(StudentTorget.no):

Hva var det som fikk deg til å bli engasjert i Studentparlamentet i Ålesund?

Eg har vorte oppdratt til å engasjere meg i det som skjer rundt meg, dersom eg har ei meining om korleis noko kan bli gjort, så nyttar det ikkje å berre sjå på eller kommentere det. Samstundes som eg har ein bror som på det tidspunktet var leiar i parlamentet på høgskulen i Bergen, det var nok og ein motivasjon. Så eg stilte til val og vart varamedlem i parlamentet. Etter dette vart engasjementet berre større og større, så det har eg aldri angra på.

Hvorfor valgte du å gå på talerstolen under immatrikuleringen av de nye studentene ikledd kjole?

Fordi mangfold og tilrettelegging er eit viktig tema som stadig vert meir aktuelt. Akademia opplevast for mange litt gammaldags, det er ein del prat og diskusjon om temaet, men mindre konkrete handlingar. Vi ynskja å understreke budskapet vi ville formidle for å sette det på dagsordenen, kjolen vart difor eit verktøy for å understreke det. Og vi er veldig glade for dei positive reaksjonane dette har skapt. Spesielt blant dei nye studentane som har uttrykt at dei sette stor pris på det.

Hva blir det viktigste arbeidet for deg i året fremover?

Det er mange tema som vil være veldig viktige og som eg vil jobbe mykje med, men eg vil trekke fram mangfald og tilrettelegging, samt samspel med arbeid- og næringsliv som tema eg tykkjer er veldig interessante.

Gjermund Kvernmo Langset holdt tale for de nye studentene i Ålesund iført en fotsid, svart kjole.

FOTO: Thomas Paulsen.

Hvordan er det å kombinere studiene med å være aktiv i organisasjonslivet?

For min del har det gått veldig greitt, det er klart det vart krevjande til tider når verv og frivilligheit vart meir interessant enn fag. Men ved å strukturere tida, litt mindre søvn og ein veldig forståingsfull samboar så gikk det fint. No er eg 100 % frikjøpt i vervet og tar litt fag eg finn interessante på sida, ein veldig fin situasjon!


Hva er det beste med å studere?

Eg vil seie det er moglegheiter. Ein har så mange moglegheiter til å lære om det ein interesserer seg for, til å drive med alle moglege aktivitetar og til å bli kjend med mykje fantastiske menneske. Det handlar berre om å gripe moglegheitene som kjem.

Hva er det verste med å studere?

Den økonomiske situasjonen er krevjande, det kan ha ein viss sjarm til tider, men det er veldig krevjande, både når det gjeld planlegging og det mentale i det heile. Samt at det er ein del sosiale forventningar, det er ofte tøft å leve opp til det som er forventa.

Hvilket utested pleier du vanligvis å besøke når du er på byen?

Det varierar, eg likar plassar der ein kan sitje å ha ein samtale utan å måtte rope, samt plassar der det er god musikk og ikkje det for mykje dunk.

LES OGSÅ: Marte er leder for Oslostudentenes idrettsklubb

Les også: 1 av 8 studenter opplever seksuell trakassering

Du kan velge tre mennesker – levende eller døde – til din kollokviegruppe, hvem velger du og hvorfor?

Bruce Lee, i tillegg til kampsportferdighetene var han en veldig reflektert mann og hadde et fascinerende syn på det meste i livet.
Jo Nesbø, multitalent, kunnskapsrik og framstår som en generelt bra fyr.
Nils-Arne Eggen, for en mann! Folkelig, ydmyk og open.

Velg en sang som beskriver din livssituasjon akkurat nå.

Mahogni – Flokka, er nok ganske beskrivende!