Mektig, fyldig og akkurat litt for mykje. Campus testa ut den engelske frukosten der den høyrer heime – i moderlandet, nærare bestemt i London.
– Kva?! Serverer de ikkje engelsk frukost?
Det er nett blitt 2011; ein norsk journalist og ein engelskmann er på jakt etter engelsk frukost. Klokka har såvidt passert 12, men vi let ikkje dét stoppe oss. Den engelske varianten av frukost kan nemleg inntakast heile dagen, mektig som den er med sine egg, pølser, bacon og mykje meir. Det skal imidlartid vise seg vanskeleg å finne engelsk frukost i London. Vi strenar fort forbi den billege pubkjeda Wetherspoons, som serverer engelsk frukost til to pund, for smaken er som prisen: Billeg. Etter å ha vore innom tre ulike pubar (den tredje gikk vi inn på etter å ha sett "English breakfast" annonsert i vinduet, berre for å få lattermildt i ansiktet at "Yes, we serve English Breakfast Tea") finn vi Canteen, ei av dei hippaste og mest erkeengelske restaurantkjedene i London akkurat no, midt i hjartet av Spitafields Market i aust. Vi bestiller kvar vår Full English Breakfast til 8.50 pund.
Kantine
|
For gruvearbeidarane
Britisk mat, ofte sett ned på og servert med eit bad av feitt, opplever tydelegvis ein renessanse. Tidlegare utskjelt og assosiert med slitne sjapper og fotballpubar, er den no blitt eit heilt naturleg innslag i dei hippe kunstnarnabolaga i Aust-London.
Den engelske frukosten er ein god ambassadør for britisk mat, med sin perfekte miks av grønnsaker, toast, egg og kjøt. Litt i det meste laget til kvardags, men akkurat passe for ein søndagsbrunsj. Det vert sagt at den oppstod som eit måltid for alle gruvearbeidarane i Storbritannia som trengde skikkeleg kost for å halde ut i gruvene heile dagen.
Diskusjon rundt bønene
Du kan alltids la deg inspirere og gå for berre egg, pølse og toast, og utelate resten. Men ein ekte Full English inneheld dette: Tomatar, toast, sjampinjong, pølse, bacon og eggerøre eller eit posjert egg. I nokon variantar får ein også ei skive blodpølse (!), og i den irske varianten dessutan ei potetkake. Nokre plassar kan du heilt sikkert få servert bøner til, men dette er det litt diskusjon rundt. After all, bønene kom jo frå Amerika til England, og er sett på som intet mindre enn ein manifestasjon av amerikansk imperialisme.
LES OGSÅ: Gyros, pizzasnurrer, asiatisk laks, kjøttkaker, kylling i karri
Med te
Uansett står den engelske frukosten i sterk kontrast til den kontinentale, som består av yoghurt, croissantar og müsli. Eller den norske, for den saks skuld, med to brødskiver med brunost og eit glas mjølk.
Til frukosten høyrer med ein stor kopp med "builder's tea". Dette namnet kjem frå den sterke, billige teen som ofte blir drukken av bygningsarbeidarar når dei har pause. Som regel English Breakfast Tea eller liknande, servert i ein stor kopp med mjølk og litt sukker. I 1916 skreiv ei arbeidsforeining at “ei tepause er sett på som bra både for helse og arbeidseffektivitet.” Om dette stemmer veit ein ikkje, men at teen er ein obligatorisk accesoir til frukosten er sjølvsagt. Og så må ein ha ein dæsj med den karakteristiske britiske “brown sauce” eller ketsjup på toppen. More is more.
Ærleg, som engelskmennene
Den engelske frukosten er heller ikkje vanskeleg å lage heime. Kunsten er å få alt ferdig samtidig, slik at alt er varmt når du serverer den. Perfekt for dagen-derpå eller dersom du vil overraske kjærasten med ein god frukost.
Giles Coren, restaurantkritikar i The Times, hevdar småironisk i ein artikkel frå 2008 at "det er nesten ei nasjonalistisk kjensle knytt til den tradisjonelle engelske frukosten. Franskmennene har sin croissant og kaffi, grekarane sin fetaost og sine olivenar, men vår morgontallerken er ærleg og skinande og rosa. Akkurat som oss."
Kjelder: The Times, Wikipedia.
Oppskrift: Full English Breakfast |
Ingrediensar
Slik gjer du: Vask sjampinjongane og krydre dei med salt og pepar før du har litt olivenolje over. Plasser dei med stilken opp på steikjepanna og steik i 1-2 minutt før du snur dei og steikjer dei i 3-4 minutt. Ikkje beveg dei rundt når du steikjer dei, då forsvinn den naturlege safta som er i sjampinjongane og dei blir tørre. Kutt tomatane i to, krydre dei med salt og pepar og ha litt olivenolje over dei. Steik utan å røre dei i 2 minutt. Snu dei rundt og krydre dei på den andre sida. Steik i nokre minutt til, til tomatane er mjuke, men framleis har formen sin. Del blodpølsa i 3-4 skiver og fjern skinnet. Steik i ca. 2 minutt på kvar side til dei er sprø. For å få den beste toasten er det best å steikje brødskivene i ei anna steikjepanne. Bruk gjerne litt gamalt brød. Varm steikjepanna til medium varme og dekk den med olje. Legg i brødskiva og steik i 2-3 minutt på kvar side til den er skikkeleg "toasta". Om steikjepanna blir for tørr, ha i litt meir olje. Om du vil ha ein rikare smak har du i litt smør etter at du har snudd brødet. Så steikjer du egget. Ha det rett i steikjepanna med toasten og la det vere i eit halvt minutt. Ha i ei spiseskeid med smør og bland egget lett med smøret når det har smelta. Når alle ingrediensane er steikt, server på varme tallerkenar og et med det same med ein god dæsj ketsjup eller “brown sauce” på toppen. Tips: For den beste engelske frukosten, kjøp alltid pølser med høgt kjøtinnhald. Kjelde: BBC Food (oversatt til norsk av journalisten) |
Denne artikkelen er også trykket i Studentmagasinet Campus.