergen som er den eigentlege grunnen til at kraftlinja gjennom Hardanger vert bygd. Den enorme overkapasiteten i seg sjølv er bevis nok på dette, og vert i tillegg underbygd av tal i Statnett sine eige, hemmeleghaldne rapportar. I løpet av dei siste åra har det stadig vorte klarare at krafta frå Hardanger skal eksporterast til utlandet og forsyna oljeplattformar med straum. Straum til Bergen vert brukt som argument av to grunnar: For det første må då straumkundane i Hordaland betala for bygginga i form av auka nettleige, for det andre kan myndigheitane påstå at det hastar slik å sikra Bergen med straum at det ikkje er tid til å bevara landskapet ved å legga linja som sjøkabel.
 
På bakgrunn av dette meiner Hardangeraksjonen at vedtaket er lovstridig og dermed ugyldig, ettersom det er basert på usanne påstander om Bergen sin straumsituasjon. I tillegg har prosessen vore udemokratisk på grunn av hemmeleghald av vesentleg informasjon, manipulasjon i form av krisemaksimering av Bergen sin straumsituasjon og overkøyring av både lokaldemokratiet og den sterke motstanden i landet generelt. I tillegg vart mastene bestilt og kontrakt med entrepenør signert eit halvt år før vedtaket.
 
I Noreg har me allereie ein overflod av fornybar energi. Hardangeraksjonen er imot at det vert lagt til rette for nye høgder av sløseri, og ynskjer derfor å fronta oppgradering av eksisterande anlegg, energisparing- og effektivisering i staden for nye, skjemmande utbyggingar. Der det er eit reelt behov for nye overføringslinjer, har me råd til kabling. Det blir trass alt mindre og mindre urørt natur att på kloden vår! Utbyggingsgalskapen som pågår i Noreg er ikkje berekraftig og vil ikkje føra til reduksjon i bruk av fossile energikjelder.
 
 
Har du fått noen dommer eller bøter i forbindelse med demonstrasjonene?
 
Eg har blitt arrestert av politiet fire gonger, to av dei vart eg henta i helikopter. Til saman har eg 35 000 kr i bot, og politiet har meldt meg to gonger for ikkje å ha søkt om løyve til å demonstrera. Berre éi av dei fire sakene har vore i retten enno, så eg går utifrå at sluttsummen kjem på minst 50 000 kr når alle sakene er ferdig handsama. I tillegg til dette har eg ferdsleforbod i ca 14 millionar kvadratmeter av Hardanger.
 
 
Hvordan var det å bli kåret til «Årets Nordmann» av «Ny Tid»?
 
Det var heilt uventa, men utrulig kjekt! Veldig motiverande å sjå at innsatsen me har lagt ned vert lagt merke til og sett pris på (bokstavleg talt), og at me har nådd fram med bodskapen vår. 
 
 
Hvordan er det å kombinere studier med å være aktiv politiker og aktivist?
 
Eg slit litt med sjølvdisiplinen for å seia det slik. Engasjementet mitt i Hardangeraksjonen kjem i første rekke og går derfor ofte ut over andre gjeremål. I staden for å lesa slik eg burde gjera, kan eg til dømes verta sittande å lesa nyheiter om kraftpolitikk og nye utbyggingsprosjekt. Å vera politikar krever òg sitt, det er alltid mykje å setja seg inn i og ta stilling til i førekant av eit kommunestyremøte. Så studiane vert ofte nedprioritert dessverre, men det er jo berre fordi eg ikkje er flink nok til prioritera dei.

 

GRÅDIG SAMFUNN: Synnøve mener drivkraften bak utbyggingen er et umettelig begjær etter stadig mer materiell rikdom. 

 

 
 
Hva er det beste med å studere?
 
Møta nye folk, og læra om tema ein sjølv synes er interessante.
 
 
Hva er det verste med å studere?
 
Stort pensum, vanskeleg å sortera ut kva som er viktigast – og for min del, vanskeleg å vera sjølvdisiplinert og strukturert.
 
 
Hvilke utested pleier du vanligvis å besøke når du er på byen?
 
Det varierer veldig, eg har eigentleg ikkje nokon fast plass eg pleier gå – men Zachen, Piren, Sjøboden, Scotsman og Kaos er gjengangarar.
 
 
Du kan velge tre mennesker - levende eller døde til din kollokviegruppe, hvem velger du og hvorfor?
 
Det må bli to av lærarane mine frå vidaregåande, samfunnsfaglærar Arne Andersen og engelsklerar Theresa Robberstad. Dei er fantastiske på kvar sine måtar, kunnskapsrike, engasjerande og inspirerande og gode diskusjonspartnarar. Så ville eg ha hatt med Endre Kvam, som var seminarleiar i begge faga eg tok i haust. Han er òg utruleg kunnskapsrik, velformulert og veldig flink til å læra frå seg!
 
 
Velg en sang som beskriver din livssituasjon akkurat nå.
 
Vanskeleg spørsmål, men eg trur eg vil seia Society av Eddie Vedder. Generelt kjenner eg meg att i skildringa av det almenn aksepterte grådige samfunnet i vår del av verda, noko eg òg relaterer til Hardangersaka. Det er eit umetteleg begjær etter stadig meir materiell rikdom som òg er drivkrafta bak dei store utbyggingane som Hardangermastene er ein del av. For utbyggarane har det aldri vore eit alternativ å diskutera moglegheitene for sparing framfor tilrettelegging for auka forbruk. Verdien i urørt natur som går tapt er ikkje eit tema. Samtidig som Noreg prøver å marknadsføra seg som eit fredselskande miljøland, investerer me i våpenindustri og held fram med utvinning av olje, gass, kol og oljesand – upåverka av den overhengande klimatrusselen. Eg trur alt kan sporast tilbake til grådigheita etter meir materiell rikdom som Society skildrar.
 
 
 
 


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: