Årets søkjetal har sett ny rekord i Noreg. Aldri før har så mange unge søkt seg til universitet og høgskular. Kampen om plassane er tøff, og sommarmånadene er ei avgjerande tid for mange.

Men det er ikkje alle som ønskjer å flytte til storbyen eller sitje på lesesalen.

Stadig fleire vidaregåande skular, universitet og høgskular tilbyr i dag studium på Internett. Eksempel på dette er BI, NTNU og Folkeuniversitetet.

I tillegg, finst det nettbaserte studieportalar som NKI Nettstudier og NKS Nettstudier (nå del av Kristiania Høgskole). Desse samarbeider gjerne med lærestadene for å kunne tilby offentleg godkjende kurs og utdanningar.

NKI Nettstudier sin nettskule har per i dag kring 12 000 registrerte studentar. Her finst det likevel alltid ledige plassar.

NKI samarbeider med fleire høgskular i Noreg, i tillegg til mellom anna Berghs School of Communication i Sverige.

NKS Nettstudier vart stifta i 1914, og er i dag godkjend som offentleg nettskule hjå Kunnskapsdepartementet. Dette fører med seg fleire kvalitetskrav for fjernundervisning.

Eitt sentralt krav til slik undervisning er at studenten heile tida skal ha høve til å vere i kontakt med sin studierettleiar. Dette for å sikre både fagleg og sosial oppfølging gjennom heile studieløpet.

 

 

Flere fordelar

Fleksibilitet og valfridom er nøkkelord, når studietilbodet på nett skal presenterast.

Dette var også avgjerande for Ingrid Grimsmo (23), då ho i fjor vår valde å ta eit kurs i bedriftsøkonomi gjennom BI Nettstudier.

– Eg heldt på med ein bachelor i samfunnsøkonomi, og skulle ta til på mine frie studiepoeng. Eg hadde då teke alle dei relevante faga ved universitetet, men sakna den bedriftsøkonomiske delen.

Ingrid fekk høyre av venninner at BI sitt nettbaserte kurs var både ryddig og greitt, og bestemte seg difor for å bli nettstudent. Det har ho ikkje angra på.

– Forelesaren i faget var den mest pedagogiske eg har hatt. Han svarte alltid på spørsmåla mine med ein gong.

Ein annan fordel ved nettstudium er at kursa som regel har studiestart kvar dag. Ein kan også velje mellom vidaregåande opplæring, høgskuleutdanningar og meir kortvarige, yrkesretta utdanningar.

Du får høve til å studere når du vil, og same kvar du oppheld deg.


 

Disse tilbyr nettstudier i 2011

- Handelshøyskolen BI

- NKS Nettstudier (nå Kristiania Høgskole Nettstudier)

- NTNU

- eCademy

- Folkeuniversitetet

- NKI Fjernundervisning 

 

Viktig å vere oppmerksam

Stort sett alle høyskoler og universiteter har samme tilbud om nettstudier tilgjengelig.

Dei fleste nettstudium har individuell progresjon, der ein kan bestemme sitt eige tempo innanfor det tidsrom ein har studierett.

Dersom du melder deg på eit kurs med felles progresjon, vert du i staden med i ein nettklasse med eit tidsbestemt opplegg.

Korleis kurset ditt er lagt opp, undersøkjer du på nettsida til studiestaden. Eksamensform og -stad varierer også frå kurs til kurs, så det er viktig å vere oppmerksam.

Ingrid sine erfaringar med opplegget til BI Nettstudier er positive.

– Det var små, frivillige innleveringar gjennom heile semesteret. Desse kunne ein levere og få tilbakemelding på om ein ønskte. Men eg følte aldri noko press frå nokon.

Sjølv hadde ho avsluttande eksamen i Bergen, der ho bur, og seier det gjekk for seg akkurat som ein vanleg eksamen.

 

Finansiering

Du kan få støtte til nettstudium gjennom Lånekassen, så sant studiet oppfyller visse krav. Det må mellom anna vere ved ein norsk lærestad og ha minimum 50% studiebelastning (tilsvarande 15 studiepoeng pr. semester ved høgare utdanning).

Liste over utdanningar som er godkjent for støtte finn du inne i Lånekassen sin nettsøknad. Du bruker nettsøknaden for høgare og anna utdanning.


 

Eigeninnsats

Den fridomen du kan oppleve som nettstudent er sjølvsagt ikkje uavgrensa. Også individuell progresjon krev motivasjon og eigeninnsats.

Ingrid Grimsmo understrekar dette:

– Å studere på nett er veldig strukturbasert, og det passar nok ikkje for alle. Du får mykje att for å arbeide jamt heller enn å ta eit skippertak når eksamen nærmar seg.

– Og hugs å bruke nettforelesaren din, det er utruleg greit!