Humor

Du er her: StudentTorget / Studentliv / Humor

 

Blietzkrieg er det tyske ordet for Chuck Norris

Av: Willy Andre Bergstrøm

 

Den siste tida har ein ny farsott sveipa over vårt kjære internett. Er det enno eit morosamt bilete av ein katt som gjer noko dumt? Nei. Er det kanskje eit bilete av ein varebil med eit morosamt firmanavn som har køyrt på fjorden? Neppe.

 

Det er vår alles store helt, tilbake frå gløymsla.

 

Det er Chuck Norris.

 

 

 

 

Chuck Norris søv ikkje. Han ventar.

 

St.Petersburg Times, ei av Florida's største aviser, kan i desse dagar rapportere at over heile USA er eit nytt fenomen i ferd med å breie seg. Ungdom som aldri har sett ein Chuck Norris-film, eller opplevd ein episode av Walker: Texas Ranger, fortel mytene om mannen som aldri får juling. I kjent USA-stil skal nokon ha skylda for dette, og den havnar hos Ian Spector. Spector er førsteårsstudent ved Brown University, og har sidan sist sumar spreidd si samling Chuck Norris-fakta frå sida si, www.4Q.cc/chuck/.

 

Det er ikkje første gong Spector gjer eit stunt som dette. Han har tidlegare samla “fakta” om både Vin Diesel og Mr. T.

 

 

Chuck Norris refererer til seg sjølv i fjerde person

 

Dei yngre studentane ved skulen kan nok komme til å spørje seg sjølv; Kven er Chuck Norris?

Chuck Norris er den tøffaste av dei tøffe. Hardare enn Fantomet, meir super enn Supermann. Han har lenge vore personen alle skurkar fryktar.

 

... men det er på TV-skjermen.

 

Er han verkeleg så tøff? Kanskje ikkje no lenger, mannen er jo godt opp i 60-åra, men før film- og tv-karriæra var han ein av verdas hardaste kamsportutøvarar. Opp gjennom 60-talet vann han det meste av delstatsturneringer, nasjonale turneringer og internasjonale turneringer i karate for amatørar. I 1968 vart han verdsmeister i profesjonell mellomvektklasse, ein tittel han haldt heilt fram til han la opp i 1974. Han var ubeseira gjennom karrieren.

 

I 1997 vart han den første mannen nokonsinne frå den vestlige halvkula som fekk åttande grad av svart belte etter Tae Kwon Do systemet. Dette hadde aldri skjedd før i dei 4500 åra det har eksistert.

Han har også drive med ein del adrenalinsport, herunder offshore-racing. I 1991 vant han og laget hans, “Popeye Chicken” etter sponsoren, World Off Shore Powerboat mesterskapet.

 

På den sjuande dagen kvilte gud... Og Chuck Norris tok over.

 

Alt dette er totalt uinteressant. Alle veit at Chuck Norris er tøff. Han er mannen som fekk guttungar til å sjå TV-shop i håp om å få med seg den kule reklamen for Total Gym. Han er oppfinnaren av det geniale treningsapparatet BowFlex. Han er, ikkje minst, helten i Delta Force filmane.

 

Han er Chuck Norris.

 

Chuck Norris legg ikkje at meldinger på telefonsvararen. Han legg at åtvaringer.

 

pÅSSten vurderte ei stund å ta kontakt med Chuck Norris for å høyre kva følelser han har omkring det at løyndomane hans no ligg samla på nettet. Dette skauv vi fort frå oss, for Chuck Norris røpar aldri følelsane sine. Vi er også redde for at han skal verte lei av oss og sende oss ut i geostasjonær bane med eit rundspark. Om Chuck Norris spør har eg ikkje skrive noko av dette.

 

Kjelder.

 

Topp 100 Facts about Chuck Norris:

http://www.4q.cc/index.php?pid=top100&person=chuck

 

Chuck Norris Facts

http://www.chucknorrisfacts.com/

 

Chuck Norris official homepage:

http://www.chucknorris.com/

 

St.Petersburg Times

http://stpetersburgtimes.com/2006/02/03/
Worldandnation/Heard_the_one_about_C.shtml

 

Andre lenker:

 

Chuck Norris-vitsar

http://www.duckshit.com/chuck-norris-jokes/

 

Bilete av helten:

http://images.google.no/images?q=chuck+norris

 

Denne artikkelen er skrevet av redaksjonen i studentavisa Påssten ved Høgskolen i Ålesund. Påssten er ålesundsstudentenes egen avis og dekker studentliv og uteliv i Ålesund by. Gå til Påsstens nettsider!