Chuck Norris søv ikkje. Han ventar.

 

Chuck Norris refererer til seg sjølv i fjerde person. 

Dei yngre studentane ved skulen kan nok komme til å spørje seg sjølv; Kven er Chuck Norris?

Chuck Norris er den tøffaste av dei tøffe. Hardare enn Fantomet, meir super enn Supermann. Han har lenge vore personen alle skurkar fryktar.

... men det er på TV-skjermen.

Er han verkeleg så tøff? Kanskje ikkje no lenger, mannen er jo i 80-åra, men før film- og tv-karriera var han ein av verdas hardaste kamsportutøvarar. Opp gjennom 60-talet vann han det meste av delstatsturneringer, nasjonale turneringer og internasjonale turneringer i karate for amatørar. I 1968 vart han verdsmeister i profesjonell mellomvektklasse, ein tittel han haldt heilt fram til han la opp i 1974. Han var ubeseira gjennom karrieren.

I 1997 vart han den første mannen nokonsinne frå den vestlige halvkula som fekk åttande grad av svart belte etter Tae Kwon Do-systemet. Dette hadde aldri skjedd før i dei 4500 åra det har eksistert.

Han har også drive med ein del adrenalinsport, herunder offshore-racing. I 1991 vant han og laget hans, “Popeye Chicken” etter sponsoren, World Off Shore Powerboat-mesterskapet.


 

På den sjuande dagen kvilte gud... Og Chuck Norris tok over.

 

Alt dette er totalt uinteressant. Alle veit at Chuck Norris er tøff. Han er mannen som fekk gutungar til å sjå TV-shop i håp om å få med seg den kule reklamen for Total Gym. Han er oppfinnaren av det geniale treningsapparatet BowFlex. Han er, ikkje minst, helten i Delta Force- filmane.

 

Han er Chuck Norris.

 

Chuck Norris legg ikkje at meldinger på telefonsvararen. Han legg at åtvaringer.

 

Chuck Norris official homepage:

http://www.chucknorris.com/

 

Bilete av helten:

http://images.google.no/images?q=chuck+norris