Med sine 16 millionar innbyggarar utgjer Kairo ei stor kontrast kontrast til Noreg. Korleis taklar Oslo-studenten Hans studiekvardagen i Afrikas største by?

 

 Fakta om Kairo:


• Hovudstad i Egypt, og Afrikas største by (14,5 millionar med forstader).

• Grunnlagt av det fatimidiske Kalifatet i 969.

• Ca. 40 % av Egypts industribedrifter samla her.

• Meir enn 350,000 fødde born kvart år

• Nesten 50% av innbyggarane er under 20 år.

– Å bu i Egypt gir nye perspektiv på vanlege fenomen som sekularisme, ateisme, seksualitet og religion, seier Hans Skjong, utvekslingsstudent frå Universitetet i Oslo.

Han har budd i Kairo i 3 månader, og tykkjer landet både er kontrastfylt og den rake motsetnaden til Noreg.

– Det er fascinerande å sjå ei kvinne i niqab stå i kø på H&M i eit kjøpesenter som får Oslo City til å sjå ut som ein 7-eleven. Dessutan er overgongen frå sekulære Noreg stor. Det mest påfallande er bønneropa frå minaretane, bruken av religiøse uttrykk i dagligtalen, og koranen ein ser på dæsjbordet i drosjane, fortel den norske studenten.

 

 

Annerledes undervisning

 

Skjong studerer ved det amerikanske universitetet i Kairo (AUC). Her får han både innblikk i den amerikanske universitetskulturen, og andre internasjonale studentar.

I Noreg studerer Skjong statsvitskap og samfunnsøkonomi, men ved det Amerikanske universitetet i Kairo (AUC) tek han både psykologi, kriminologi og arabisk. Han ser tydelege skilnader i korleis undervisninga er lagt opp.

– Relasjonen mellom professor og studentar er langt tettare. Eg har maksimalt 25 medstudentar i kvart emne her, i motsetnad til innføringsemna ved UiO, som kan ha opptil 500 studentar. Forelesaren ser kvar einskild, og ein kjenner seg ikkje lenger berre som eit kandidatnummer i den store, grå Blindern-massa av statsvitskapsstudentar.

Ein unngår også eksamenspresset så altfor mange UiO-studentar kjenner mot slutten av semesteret, for evalueringsformene er spreidd utover halvåret. Den endelege karakteren er basert på fire eller fem evalueringsomgangar, fortel Skjong.

AUC tilbyr eit kort arabisk språkkurs til alle studentar, noko Skjong tykkjer var ein nøkkel til å få innblikk i kulturen.

– Å kunne språket er ikkje naudsynt for å føle seg inkludert i samfunnet, men viser ein at ein kan litt arabisk, møter ein meir velvilje. Å vise at ein prøver å nærme seg Egyptarane på deira premiss, gjer at ein kjem mykje lengre.

– Utsjåandemessig gjer det blonde håret og dei blå auga at egyptarane som regel lirar av seg dei engelske glosene dei kan når dei ser meg. Når eg då prøvar meg på arabisk, humrar dei som regel litt, og det skal ikkje mykje til før ein får høyre at ”You speak arabi very good”.

 

 

Stor, men trygg by

 


På egne ben: Hans føler seg trygg i Kairos gater.

Kairo er med sine rundt 16 millionar innbyggarar den største byen i Afrika, og enkelte bydelar har fire til fem gonger innbyggartalet til heile Oslo Kommune. Slike massive storleikar kan tenkjast å verke overveldande på isolerte skandinavar. Skjong hevdar likevel ein får ei varm mottaking som nordmann i Egypts hovudstad.

– Folk her er vennlege, og dei er kjent for sin humoristiske sans. Til trass for ei meir konservativ vriding dei seinare åra, har Kairo sett sterke innslag av vestleg kultur. Kombinasjonen hijab, Levis og Converse-sko er ikkje sjeldan, og det generelle inntrykket er at vestlege blir varmt tekne imot. Turistar er navet som mogleggjer det egyptiske hjulets framdrift, seier den norske studenten poetisk.

Til andre norske studentar som lurar på å studere i den arabiske byen, har han ein tydeleg bodskap.

–  Ein føler seg veldig trygg her, Kairo har trass storleiken veldig liten kriminalitet, og sjølv i trange, mørke bakgater har eg aldri følt meg utrygg. Den muslimske kulturen gjer jo at Egypt også er ein ypparleg stad å dra til dersom ein er lei av norske studentars festkultur og alkoholforbruk. Korkje AUC eller Kairo kan på noka måte reknast som skummelt – til det er medstudentane, egyptarane og dei utenomfaglege sosiale tilboda for gode og inkluderande, avsluttar Hans Skjong